– Dei senkar ein fregatt midt på fiskefeltet. Det er hårreisande.
Det seier fiskar Inge Eide frå Torsken på Senja til NRK-programmet Helgemorgon.
I september brukte Forsvaret to utrangerte fregattar som bombemål under øvinga «Eiger» i Andfjorden mellom Andøya og Senja. Den eine, KNM «Trondheim», blei senka på rundt 1000 meters djup.
Den andre, KNM «Bergen», blei senka på berre 125 meters djup, midt på fiskefeltet Svengrunnen.
Fiskarane i området har reagert kraftig, og Fiskeridirektoratet har offentleg gått imot Forsvarets versjon av saka.
No viser det seg at heller ikkje regjeringa sat med heile bildet då øvinga blei gjennomført.
– Meir informasjon kom først i etterkant
I forkant av øvinga signaliserte Miljødirektoratet at utslepp frå skyteøvingar blir rekna som «vanleg forureining», og derfor kan får fritak frå søknadsplikt, så lenge det skjer på ein eigna stad.
Andfjorden er kjent som ein rik fiskefjord. Her jakter knølkval på sild.
Foto: Kenneth PettersenI dag seier Klima- og miljødepartementet at dei først i ettertid fekk meir detaljert informasjon om kva som faktisk skjedde.
– I etterkant av øvinga har det kome fram meir informasjon om talet på skip som blei senka, og vidare om kor dette skjedde, skriv statssekretær Kristoffer Hansen (Ap) i ein e-post til NRK.
Kristoffer Hansen
- Statssekretær i Klima- og miljødepartementet
No varslar departementet ein full gjennomgang.
– Det bør blant anna bli vurdert nærare om senkinga skjedde på ein eigna stad, i tråd med føringane Miljødirektoratet gav gjennom kontakten sin med Forsvaret.
– Korleis kunne dette skje?
Saka er også løfta inn i Stortinget.
Stortingsrepresentant frå MDG, Siren Julianne Jensen har stilt eit skriftleg spørsmål til klima- og miljøministeren der ho ber om ei vurdering av om senkinga på Svengrunnen var i strid med forureiningslova.
Jensen reagerer blant anna på at Miljødirektoratet gav unntak frå søknadsplikt utan å vite kor skipet skulle søkkast. Ho peikar også på at direktoratet bad Forsvaret «avklare eigna lokalitet» med kommune og statsforvaltar, noko som ikkje blei gjort.
Jensen meiner ein hundre meter lang fregatt midt i eit fiskefelt umogleg kan kallast «vanleg forureining».
Siren Julianne Jensen i MDG har stilt spørsmål i Stortinget om lovlegheita av fregatt-senkinga. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) svarer at regjeringa nå vurderer saka på nytt.
Stortinget og Milana Knezevic / NRKI sitt svar til Stortinget bekreftar klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) at ny informasjon no tvingar fram ein ny gjennomgang:
«I etterkant har det på enkelte punkt kome fram ny informasjon om omfanget og konsekvensane. I lys av dette vil det no bli gjort ei nærare vurdering av forholdet til forureiningslova.»
– Ei ordentleg felle
For fiskar Inge Eide er det lita trøyst at departementet no ser på saka på nytt. Han har fiska med line på Svengrunnen i 30 år.
– Alle fiskefelta er viktige, men vi har rodd med lina her i 30 år. Det er ikkje berre vi som ror med line, det er garn, snurrevad og alt det her, seier Eide.
I NRKs Helgemorgen-sending søndag møttest fiskar, forskar, Forsvaret og Fiskeridirektoratet for å diskutere senkinga av KNM Bergen.
Han fryktar at fregattvraket vil gjere feltet både farleg og kostbart å bruke for fiskarane.
– Det her kjem til å bli ei ordentleg felle. Garn, line og snurrevad kan sette seg fast og bli slite sund. Vi har ikkje råd til å miste bruk på eit vrak som Forsvaret har dumpa her, seier han.
Eide fryktar såkalla spøkelsesfiske, der tapt reiskap blir ståande å fiske og drepe i årevis.
– Om du hiv søppel på havet, blir du nesten nakkeskoten. Men Forsvaret kan dumpe ein fregatt midt på fiskefeltet. For meg verkar dette som grov aktløyse, seier han, og fortel at han vurderer å melde Forsvaret.
Havforskar: – Veldig naturrikt og sårbart område
Havforskingsinstituttet bekreftar at Svengrunnen og områda rundt er blant dei mest sårbare havområda vi har.
– Dette er eit viktig gyte- og oppvekstområde for fisk, blant anna skrei, seier forskingssjef Frode Vikebø.
Frode Vikebø
- Forskningssjef ved Havforskningsinstituttet
Han beskriv området som ein biologisk nøkkelregion, prega av sterke straumar og næringsrike vassmassar. Like sør for der senkinga skjedde, ligg dessutan Steinarværrevet, eit av Noregs flottaste korallrev.
– Den største risikoen er vrakrestar som kan rive sund fiskereiskapar. Det kan gi spøkelsesfiske, og det er noko ein svært gjerne vil unngå. Arealet langs kysten er under sterkt press, og slike øvingar krev nøyare vurderingar, seier Vikebø.
Fiskeridirektøren: – Forklaringa halde ikkje vatn
Forsvaret har tidlegare sagt at plasseringa skjedde i samråd med Fiskeridirektoratet.
Dette avviser fiskeridirektør og tidlegare forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
– Forklaringa som først kom, heldt ikkje vatn. Det blei sagt at vi hadde anbefalt dette, det har vi ikkje, seier Bakke-Jensen.
Frank Bakke-Jensen
Han seier direktoratet eksplisitt åtvara mot nettopp denne lokasjonen.
– Om dei gjorde det der, ville denne delen av fiskefeltet vere permanent sperra for mange bruk og fiskarar. Det sa vi tydeleg frå om, seier han.
Forsvaret: – Strengt nødvendig å teste våpena
Sjøforsvaret forsvarer likevel avgjerda om å senke KNM «Bergen» nettopp her.
– Eg har stor forståing for at enkelte kan oppleve dette som unødvendig. Men det er viktigare enn på lenge å sikre truverdig avskrekking. Då må vi teste våpena våre, seier sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal.
Oliver Berdal
Han peikar på at Forsvaret fekk tildelt eit avgrensa område innanfor testfeltet.
– Fartøyet var miljøsanert. Det brekte i to og ligg konsentrert på eit område på omtrent 100 meter i diameter. Posisjonen er meld inn til Sjøkartverket og BarentsWatch. Det er ingen grunn til å sette bruk rett på vraket, seier Berdal.
– Vi beklagar overfor fiskarane at det måtte gjerast der. Men det var strengt nødvendig, seier han.
Ingen løftar om opprydding
Fiskarar, lokalpolitikarar og miljøorganisasjonar har kravd at vraket blir fjerna.
Forsvaret avviser dette.
– Vi har ingen planar om å fjerne vraket, seier Berdal.
Klima- og miljødepartementet vil ikkje svare på om ei eventuell ulovleg senking vil utløyse krav om heving eller opprydding.
– Det er for tidleg å seie noko om kva oppfølging dette vil ha. Vi må først vurdere saka nærare, skriv Hansen.
Fisker Inge Eide på Senja har lita tru på at noko skjer.
– Det rette hadde vore å heve båten eller flytte han. Men det trur eg aldri kjem til å skje, seier han.
Hei!
Takk for at du leste saken.
Har du sett noe som burde vært fortalt? Noe du lurer på, reagerer på – eller bare tenker at vi burde vite om?
Publisert 04.12.2025, kl. 16.52
















English (US)