Sophie Elise har blitt mamma

2 weeks ago 16



– Det er vakkert og det sjukaste eg har opplevd.

Det skriv Sofie Steen Isachsen, betre kjent som Sophie Elise, på kontoar i sosiale medium.

– Han er så fin og ikkje minst så roleg og snill, skriv ho.

Influensaren har fått barn med ungdomskjærasten Vegard, som ho fann tilbake til i fjor.

Paret bur saman i Trondheim.

Sophie Elise er ei av Noreg sine største influensarar og bloggarar gjennom tidene.

Det har gjeve ho kjendisstatus, og ho har blitt forretningskvinne, forfattar og ho har vore med i diverse reality-seriar.

Deler bilde av barnet

Under graviditeten har influensaren delt fleire bilete av fosteret frå ultralyd.

– Eg ønsker å vere ei trygg og roleg mamma som er kven enn babyen min treng, sa den nybakte mora på Snapchat i forkant av fødselen.

Ho deler bilete av sonen på Instagram og Snapchat til trass for at ho tidlegare har sagt at ho ikkje kjem til å gjere det.

Ho har vore tydeleg på at barnet skal skjermast frå sosiale medium og ønsker ikkje å dele bilete av han etter fødsel.

– Eg vil ikkje vise ansiktet hans, og ein ting er i mine egne kanalar, der eg har meir kontroll over at eg kan vise ein fot for eksempel, har influensaren sagt til Se og Hør.

Om ho kjem til å dele fleire bilete seinare er uvisst.

I lang tid har det vore stor diskusjon blant influensarane om å dele bilete av barna sine i sosiale medium og bruk av barn i reklame.

Blant dei som deler bileta av barna sine er mellom anna Julianne «Pilotfrue» Nygård og Monica Nyhus.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå dei utan å lukkast.

– Barn har rett til privatliv

Debatten om det er greitt å dele bilete av barna sine på sosiale medium har også engasjert politikarane på Stortinget.

I fjor leverte Venstre eit forslag på Stortinget om å forby foreldre å publisere bilete av barna sine for kommersielle føremål på nett.

Barn har rett til privatliv, men foreldre tolkar dette ulikt. I motsetning til oss vaksne har barn verken tilgang til dei fleste av kanalane der informasjonen om dei blir delt, eller mogelegheit til å seie ifrå.

Det seier stortingsrepresentant for Venstre, Grunde Almeland.

Å publisere reklamebilete av barn i kvardagssituasjonar for å tene pengar på det, kan skape ein usunn relasjon mellom barn og foreldre, legg venstrepolitikaren til.

Men dei fekk ikkje fleirtalet med seg. Det berre Venstre, MDG og KrF som stemte for forslaget.

Sjølv om barnet samtykker til at bileta blir tatt, vil dei ikkje ha kontroll over kvar eller korleis bileta blir brukt vidare. Spesielt dei yngste barna kan ikkje gje eit sjølvstendig samtykke eller vurdere konsekvensane av sånn eksponering når dei ikkje har kunnskapen om kva dette inneber.

Sjå debatten frå i fjor om å dele bilete av barn på sosiale medium:

Influensarane protesterer. For kvifor er det gale å legge ut bilete av barn på some?

Publisert 30.04.2024, kl. 18.01 Oppdatert 30.04.2024, kl. 18.24

Read Entire Article