Over halvparten av oss vil ha priskrig til neste år – Linnea er ikkje ein av dei

2 days ago 11



Årets priskrig har bydd på graut til fire kroner, julepølse til ti kroner og ost på halv pris.

Nokre har også reagert på at butikkane set ned prisen på juleøl.

Resultatet er blant anna hamstring og tomme hyller over heile landet.

Det fekk Linnea Richter og familien merke då dei skulle handle inn julegraut på Rema 1000 i Bodø.

– Vi har vore innom fire butikkar, så vi får håpe at det finst her.

Utsolgt for Risgrøt på Rema 1000

Risgrauten var ikkje å oppdrive på Rema 1000 for familien Richter.

Foto: Ola Helness / NRK

Det blei dessverre nok ein bomtur. Richter gir ikkje opp håpet, og skal fortsette leitinga saman med to grautsvoltne barn.

– Folk hamstrar sikkert litt, det er kanskje ikkje laget nok? Eg veit ikkje helt, seier ho.

– Så priskrig er ikkje så populært hos deg?

– Nei ... nei, kanskje ikkje.

Ei ny undersøking viser derimot at de aller fleste av oss ønsker meir priskrig til neste år, trass tomme hyller i butikkane.

– Til å bli litt forbanna på

56 prosent av de spurte i ei ny undersøking som NRK har fått Norstat til å utføre, meiner at priskrig er positivt før jul.

Nesten ein tredjedel meiner at det ikkje bør skje til neste år. Ei av dei som er einig i det, er Evy Ann V. Førde.

– Det er null kontroll, rett og slett. Kaotisk. Eg meiner det var i fjor det var slik priskrig, eg skulle berre ut på heilt vanleg julehandel men det var «sopa tomt» over alt, seier ho og legg til:

– Så fort det er prisa ned, må du nesten vere i butikken, eller så får du ikkje tak i varer.

Evy Ann V. Førde er lei av prisklrig i butikkane før jul

Evy Ann V. Førde vil gjerne ha gode kampanjar på julevarer, men priskrigen er ho lei av.

Foto: Privat

Ho medgir at ho også har forsøkt å nytte seg av fleire tilbod under priskrigane tidlegare.

– Men no dei siste åra og etter at prisane har stige sånn generelt i samfunnet heile tida, så er det nesten provoserande at dei kan dumpe prisane no slik som dette.

– Så kjem du i desember at du endeleg skal få noko fordi det er priskrig, men så er det berre tomme hyller rundt om kring.

  • Jay Hansen i Bodø sentrum som blir spurt om hva hun syns om priskrigen.

    - Jeg overlever, siden jeg ikke spiser marsipan. Jeg har ikke merket noe til priskrigen, sier Jay Hansen.

  • Lisbeth Furulund om priskrig i butikkene, står inne på en Rema 1000-butikk i Bodø.

    – Det er helt ok. Eg utnyttar det sjølv. Eg har kjøpt litt ertestuing og risgraut på tilbod, men det blir jo tomt. Eg syns det er bra med litt priskrig, seier Lisbeth Furulund.

  • Rune Lysberg, kjøpmann på Rema 1000 Sentrumsgården i Bodø

    – Det har vært veldig bra i desember, vi har sett vekst på alle varer, så det har gått over all forventning, sier kjøpmann og sjef for Rema 1000 Sentrumgården i Bodø. Rune Lysberg.

Professor: – Kjempebra

Ein som heiar på priskrigane er Frank Lindberg, professor i marknadsføring hos Handelshøgskulen i Bodø.

Han forklarar at priskrig har ein enkel mekanisme: Å få kundane inn i butikkane. Det dei tapar pengar på, tar dei igjen på resten av julehandelen.

– For oss er det kjempebra at det er litt priskrig. For problemet når vi har tre store aktørar i daglegvaresektoren, det er jo at vi manglar litt konkurranse. Så det å få ein priskrig, det er bra.

– Er det priskrigen som appellerer til oss forbrukarar som no hamstrar varar før jul?

– Det å vere forbrukar før jul er litt komplisert, for vi kan la oss lure av lokketilboda og den priskrigen som går føre seg. Dei smarte forbrukarane vil utnytte dette og berre kjøpe dei varene som er på tilbod.

Frank Lindberg, professor i marknadsføring hos Handelshøgskulen i Bodø.

Frank Lindberg, professor i marknadsføring hos Handelshøgskulen i Bodø, jublar over priskrigen.

Foto: Ola Helness / NRK

– Men er det ikkje ein fare for at vi endar opp med å kjøpe endå fleire varer enn det vi treng?

– Det er problemet. Frå ein forbrukarståstad så handlar det rett og slett om at vi er nøydde til å ikkje la oss lure. For kjedene har halde på med dette kvart år, dei har ein omsetnad berre på julehandel på langt over hundre milliardar.

Håpar du på meir priskrig?

Priskrig kvar dag

Kjedene held på med det kvart år, seier Lindberg – betyr det at Evy og alle andre allereie no kan førebu seg på at dette skjer til neste år?

Sannsynlegvis, men ingen av daglegvarekjedene NRK har vore i kontakt med ønsker å kommentere framtidige prisar eller kampanjar.

Simen Kjønnås Thorsen, kommunikasjonsrådgivar i Coop, skuldar på konkurranseomsyn, men seier samtidig at Extra bestilte opp varer tidlegare i år for å vere førebudde til «julerushet».

– Det er likevel vanskeleg å føreseie korleis prisbildet og etterspurnaden blir.

Kommunikasjonsrådgiver Simen Kjønnås Thorsen

Simen Kjønnås Thorsen seier han håpar at folk ikkje kjøper meir enn dei treng.

Foto: Espen Solli / Coop

At kundar som Linnea ikkje får tak i dei varene dei ønsker, seier Thorsen er lite ønskeleg.

– Det er ein av grunnane til at Extra har innført maksgrense på enkelte julevarer i dei butikkane der dette er nødvendig. vi håpar dei ikkje kjøper meir enn kva dei klarar å ete, slik at vi unngår matsvinn.

Også Rema 1000 seier dei ikkje kan røpe noko om prisane framover.

Men skal vi tru kategori- og innkjøpsdirektør Line Aarnes, vil også dei dumpe prisane om konkurrentane gjer det:

– Konkurransen i daglegvaremarknaden er høg, og spesielt rundt høgtider. Vi kan ikkje seie noko om framtidige prisar, men vi skal vere billegast på daglegvare i heile landet, gjennom heile året.

Kommunikasjonsdirektør Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi.

Kristine Aakvaag Arvin seier dei har fått mange positive tilbakemeldingar på pris.

Og nokre som verkeleg slår eit slag for priskrig, er kommunikasjonsdirektør Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi:

– For oss er det priskrig kvar dag heile året. Vi har lova kundane at vi ikkje gir oss på pris, og løfte er til for å haldast.

I likskap med dei andre seier Arvin at ho ikkje kan kommentere spesifikke planar for prisar.

– Det vil tida vise, men vi kjem aldri til å gi oss på pris.

Publisert 29.12.2024, kl. 10.09

Read Entire Article