Du spør ChatGPT om kva du skal ha til middag, og ber han tilpasse oppskrifta di med fleire ingrediensar. Men ChatGPT er tørst.
Mens du forsøker å finne ut kva du skal bruke gulrøtene i botn av kjøleskapet til, treng KI-roboten vatn for svare på spørsmåla dine.
Samtidig som KI-robotar er verktøy som kan finne løysingar på klimakrisa, bidreg dei også til å forverre ho.
– Det er noko med å sjå på at selskapsleikane si tid er slutt, at dette ikkje er eit leikeverktøy, seier Leonora Bergsjø, som forskar på digital etikk.
Tørste datasenter sluker vatn
Det er generativ kunstig intelligens som gjer det mogeleg for deg å få bilete og tekst i ein samtale med språkmodellar som ChatGPT.
For å finne ut neste ord i ei setning må ein stor språkmodell gjere veldig mange utrekningar.
Denne teknologien blir som alt anna på internett lagra på serverar.
Serverane høyrer heime på datasenter over heile verda.
Datasentera bruker mykje energi, og treng vatn for å kjøle ned serverane.
Ei spørsmålsrekke på fem til 50 spørsmål til ChatGPT kan fordampe ein halv liter vatn.
Det seier den amerikanske KI-forskaren Shaolei Ren til NRK.
Estimatet inkluderer indirekte forbruk av vatn som selskapa ikkje målar, som til dømes kjøling av kraftverka som forsyner datasentera med straum.
Mengda vatn som fordampar kjem an på kjøling, klima og energikjelde. Eit datasenter i Arizona brukar til dømes meir vatn på å kjøle ned serverar enn eitt i Noreg, under elles like forhold, ifølge Ren.
Shaolei Ren
Førsteamanuensis i elektro- og datateknikk ved University of California, Riverside.
– Men me har ikkje eit klart bilete av KI sitt verkelege vassfotavrykk grunna manglande openheit, seier han.
Ren har forska på kor mykje vatn språkmodellen treng for å svare på spørsmåla den får, og korleis KI påverkar klimaet.
– Vassmangel er kanskje den mest direkte konsekvensen av klimaendringane. Samtidig driv den raskt veksande etterspørselen etter KI opp forbruket av vatn globalt, seier han til NRK.
Har ikkje fullstendig oversikt
Sintef-forskar Signe Riemer-Sørensen trekker i likskap med Ren fram at det er vanskeleg å vite kor mykje vatn KI-tenestene faktisk bruker.
Signe Riemer-Sørensen
Forskingsleiar for kunstig intelligens (KI) ved Sintef
Ho meiner det er lite transparens i bransjen når det kjem til bruk av vatn.
Men noko veit vi.
Vassforbruket til Microsoft auka ifølge selskapet sin berekraftsrapport med 34 prosent i 2022 frå året før, skriv nyheitsbyrået AP.
Det svarar til ei mengde vatn på meir enn 2.500 olympiske symjebasseng.
Hovudårsaka var samarbeidet med OpenAI, som står bak språkmodellen ChatGPT. ChatGPT har kring 200 millionar aktive brukarar i veka, rapporterte Reuters i august.
OpenAI har ikkje svara på NRK sine spørsmål om kor mykje vatn dei brukte i 2023.
Grenser for «tull og tøys»
KI-verktøy kan vere nyttig og gjere oppgåver meir effektive. Men mange brukar også teknologien til å lage songar eller morosame bilete og videoar.
Men eitt søk i ein GPT-chat krev om lag fem gongar så mykje energi som eit vanleg Google-søk, ifølge Carbon Credits.
Riemer-Sørensen meiner det burde vere ei øvre grense for kor mykje «tull og tøys» energien frå eit datasenter skal gå til.
– Regulerte datasenter vil gi moglegheit for å bruke reknekraft på tiltak som betrar klimaet, framfor eit kunstig behov for at alle kan generere sin eigen kattevideo, seier Riemer-Sørensen.
Riemer-Sørensen får støtte frå førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold Leonora Bergsjø, som forskar på KI og digital etikk.
Leonora Onarheim Bergsjø
Førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold, AI Hub
Det er nødvendig at folk blir klare over miljøkonsekvensane ved bruk av teknologien, meiner Bergsjø. Ho legg til at verksemder burde lage eigne retningsliner for bruk av KI.
– Det er jo ikkje ein omtenksam bruk, særleg av biletegeneratorar. Sånn at bevisstgjering er rett og slett første skritt, og det er jo det vanskelegaste.
– Eg har leika med tanken om ein sånn ny flyskam, KI-skam, seier ho.
Regjeringa satsar på meir KI
Innan 2025, skal 80 prosent av offentleg sektor ta i bruk kunstig intelligens.
Digitalisering- og forvaltningsdepartementet seier til NRK at dei ikkje er kjende med konkrete tal på kor mykje av KI-bruken som er knytt til norske eller utanlandske datasenter.
Norske styresmakter kan sette krav til datasenter som er fysisk plassert i Noreg, men ikkje datasenter som ligg utanfor våre grenser
Når det gjeld krav om berekraft, er det altså opp til styresmakta i det landet der datasenteret er lokalisert, ifølge departementet.
I Noreg satsar regjeringa på å bygge grøne og berekraftige datasenter.
– Fordi KI er generelt energikrevjande, speler energi- og ressurseffektivitet i infrastrukturen for KI ein viktig rolle, skriv digitaliseringsminister Karianne Tung i ein e-post til NRK.
Ifølge Tung er klima, berekraftig digitalisering og bruk av KI sett på agendaen internasjonalt, og blir følgt opp i Noreg sitt samarbeid med dei andre nordiske landa, i EU og OECD.
Til våren legg ministeren fram prinsippa for grøn og berekraftig KI i datasenterstrategien.
Det er altså enno vanskeleg å vite noko om klimakonsekvensane av den norske KI-satsinga.
Tenker du på miljøet når du brukar KI?
FN er bekymra for vassbruk
Sjølv om Noreg satsar på fornybar energi og berekraftige datasenter her til lands, betyr ikkje det at KI-modellane ein tar i bruk i Noreg er berekraftige, meiner KI-forskar Shaolei Ren.
Shaolei Ren meiner nordmenn burde vere bevisst at bruk av KI her i Noreg kan ha konsekvensar utanfor landegrensene våre, og at Noreg har eit ansvar overfor omverda.
– Når det gjeld etisk KI, kan mindre land ta omsyn til miljøkonsekvensane av KI i andre land utanfor sine eigne grenser.
– Dei kan for eksempel krevje at KI-modellar blir utvikla i tråd med etiske prinsipp og på ein berekraftig måte for miljøet, seier Ren til NRK.
Også FN uttrykker bekymring for den usløkkelege tørsten til KI i World Water Development-rapporten for 2024.
I rapporten står det blant anna at ein bør ta omsyn til alt vatnet som går med til KI når ein fordeler vassressursar, særleg i område kor det er lite vatn eller risiko for lite vatn.
Google planlegg likevel å bygge ut datasenter i område i Sør-Amerika som er hardt råka av ekstrem tørke.
Uansett vil etterspørselen etter KI berre auke i åra framover.
Den globale etterspørselen vil stå for 4,2 til 6,6 milliardar kubikkmeter forbruk av vatn i 2027, forklarer KI-forskar Ren.
Det er over fire gonger så mykje vassforbruk som Danmark har på eit heilt år.
Høyr Oppdatert-episoden om KI og energi her:
Publisert 26.12.2024, kl. 18.45