– Rådgivarane mine seier: «Godstoget må du gløyme». Men no har eg kasta budsjettet i Romsdalsfjorden, seier Henning Aandal.
Midt under koronaen starta han opp godstog frå Åndalsnes med slikt som fisk, post, brus, vin – og gass til sjukehusa. Kvart døgn erstattar toga 500 lastebilar gjennom Noreg.
Slikt gir reduserte køar og utslepp.
Men så byrja bruene å kollapse i Gudbrandsdalen.
Henning Aandal i Onrail sjekkar bremsene på eit godstog på Alnabru.
Foto: Kjartan Rørslett / NRKKnekte bruer
Først knakk ekstremvêret «Hans» ei jarnbanebru ved Ringebu. Det gav ni månader med stengt jarnbane.
Eit halvt år etter at banen opna igjen, i januar i år, rauk Otta bru etter det fleire ingeniørar har kalla totalt feilslått sikring av Bane Nor.
– Det har vore ei krise for infrastrukturen på jarnbanen. For oss som privat aktør har den siste stenginga av Dovrebanen ført til tap av inntekter på 1,6 millionar kroner kvar veke. Det er ganske heftig for eit selskap, seier Henning Aandal i OnRail.
Til saman eit tap på 17 millionar.
I tillegg har dei måtte slåst mot statlege selskap for å få tilgang til verkstad for å fikse øydelagde vogner, i det Jernbanetilsynet slo fast var diskriminering.
– Kjempeurettferdig
– Me opplever å stå ganske aleine, og får inga erstatning etter at Dovrebanen har vore stengt, seier godstog-gründer Henning Aandal.
Han fortel at dersom ein togførar tabbar seg ut og kanskje skadar ein sporveksel eller liknande, så får togselskapet ein faktura på ein kvart million frå Bane Nor. Men om det statlege selskapet altså tabbar seg ut slik at elvestraumen grev ut festet til ei bru og banen blir stengt – blir det null erstatning den andre vegen.
– Det er jo kjempeurettferdig, meiner Aandal.
Togselskapa som fraktar folk får derimot behalde dei statlege inntektene, i tillegg til økonomisk støtte til «buss for tog», seier han.
– Kundane våre hopper over på lastebil med ein gong. Da er det null kroner i inntekt, medan me framleis må betale løn og har kontraktar på leige av lokomotiv, vogner og truckar.
Før brukte landstrykarar godstogene til transport. I dag er det mest frakt av post og varer.
Foto: Leif Johnny Olestad / OnrailBane Nor
På spørsmål om den øydelagde Otta bru og om det ikkje hadde vore rett med erstatning til selskap som driv godstog, svarar Bane Nor:
«Gods på bane er viktig for både sikkerhet og miljøet; ett godstog erstatter 30 lastebiler. Bane Nor jobber for å holde sporene åpne så mye som mulig og finne gode løsninger på reparasjoner av ødelagte vogner for at det skal bli mest mulig gods på jernbanen.»
Selskapet (med ti kommunikasjonsdirektørar) peiker også på at det er opp til Jarnbanedirektoratet å endre på reglane for kompensasjon.
– Siste sjanse
Likevel har det private selskapet no altså bestemt seg for å starte opp langs Raumabanen for tredje gong.
Dagleg leiar Aandal trur at om dei gir opp, så kjem godstoget aldri tilbake på Raumabanen. Han håpar at ekstremt vêr ikkje igjen skal stanse den klimavenlege frakta.
– Det er ingenting som er så vakkert som eit fullasta godstog. Det trur eg også mange tenker av dei som skal til eller frå jobb eller hytta, og ligg bak desse trailerane, seier togentusiasten.
Publisert 15.04.2025, kl. 16.04