Solbakken antydar Ødegaard-comeback: – Ikkje noko problem

1 hour ago 2



Søndag møter Noreg Marokko i ein test før VM. Det kan bli Martin Ødegaard sin første landslagskamp på over eit halvt år.

– Det er ikkje noko problem, seier landslagssjef Ståle Solbakken og Ødegaard sin form.

Landslagssjefen møtte pressa før kampen, som er ein av dei siste testane før fotball-VM byrjar. Det kan også bli Martin Ødegaard sin første landskamp sidan 9. september.

Ødegaard spelte frå start då dei slo Moldova 11-1. Landslagskapteinen har berre spelt seks av dei siste 17 kampane for Noreg.

Han har den siste tida slite med skader, men Solbakken fortel at han er i form.

– Får det norske folk sjå Ødegaard mot Marokko på fjernsynet?

– Viss fjernsynet funkar, så, svarar Solbakken.

Også Alexander Sørloth møtte pressa i forkant av kampen. Han ser fram mot å kunne spele med lagkompisen.

– Eg byrjar å smile av å tenkje på det. Det er godt å ha Martin tilbake, ein fantastisk fotballspelar. Han er ein relasjonsspelar som gjer medspelarane sine gode. Det er veldig fint å ha han tilbake, og me har hatt veldig gode kampar saman på den høgresida. Så eg ser fram til det, seier Sørloth.

Kampen mot Marokko går klokka 21.00, norsk tid. Kampen høyrer du på NRK Sport radio.

Sjå det norske herrelandslaget trene under, eller på NRK 1.

Read Entire Article