Spansk politi: Svenske gjengkriminelle pågripne etter kidnapping av nordmann i Spania

22 hours ago 1



Ein norsk statsborgar i Spania blei i desember kidnappa av svenske gjengkriminelle, ifølgje spansk politi.

I ein politiaksjon blei fire svenske statsborgarar pågripne og nordmannen frigjort. Spansk politi meiner at svenskane høyrer til Dalen-nettverket.

– Norsk politi har bistått spansk politi i ei sak som involverer ein norsk statsborgar i Spania, stadfestar Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt til NRK.

Nordmannen har ein tilknytning til Vestland.

Delte video av pågripinga

Spansk politi har lagt ut ein video som skal visa kidnappinga.

Ifølgje den engelskspråklege spanske avisa Olive Press skal dei pågripne mennene ha kravd 800.000 norske kroner for mannen.

Viss pengane ikkje blei betalt skal dei ha truga med å drepa han. Han skal ha blitt mishandla medan han var fanga, skriv avisa.

Dalen-nettverket er skildra som eit nettverk med svært høg valdskapital. Dei er kjende som ein av hovudkonkurrentane til Foxtrot-nettverket.

– Derfor er det me som har vore involverte her, saman med Kripos og politiet sin sambandstenestemann i Madrid som har vore bindeledd mellom oss og spansk politi, seier Henriksen.

Han viser til at det er spansk politi som har gjort pågripinga og at dei etterforskar saka.

– Det er dei som har etterforskingsansvaret. Me har gjort ei etterforsking me også, for å støtta spansk politi, seier Henriksen.

Publisert 22.01.2026, kl. 15.07 Oppdatert 22.01.2026, kl. 15.37

Read Entire Article