Stål (78) vart bitt av flått - fekk virus og døyde

1 month ago 21



– Han var sprek, trente og var spinninginstruktør. Han gjekk på turar i skog og fjell, og hadde mange gode år føre seg.

Bente Dysthe fortel om sambuaren Stål Bye, som for snart to år sidan vart den første i landet til å døy av eit flåttbit.

Den pensjonerte politimannen brukte mykje tid i skog og mark ved hytta i Tveidalen i Larvik.

Det er truleg her han sommaren 2022 vart biten av flått, som hadde viruset skogflåttencefalitt (TBE).

Bente Dysthe

Bente Dysthe, og dei tre borna til Stål Bye, vil fortelje om kjærasten og faren sin, slik at fleire forstår farane ved flåttbit.

Foto: Christian Ziegler Remme / n18575

Kjente seg dårleg - hamna i koma

Dysthe seier 78-åringen ein kveld kjente seg dårleg, var kvalm og kasta opp.

Morgonen etter var han betre, og Dysthe reiste på jobb.

– Men så fekk eg ein telefon frå naboane. Dei hadde funne Stål liggande på plenen, fortel ho.

Bye vart sendt til sjukehus, der han fekk høg feber og var ute av stand til å bevega seg.

– Han hadde hjernebetennelse. Det lammar heile sentralnervesystemet. Neste dag gjekk han i koma, fortel Dysthe.

Stål Bye og hunden.

Bye sin hund, Pia, var alltid med på tur, fortel sambuaren.

Foto: Privat

Ho, og dei tre vaksne borna til Bye, fekk beskjed om at han hadde TBE-viruset.

Etter nesten fire veker i koma, vakna han opp igjen. Men familiemannen blei aldri heilt bra. Han var desorientert, forvirra og hadde det framleis vanskeleg med å bevega seg.

– Etter 11 veker på sjukehus sa lungene hans stopp, og han døydde, fortel Dysthe.

Stål Bye

Sambuaren seier Bye ikkje hadde nokre underliggande sjukdommar som kunne forverra sjukdomsforløpet.

Foto: Privat

Fleire tilfelle – og fleire vaksinerte

Det har aldri før vore kjent at nokon har døydd som følge av eit flåttbit i Noreg.

Dei siste åra har FHI rapportert om langt fleire tilfelle av viruset TBE.

Medan det i 2016 berre var 12 tilfelle, var det i fjor registrert 113 smittetilfelle.

Samstundes er det fleire og fleire som vel å vaksinera seg mot viruset, som i all hovudsak finst langs kysten på Sør- og Austlandet i Noreg.

I Vest-Europa er det uvanleg å døy av viruset. Rundt ein prosent av dei som får det, mistar livet, ifølge FHI.

Ny forsking: Mange får hjernebetennelse

Viruset gjev truleg som oftast ingen symptom, men dei som blir sjuke kan ha feber og smerte i hovudet og kroppen og etter kvart bli alvorleg sjuke.

– Mange får fyrst same plager som ved influensa, forklarar Hilde Skudal.

Hilde Skudal

Skudal har leia forskingsprosjektet om TBE-smitta i Noreg.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Ho er overlege på infeksjonsavdelinga ved Sykehuset Telelemark og har leia eit forskingsprosjekt på TBE i Noreg, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Sykehuset Telemark, Vestfold, Sørlandet og Oslo universitetssjukehus. Nyleg publiserte dei ein rapport med funna.

Dei fann at heile 70 prosent av dei som var innlagde med TBE fekk hjernebetennelse.

– Det kan vera alvorleg og farleg. Me har pasientar som blir kobla til respirator og pasientar som er plaga i lang tid etterpå, seier Skudal.

Vaksine gjev best vern

Forskinga tok utgangspunkt i 153 pasientar som var innlagd med TBE mellom 2018 og 2022.

Ifølge Skudal fann dei ingen forskjell på alder, men at kvinner oftare enn menn blir meir alvorleg sjuke. Det står i kontrast til funn i andre europeiske studiar, men ho understrekar at det kan ha noko med storleiken på undersøkinga å gjere.

Ho seier vidare at personar med underliggande sjukdommar, kan ha høgare risiko for å bli alvorleg sjuke av viruset.

Ein stor andel av disse sjukdommane var lettbehandla tilstandar som høgt blodtrykk og lette allergiar. Det understrekar viktigheita av å vaksinera seg uansett alvorsgrad av underliggande sjukdom.

Dei ser også at viruset no spreier seg langs kysten i Noreg.

– Korleis kan ein beskytte seg mot dette viruset?

– Vaksinasjon. Utan tvil, svarar Skudal og legg til at ein også kan beskytte seg mot flåttbit generelt ved å kle seg ved heildekkande klede, eller bruke insektmiddel.

Kartet viser ei oversikt over kor i Noreg det vart registrert flest tilfelle av TBE-smitte i 2023.

Sambuar: – Vaksinar deg

Vaksinen mot TBE har få eller ingen biverknadar, og god effekt, forklarar Skudal. Vaksinen kan bli sat på dei fleste apotek i landet.

Likevel kan den vera kostbar, då den ikkje er inkludert i vaksinasjonsprogrammet i Noreg.

Dysthe fortel at sambuaren ikkje hadde tatt vaksinen før han vart sjuk.

– Eg vil fortelje om det som skjedde med Stål for å rette søkelys mot farane ved flåttbit.

Ho oppmodar alle som ferdast i dei hardast råka områda til å vaksinera seg mot viruset.

– Det er ei billig forsikring, seier Dysthe.

Publisert 01.06.2024, kl. 17.27

Read Entire Article