SSB: Kraftig auke i grensehandelen så langt i år

1 month ago 15



Frå januar til og september i år har nordmenn grensehandla for 8,1 milliardar kroner.

Det er ein auke på 18 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser tal frå SSB.

I snitt brukte nordmenn 2060 kroner per dagstur over grensa. Det meste av pengane har gått til mat- og daglegvarer.

– Vi har brukt meir pengar på grensehandel dei ni første månadane av året samanlikna med same periode i fjor. Vi handlar stort sett dei same varene, seier seniorrådgjevar Guro Henriksen i SSB i ei pressemelding.

Read Entire Article