– Det er ein spesiell dag. Det er fem år sidan Torgeir valde å avslutte livet sitt. Det har gått både fort og kjenst ut som det er veldig lenge sidan. Det er litt blanda kjensler, seier pappa Thoralf Lian.
24-åringen hadde ein sjeldan muskelsjukdom som gjorde at han ikkje lenger kunne gå, ete eller snakke.
20. februar 2020 fekk 24 år gamle Torgeir Djønne Lian frå Mo i Rana hjelp til å ta sitt eige liv. Han ville så gjerne gjort det heime, men aktiv dødshjelp er forboden i Noreg.
Derfor måtte han til Sveits for å avslutte livet.
Før han døydde hadde Torgeir eit ønske til mor Sonja Djønne og pappa Thoralf Lian.
At dei skulle jobbe vidare for å sette søkelys på at vi også i Noreg kan tilby aktiv dødshjelp.
– Det er fint å reflektere litt på denne dagen her. Bruke desse dagane til å tenke litt på det. Og så veit eg at Torgeir hadde likt at vi jobbar for det som han synest var viktig. Det er godt å kjenne på, seier mamma Sonja Djønne.
Foreldra er ikkje aleine om å vilje tillate aktiv dødshjelp i Noreg.
NRK har tidlegare skrive at mange er for aktiv dødshjelp.
Ei undersøking Norstat har gjort for NRK viser at halvparten av dei spurde ønsker at aktiv dødshjelp blir legalisert i Noreg. To av ti er imot.
Det er eit stort fleirtal blant unge som ønsker at aktiv dødshjelp skal vere lov i Noreg.
– Stor aktivitet om temaet
– Torgeir har på mange måtar blitt eit symbol på debatten om aktiv dødshjelp, og vi har klart å halde liv i den. Vi lova Torgeir at vi skulle gjere det, seier Lian.
I det siste er det ikkje berre saka til Torgeir som har vekt liv i debatten om at aktiv dødshjelp bør blir lov i Noreg.
Historia om Tina frå Arendal, som var 29 år da ho tok sitt liv i Sveits, har blitt bok og fortald av fleire medium.
Thoralf Lian og Sonja Djønne besøker sonen Torgeir si grav fem år etter at han avslutta livet på ein klinikk i Sveits.
Foto: Frank Nygård / NRKMange har sett programmet «Er det betre å døy» på NRK TV, og TV 2 programmet «Dødsenglane» har også skapt debatt.
Sistnemnde har gjennom skjulte opptak og intervju avdekt eit urovekkande nettverk av personar som tilbyr ulovleg assistert sjølvmord.
No vil foreldra til Torgeir at ha dei folkevalde med seg i debatten.
– Det er stor aktivitet i media om temaet og det å halde fokus på det her no, i den tida der dei politiske partia skal ha landsmøte, er kjempeviktig.
Vil ha politikarane med seg
Lian viser til undersøkinga og seier at når 50 prosent er for å legalisere aktiv dødshjelp, så er det ikkje folket dei treng å ha med seg.
– Vi treng å ha politikarane som tør å ta debatten, seier Lian.
I dag er det berre Framstegspartiet som har vedtatt i partiprogrammet sitt at dei i nokre tilfelle er for aktiv dødshjelp.
No er det derimot fleire teikn til at frontane beveger på seg. SV jobbar for å løfte dødshjelp-debatten fram mot SV-landsmøte i år. Debatten går også i Venstre.
Torgeir Djønne Lian hadde ein sjeldan muskelsjukdom som gjorde at han ikkje lenger kunne gå, ete eller snakke. Han valde som 24-åring å reise til Sveits for å få hjelp til å døy.
Foto: Frank Nygård / NRK– Fleire parti kjem, men dei to leiande partia Arbeidarpartiet og Høgre sit veldig stille i båten. Det synest eg er rart, tatt i betraktning dei kjerneverdiane dei har i partiprogramma sine, seier Lian.
Politikken til Arbeidarpartiet bygger på grunnverdiane fridom, likskap og solidaritet, mens Høgre har valfridom, og meiner kvar enkelt skal ha størst mogleg fridom til og ansvar for å forme sitt eige liv.
– Sånn som eg ser det, så strir partia imot dei kjerneverdiane, og det synest eg er lett, seier Lian.
Djønne meiner det nesten blir respektlaust overfor veljarane at partia berre lèt teamet vere.
– Eg tenker at debatten bør kome i dei to partia òg, og så får ein sjå kva medlemmene i partia meiner. Vi håpar jo at det skal bli ei utgreiing om saka, seier Sonja.
Og det kan det bli.
Tema på landsmøte i april
Det er no fleire i Arbeidarpartiet som ønsker ei offentleg utgreiing om temaet. Det seier stortingsrepresentant for Ap, Mani Hussaini.
– Eg trur veldig mange har problem med å gå inn i debatten. Det er nettopp derfor vi meiner at ei offentleg utgreiing vil få fram nyansane og vil til dømes vise erfaringar frå andre land.
– Eg er ikkje sikker på om eg er for eller imot aktiv dødshjelp, men eg trur ei offentleg utgreiing vil bidra til å gjere debatten rundt aktiv dødshjelp og det som vi er for, assistert livsavslutning, mykje betre, seier Mani Hussaini.
Foto: Siril Marie Borgersen / NRKHan seier det er fleire som ønsker å fremje dette på landsmøtet i Arbeidarpartiet i starten av april.
– Fleire lokallag har sendt inn forslag om det til landsmøtet. Samtidig trur eg mange engstar seg for å ta i tema. Det meiner eg er heilt feil, og derfor trur eg at ei offentleg utgreiing er beste vegen å gå for å få fram nyansane. Med alle fakta på bordet er det lettare å kunne ta eit standpunkt.
Per februar 2022 er det ei rekke land og statar som tillèt ulike former for aktiv dødshjelp.
Grafikk: Retten til en verdig død– Ei undersøking Norstat har gjort for NRK, viser at over halvparten er for aktiv dødshjelp. Kva tenker du om dei tala?
– Eg har forståing for at mange er for. Det har blitt veldig aktualisert etter serien på TV 2, Dødsenglene, som viser at desperate folk som må ta kontakt med kriminelle for å få avslutta livet sitt. Det synest eg er uverdig, og nettopp derfor treng vi ein debatt om dette her. Det er på høg tid.
Han legg til:
– Eg håpar vi får gjennomslag for å få til ei offentleg utgreiing av assistert livsavslutning.
Publisert 23.02.2025, kl. 18.13