Best i alt

2 hours ago 5



Du kan bli kva du vil. I verdas rikaste land, med gratis utdanning og gode velferdsordningar, har du alle moglegheiter. Vi seier det til ungane våre, til elevane på skulen og til oss sjølve.

Vi har ikkje lenger den same jobben i 30 år, slik generasjonane før oss. Vi kan bli kva vi vil, fleire gonger!

The sky is the limit, får vi høyre. Men det er «dikt og forbandet løgn», og eit potensielt farleg utsegn. Sanninga er at du ikkje er spesiell eller unik. Du er, som dei aller fleste, ganske ordinær. Men ordinær er ikkje særleg salbart.

Kapitalismen er avhengig av eit sterkt individualistisk samfunn, der vi samanliknar oss med OL-vinnarar og fotomodellar, for elles sel ikkje rynkekremar, botox og overprisa joggesko like mykje.

Det er det ekstraordinære som sel. Det er det som skaffar likes på sosiale medium, og som får flest sjåarar på TikTok og YouTube: menneske som er ekstra pene, har ekstra ryddige heimar, eig ekstra fine bilar, som går på ekstra høge fjelltoppar – menneske som lev liva sine i ytterkantane.

Og sidan vi menneske har eit medfødt instinkt for å bruke andre som referanse for eiga åtferd, fungerer sosiale medium som brensel på «samanlikningsbålet». Der får vi dei ekstraordinære liva så tett opp i monitor at vi blir fullstendig sveiseblinde på kva som er eit gjennomsnittleg liv.

I tillegg kjem TV-programma, med sine realityshow, der det kan verke som om opptakskriteriet for å vere med er silikon og botox, eller alle talentprogramma, der alle kan synge, danse eller sjonglere.

Vi trur at oppmerksomheit er det same som suksess, og strebar derfor desperat å vere noko meir – ha meir, gjere meir, få meir.

Derfor må vi sjå meir av det ordinære. Gje oss mindre «Ex on the beach» og meir «Norge Rundt».

Vi treng folk i strikkejakke og utvaska olabukse som syner fram eit halvrotete hus. Som verken kan synge særleg fint, eller har andre nemneverdige talent. Som berre er.

At vi stadig kan bli ein betre versjon av oss sjølv, fører oss djupt inn i vår eigen navle, og er i ytterste konsekvens ei fare for demokratiet. Krabbar du langt nok inn i eigen navle, finn du ikkje suksess og lykke, men narsissismen – individualismens onde fetter.

Om vi berre har auga for oss sjølve, om vi er meir opptatte av å få enn å gje, går ikkje samfunnet rundt. Og ikkje berre på eit pengar-i-kassa-plan, men på eit moralsk, menneskeleg plan.

Om vi alle jaktar eiga lykke – ein vi trur vi har krav på, fordi vi har alle moglegheiter og er blitt fortalt at vi kan bli kva vi vil, så mistar vi synet av andre, av fellesskapet.

Vi grev oss vidare ned i navlen, og djupt der inne finst det som er dette århunderets epidemi: einsemd. For det samanlikninga og jaget etter eit betre sjølv gjer, er å etterlate oss med ei kjensle av å ikkje vere god nok, og å ikkje høyre til. Som igjen fører til psykisk uhelse, eller opponering mot det samfunnet som ein ikkje kjenner seg ein del av.

Vi lever i urolege tider. I eit samfunn der ytterkantane stadig får meir spalteplass og mediedekning. Det er synspunkta frå grøftene som får plass, og ikkje dei som søker den kjedelege mellomtingen.

Vi treng det, nå meir enn nokon gong, at nokon kan synge sangen til den grå musa.

Og sjølv om Brundtland ein gong sa at «det er typisk norsk å vere god», må ungane vite at det er lov å vere dårleg og uperfekt. Så i staden for å seie at dei kan bli kva dei vil, og at dei har alle moglegheiter, kan vi heller seie:

  1. Du treng ikkje vere best.
  2. Med mindre du skal bli fotomodell, treng du ikkje henge deg opp i utsjåandet.
  3. Om ikkje eit bustadmagasin skal gjere ei reportasje hos deg, kan du godt ha det rotete.
  4. Viss det einaste talentet du har er å lage rare grimasar, er det heilt greitt.
  5. Om du jobbar i den same jobben fram til pensjonsalder, utan å bli forfremma – bra, du har framleis verdi.

At vi fortel ungane våre dette, er ikkje det same som å ikkje stille krav. Krav finst det nok av. Men stiller vi dei rette krava?

I arbeid med ungar i skulen, har eg høyrt mange krav om den einskilde sine prestasjonar, og utnytting av individets potensial. Men kva med krav om å vere ein god lagspelar, ein god venn, ein som kan bidra til fellesskapet.

Når vi er kopla til noko større enn oss sjølve, er ikkje livet lenger ein konkurranse, og vi kan bevege oss vekk frå den individorienterte materialismen der folk meiner dei fortener å få gode, utan å ofre nokon ting. Samstundes har vi større sjanse for å unngå einsemd og oppnå det vi alle ønsker: lykke.

Vi kan senke krava til kva vi trur skaffar oss lykke. Lykka kjem av å velje rette verdiar.

Det å ha fin bil er ikkje ein verdi, ei heller det å vere rynkefri i ein alder av førti, eller score fem mål på fotballkampen. Verdiar er ikkje det same som prestasjonar og resultat.

Verdiar verdt å hige etter, er empati, rausheit, evne til å setje seg inn i andre sin ståstad, det å ta radikalt ansvar for eige liv og følelsar. spelar det inga rolle om du har talent for sjonglering eller har andlet glatt som ei barnerumpe i overgangsalderen.

Det er når vi gjev litt faen, og omfamnar vårt kjedelige, ordinære liv, at vi kan betre folkehelsa.

Da treng vi ikkje lenger gøyme den slafsete, strekkmerke-befengte magen når ungen dreg opp genseren og knar den som ein brøddeig. Vi kan seie, slik eg gjer til jentungen:

Godt å sleppe å sjå sin eigen navle, da kan eg løfte blikket.

Publisert 22.09.2024, kl. 16.43

Read Entire Article