Arbeidsløysa i Nordland har halde seg stabil gjennom hausten. Det opplyser Nav Nordland i ei pressemelding.
Ved utgangen av november er det 1 780 heilt ledige personar i Nordland, tilsvarande 1,4 prosent av arbeidsstyrken.
I november vart det lyst ut 1 522 ledige stillingar, ein auke på 3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Over 30 prosent av stillingane er innan helse, pleie og omsorg.
– Det er positivt at stillingsmarknaden ikkje ser ut til å kjølne, og at det framleis er gode moglegheiter for arbeidssøkarar i Nordland, seier Cathrine Stavnes, direktør ved Nav Nordland.
Nordland har nest lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent, berre slått av Troms. Landsgjennomsnittet er 2,1 prosent.















English (US)