Spektakulær møteplass opna på Røst

1 month ago 25



15. august 2024 kl. 06:49

No er det gamle vasstårnet på Røst, landemerket frå 1962, endeleg opna, skriv Lofotposten.

Riksantikaren har gjennom fleire år støtta gjenbruksprosjektet Ettertanken med verdiskapingsmidlar på til saman ein million kroner.

Prosjektet bygger på ein ide frå Charlotte og Per Fugelli om å bygge om vasstårnet til ein stad til refleksjon og ettertanke, og som ein plass for å sjå utover framtida.

– Vårt ønske er at tårnet skal vere eit utsiktstårn for alle og ei skrivestove for folk som treng litt ro, og ikkje minst at fleire menneske skal oppdage ein så fantastisk stad som Røst, seier prosjektansvarleg Martin Otterbeck.

NB: Bildet er frå tidlegare, og viser ikkje korleis vasstårnet ser ut i dag.

Read Entire Article