Spektakulære bilete av OL-giganten: – Det er feige lag

1 month ago 16



Lyden av sko mot parkett knitrar i basketarenaen. Dei tynne, kvikke beina nærast sprett rundt på golvet.

Det er umogleg ikkje å legge merke til fyrtårnet som piler rundt på banen.

Det er ulikt noko anna ein har sett før, seier Ola Djupvik.

Han er fagansvarleg for basketball i Store norske leksikon og meiner Wembanyama, eller «Wemby» som franskmennene kallar han, er ein «must watch».

– Han betyr heilt enormt mykje både på og utanfor banen. Han er ei gigantisk stjerne, seier VGs basketkommentator Magnus Barstad.

Feige lag

I OL-turneringa møter han berre lågare spelarar. Mot Japan spelte han mot spelarar rundt 170 centimeter, og dei enorme forskjellane kom tydeleg fram.

Victor Wembanyama og Yuki Kawamura

HØY: Victor Wembanyama avbilda ved sida av japanske Yuki Kawamura.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Basketball - Men's Group Phase - Group B - Japan vs France

HØGT OG LÅGT: Japanske Yuki Togashi (167 centimeter) utgjer om lag tre firedelar av Victor Wembanyama (224 centimeter).

Foto: Brian Snyder / Reuters

– Det er jo nesten to ulike sportar. Han andre kan jo nesten springe mellom beina hans, seier Barstad – og samanliknar bildet med ei scene frå teikneserien Tom & Jerry.

Det er feige lag, ja. Ein «mismatch», når ein rask lågare spelar møter ein høg spelar som er høg og tregare går det begge vegar. Den lågare spelaren er ofte rask og speler på sine eigne styrkar, seier Djupvik.

Men det er ikkje berre lengda som gjer franskmannen til eit fenomen.

Basketball - Men's Quarterfinal - France vs Canada

HERJAR: Wembanyama ragar aleine i luftrommet. Ingen andre når like høgt.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Kor høg er han eigentleg?

Høge spelarar er ikkje noko nytt i basketsporten. Enorme Yao Ming (Kina) briljerte med dei 229 centimetrane sine tidleg på 2000-talet. LeBron James er 206 centimeter høg og har lenge vore den største stjerna i basketsporten.

– Wembanyama er ikkje ein ukomplisert stor mann. Han er ein spelar med alle ferdigheitene i tillegg, fortel VGs basketkommentator Magnus Barstad.

Barstad har sett kvart sekund av OL, der Wembanyama og Frankrike har tatt seg til semifinale. Han meiner den franske stjerna vil kvitte seg med stempelet som «big man», altså ein høg spelar.

I 2023 oppgav han sjølv 221 som høgde. På Nba.com er han registrert med 224 centimeter.

– Han prøver, utruleg nok, å lyge ned høgda si, han har sagt sjølv at han er 218 centimeter, men når du ser han på bilete saman med andre spelarar er nok 226 centimeter meir rett, seier Barstad.

Viss han blir kvitt stempelet som «big man», får han ein litt anna rolle på banen og kan fortsette som han gjer i dag.

 Ola Djupvik

IMPONERT: Ola Djupvik, fagansvarlig for basket i Store norske leksikon.

Foto: Cecilia Hviding

Det er ein kombinasjon av utruleg fysikk og utruleg stort vengespenn. Han kan litt av alt, fortel Ola Djupvik.

Derfor blei han denne sesongen kåra til nykommaren i sesongen da han blei utnemnd til NBAs «rookie of the year».

At ein så ung spelar med unik fysikk er så allsidig er ganske spesielt. Wembanyama er så rask og mobil, fortel Djupvik.

wembanyama snører på seg sko

STORE: Wembanyama snører på seg sko i størrelse 55.

Foto: THOMAS COEX / AFP

Fransk heilt

I baskethallen peikar kameralinsene mot den store stjerna på parketten. Heilt sidan han var ung har han visst at han kjem til å bli ei basketstjerne, og førebudd seg på eit liv i den største ligaen i verda, NBA.

Som 14-åring, da han var over to meter høg, var han på prøvespel i Barcelona, men han valde å bli verande heime i trygge omgivnader.

populær

POPULÆR: Den franske giganten prydar plakatar over heile Paris.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Valet har gitt han ein stor fordel, meiner Barstad.

– I USA er det meir spisse olbogar der du må kjempe for kvardagen. I Frankrike har han heile tida visst at han skulle bli god, og jobba med fleksibilitet, mentalt og fysisk for eit liv som stjerne. Han verkar smart og reflektert, seier Barstad og skyt plutseleg inn.

– Fyren kan jo gå i spagaten!

Så korleis stoppar ein den høgaste spelaren til turneringa – som i tillegg har ei rekke ferdigheiter?

Veldig vanskeleg. Du kan ikkje blokkere skota hans. Det går ikkje. Han når ein plass i luftrommet som ingen andre gjer, seier Barstad.

– Men det er éin ting som fungerer. Han er tynn. Du må finne midtpartiet på kroppen hans og dytte han vekk, seier Barstad.

Publisert 08.08.2024, kl. 15.30 Oppdatert 08.08.2024, kl. 15.44

Read Entire Article