Sør-Korea: Tre presidentar på ein månad

16 hours ago 3



Det hadde vore stor usemje mellom regjeringa og opposisjonen i ei tid då Sør-Koreas president erklærte unntakstilstand i starten av desember.

Yoon Suk-yeol argumenterte med at han måtte stanse «ein trussel frå Nord-Korea».

All politisk aktivitet måtte med det opphøyre.

Men trusselen var ikkje reell. Allereie dagen etter stemte nasjonalforsamlinga for å oppheve unntakstilstanden.

Presidenten er no midlertidig avsett, og stilt for riksrett. Ein prosess som kan ta fleire månader. Taper han her, må han offisielt gå av som president, og det vil bli arrangert nyval.

mange menneske med plakatar tår foran nasjonalforsamlinga i seoul

Demonstrantar ber om at Yoon Suk-yeol offisielt blir avsett som president, og at riksrettssaka blir behandla raskt.

Foto: Jung Yeon-Je / AFP

Også presidentens vikar blir stilt for riksrett

I grunnlova står det at statsministeren skal vikariere dersom presidenten må gå av.

Sør-Korea fekk med det ein såkalla karrierebyråkrat som president, ettersom at statsministeren har ei administrativ og ikkje politisk rolle i den sørkoreanske regjeringa.

Mange meinte at statsminister Han Duck-soo sitt leiarskap ville gå fredeleg for seg, så lenge han følgde grunnlova.

Men fredag måtte også han gå. Nasjonalforsamlinga har vedtatt at også han skal stillast for riksrett.

Han blir skulda for å hindre riksrettssaka mot den suspenderte presidenten.

duck-soo går inn i ein bil

Avsett som både statsminister og vikarierande president forlèt Han Duck-soo regjeringsbygninga fredag 27. desember.

Foto: Hong Hae-in / AP

Vikarierande president brukte vetorett

Torsdag brukte Duck-soo vetoretten til å avvise tre dommarar til Sør-Koreas grunnlovsdomstol, som skal behandle riksrettssaka.

– Det var riktig å stille han for riksrett. Han Duck-soo brukte vetoretten fleire gonger, men det er ikkje ein rett som skal misbrukast, seier 20 år gamle Han Ji-Won til Reuters.

Ho er ei av mange som på nytt har gått ut i gatene denne helga for å ytre kva ho meiner om saka.

No er det finansministeren Choi Sang-mok som er neste i rekka til å ta over som vikarierande president.

Ny fungerande president i Sør-Korea Choi Sang-mok.

Ny fungerande president i Sør-Korea, Choi Sang-mok.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

Vil oppretthalde stabilitet

Choi blei utnemnd til finansminister av presidenten i desember 2023. Fredag tok han over som både fungerande president og statsminister.

I ein offentleg tale sa Choi at regjeringa vil gjere sitt beste for å oppretthalde stabilitet i landet.

Sør-Koreas nasjonalforsamlingspresident Woo Won Shik taler mens lovgivere fra Folkets Makt-parti protesterer under en plenumssesjon i nasjonalforsamlingen i Seoul fredag. Sesjonen behandlet riksrettsmotivasjonen mot den nå avsatte presidenten Han Duck-soo.

Sør-Koreas nasjonalforsamlingspresident Woo Won Shik talar medan lovgivarar frå Folkets Makt-parti protesterer under ein sesjon i nasjonalforsamlinga i Seoul fredag. Sesjonen behandla riksrettsmotivasjonen mot den no avsette presidenten Han Duck-soo.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Choi understreka viktigheita av å sikre at det ikkje blir noko vakuum i statlege affærar, og at regjeringa vil arbeide for å oppretthalde tillit med internasjonale partnarar som USA og Japan.

Han lova også å styrke det økonomiske beredskapssystemet for å sikre at finans- og valutamarknadene fungerer smidig.

Yoon unngår avhøyr

Den avsette presidenten Yoon Suk-yeol har blitt kalla inn til avhøyr av påtalemakta fleire gonger etter forsøket hans på å innføre unntakstilstand 3. desember år, men han har ikkje møtt opp.

Ein demonstrant som held eit pappskilt med teksten "Leiar av opprørarar" på eit bilete som viser ansiktet til Sør-Koreas tidligare president Yoon Suk Yeol.

Ein demonstrant som held eit pappskilt med teksten «Leiar av opprørarar» på eit bilete som viser ansiktet til Sør-Koreas tidlegare president Yoon Suk-yeol.

Foto: Philip FONG / AFP

Den første innkallinga blei sendt onsdag 11. desember, med krav om at han skulle møte til avhøyr søndag 15. desember. Då han ikkje møtte opp, blei han på ny bedt om å møte til avhøyr onsdag 18. desember.

Yoon har likevel halde fram med å unngå avhøyr, noko som har skapt ytterlegare frustrasjon og mistillit blant både styresmakter og folket.

Opna for bruk av vald

Laurdag kom ytterlegare informasjon som skulle gjere folket opprørte.

Då Yoon erklærte unntakstilstand i starten av desember, strøymde folkevalde til nasjonalforsamlinga for å oppheve den.

Presidenten skal då ha opna for at politiet og militæret kunne bruke skytevåpen mot landets folkevalde.

Dette går fram av tiltalen mot den tidlegare forsvarsministeren Kim Yong-hyun, som var alliert med Yoon.

Væpnede styrker forsøker på ordre fra presidenten å ta seg inn i nasjonalforsamlingen i Seoul, Sør-Korea 4. desember 2024.

Væpna styrkar forsøker, på ordre frå presidenten, å ta seg inn i nasjonalforsamlinga i Seoul kvelden 4. desember 2024.

Foto: JUNG YEON-JE / AFP

Yoon spurde sjefen for dei militære styrkane i hovudstaden Seoul, Lee Jin-woo, om kvifor soldatane ikkje hadde tatt seg inn i nasjonalforsamlinga der representantane skulle stemme.

– Bryt ned døra og dra dei ut, sjølv om det betyr å skyte, skal Yoon ha sagt, ifølge tiltaledokumenta.

Yoon, som var statsadvokat før han blei vald til president, skal også ha sagt at soldatane kunne bryte seg inn i nasjonalforsamlinga med øks.

Ein av Yoons advokatar avviser framstillinga i tiltaledokumenta og seier ho ikkje er i tråd med «dei objektive omstenda».

Publisert 28.12.2024, kl. 18.33 Oppdatert 28.12.2024, kl. 18.36

Read Entire Article