23 nye kjendisar er klare for «Forrædar»

4 hours ago 3



Spennet er stort når alt frå ein olympisk gullmedaljevinnar i roing til influensar Sophie Elise Isachsen rykker inn i Midtåsen for å delta i sjåarsuksessen «Forrædar».

Programmet går inn i sin femte sesong til hausten. Programredradaktør i TV 2, Trygve Rønningen, fortel at sesongen startar med eit smell.

– Den femte sesongen vil overraske både spelarane og sjåarane frå start. Vi lovar nådelause tvistar ein aldri før har sett i «Forrædar», eit enda meir kaldhjartet spelmeister og oppgåver som set spelarane på større prøver enn nokon gong, seier han i ei pressemelding.

Som vanleg er det Midtåsen i Sandefjord som er staden der forrædarane skal «drepe» om natta, og det skal kjempast om sølvbarrar på dagtid.

– Eg har ikkje noka peiling på korleis dette kjem til og kjennest på kroppen, og det kan hende at det blir veldig mykje verre enn det eg ser for meg. Men samtidig så liker eg å spele sosiale spel, seier influensar Sophie Elise Isachsen, som er blant deltakarane, til TV 2.

OL-vinnar Olaf Tufte har store planar for deltakinga si.

– Eg har levd av å vere strategisk praktisk over tid. Så eg får håpe det kjem til si nytte, eg har ein plan om å overleve. Ein er jo med for å vinne, om ikkje er det ikkje noko poeng å delta.

I tillegg til desse to, ser lista over deltakarar slik ut:

  • Aina Thunem, kroppspråksspesialist og mentaltrenar
  • Andras Holck, eigedomsmeklar og gift med Kathrine
  • Bertine Zetlitz, artist
  • Ellen Horn, tidlegare politikar og skodespelar
  • Espen Abrahamsen, komikar
  • Harald Bredeli, kommentator
  • Henrik Holm, skodespelar
  • Ida Broen, influensar og kreativ konsulent
  • Johan Færaas, youtubar
  • Kathrine Sørland, moteprofil og podkastar
  • Leah Behn, influensar og gründer
  • Markus Bailey, programleiar
  • Morten Sandøy, nyheitsanker
  • Rasmus Wold, komikar
  • Siri Avlesen, programleiar
  • Sval Rosenløw Eeg, artist og journalist
  • Tor-Håkon Gabriel Håvardsen, gravferdsagent og forfattar
  • Trine Dehli Cleve, dansedommar og tidlegare dansar
  • Trygve Bennetsen, influensar
  • Tuva Fellman, programleiar
  • Vebjørn Selbekk, redaktør

(NTB)

Publisert 09.06.2025, kl. 09.03

Read Entire Article