Då den rusa 18-åringen mista skyssen heim frå puben, køyrde han til ein ven for å be om skyss heim.
Publisert 21.11.2025 13:33
Ein augustkveld i år, på ein liten tettstad i Trøndelag, la 18-åringen ut på køyretur berre nokre timar etter at han blei nekta servering på utestaden fordi han var for full.
I dommen frå Trøndelag tingrett står det at mannen hadde hatt med seg ein sekspakning med øl og ei flaske vodka på vorspiel, før han sette kursen mot vertshuset der puben var.
18-åringen hadde sjølv køyrd til vorspielet, men hadde avtalt at ein ven skulle hente han og køyre han heim etter festen.
Slik gjekk det ikkje.
Kvinne (92) kjørte på fotgjenger: «Bånn gass i første gir»
Sovna på puben
Etter at mannen blei nekta servering, sovna han først på ein sofa inne på vertshuset. Då han vakna, gjekk han ut av puben for å gå på do. Der sovna han igjen.
Sjåføren som skulle hente han måtte returnere med uforretta sak, då han ikkje fann den sovande kameraten.
Då 18-åringen vakna var festen over og telefonen hans tom for straum.
Ifølgje dommen, gjekk han difor først tilbake til vorspielet for å hente bilen sin, før han køyrde til ein kjenning for å låne ein ladar og be om skyss heim.
Men på vegen møtte han ei hindring – han køyrde inn i ein parkert bil.
Taxisjåfør ringte politiet
Etter å ha bulka den parkerte bilen, køyrde mannen vidare i søken etter ein ladar og skyss heim.
Men så møtte han på ein taxi på vegen. I framsete av taxien sat ingen ringare enn eigaren av bilen han hadde køyrd inn i.
Vedkommande hadde sett 18-åringen på puben, og visste at han var full.
Taxisjåføren ringte difor politiet.
I mellomtida kom 18-åringen seg fram til kjenningen. Han fekk låne ein ladar og fekk skyss heim.
Vel heime kom politiet på døra og tok han med til legevakta for å ta blodprøve.
Blodprøven viste ein promille på 1,03.
Krasjet med promille – skyldte på hundebitt
Dyr køyretur
Mannen erkjente straffskuld, men forklarte i retten at han ikkje hugsar sjølve køyreturen.
Ettersom mannen tilstod, fekk han strafferabatt og retten landa på fengsel på vilkår i 18 dagar med ei prøvetid på to år. Det vil seie at han slepp sone i fengsel, dersom han ikkje gjer noko straffbart i prøveperioden.
18-åringen blei også fråteke førarkortet i 21 månader, må betale ei bot på 5000 kroner og betale 8000 kroner i erstatning til eigaren av bilen han køyrde på.











English (US)