Saken om den ubygde og attgrodde tomta i Fana i Bergen har eit stort og komplekst bakteppe.
Som TV 2 skreiv i helga er laksearvingen Oddvar Haugland (39), gjennom sitt private investeringsselskap Vortex AS, saksøkt av eit eldre ektepar.
Dei kjempar for å få tilbake tomta dei meiner er tekne frå dei på urett vis.
– Dette er ein familiestrid som Vortex AS ufrivillig har blitt trukke inn i, sa ein av Hauglands advokatar, Mads Langeland, då partane møttest i Hordaland tingrett måndag.
Forut for rettssaka har det også vore temperatur:

Vitne skal ha fått råd: «Kan vere lurt å trekke seg ut»
Sikta for BankID-misbruk
Sentralt står skuldingar om at ein mann i 30-åra, barnebarnet av ekteparet, har gått bak ryggen deira og både pantsett og overført tomta til Haugland ved å misbruke BankID-brikka til bestefar.
Dette skal han ha gjort fordi han skulda Haugland pengar etter at ting gjekk skeis i selskap dei to venene var investerte i.

Bestefaren har også politimeldt barnebarnet sitt for det påståtte BankID-misbruket. I etterforskinga har mannen status som sikta.
Mannen i 30-åra har ikkje ønska å kommentere desse skuldingane til TV 2 og seier han vil gi si vitneforklaring til retten.
Dette er Oddvar Haugland (39)
Ein av fire søner i Haugland-familien frå Austevoll utanfor Bergen. Dei har gjort det stort innan oppdrett og eigedom.
Selskapet Haugland-gruppen skal vera gode for rundt tre milliardar kroner, ifølgje Kapital.
I 2022 flytta Oddvar Haugland (39) til Sveits. Med på flyttelasset følgde 80 prosent av aksjane i familieselskapet.
Skulda for press
– Saksøkarane løftar spørsmålet om Haugland pressa mannen til å ta på seg personleg gjeld og vidare pressa han til å bruke tomta som sikring. Men dei verkar ikkje å ha tatt innover seg at mannen sjølv foreslo dette for å gjere opp for seg, sa advokat Langeland til retten.
Dei saksøkte meiner tvert om at bestefaren ved fleire høve samtykka til både pantsettinga og overføringa av tomta då barnebarnet trengte økonomisk hjelp i 2022.
Det har han nemleg gjort før.
Tidslinje i Vortex-saka
- 22. juli 2020: Ei erklæring om at barnebarnet får råderett over tomta blir signert: «Tomten blir gitt som forskudd på arv fremfor penger gitt de andre barnebarn», heiter det i erklæringa. Dokumentet er signert av bestefaren og mannen i 30-åra og er også svært sentralt i tomtetvisten. Mannen i slutten av 80-åra nektar for å ha signert erklæringen.
- 27. april 2022: Vortex AS og mannen i 30-åra inngår låneavtale på 3,49 millionar kroner. Same dag blir tomten i Fana pantsett.
- Juni 2022: Mannen i 30-åra blir politimeld av ein forretningspartnar i eit selskap der Haugland også er investert.
- 24. januar 2023: Lånet hjå Vortex AS frå april 2022 er mislighalde. Selskapet varslar tvangsinndriving.
- 28. mars 2023: Haugland og Vortex AS får prosessvarsel om at mannen i 30-åra er saksøkt for same forhold som nemnd i juni 2022.
- 27. april og 28.april 2023: Kjøpekontrakt for tomten i Fana blir signert. Det same blir skjøtet som overfører heimelen til tomta.
- 26. august 2024: Den tidlegare eigaren av tomta saksøker Vortex AS og Oddvar Haugland.
- 15. september 2025: Den sivile saken om søksmålet går for Hordaland tingrett.
Mannen i 30-åra, omtalt som «favorittbarnebarnet», har tidlegare fått lån til både leilegheit og hus med tomta til bestefar som sikring, poengterte advokatane til Haugland.
Dei argumenterte for at det var først i 2024, då ekteparet fekk ein e-takst på tomta med langt høgare verdi enn det Vortex AS hadde fått tomta for, at dei reagerte.
Meiner bakmenn hemnar seg
Eit viktig bakteppe i konflikten er altså det som skjedde i eit selskap både Haugland og mannen i 30-åra var involvert i tilbake i 2022.
Då vart mannen i 30-åra, saman med ein medarbeidar, politimeldt for grovt underslag.
Dette er framleis under etterforskning, men partane vart hausten 2023 samde om eit forlik på 2,1 millionar kroner.
Bakgrunn del 1: «Blir framstilt som kriminell»
Det var i kjølvatnet av koronapandemien at ting skal ha byrja å gå skeis for barnebarnet i 30-åra.
Då var han og Haugland forretningspartnarar i to selskap som mellom anna dreiv med sal av smittevernartiklar.
I det eine selskapet enda mannen opp med å bli politimeld for underslag i millionklassen. NRK omtala saka i fjor.
Det andre selskapet, som dreiv med sal av håndsprit, gjekk konkurs.
TV 2 har fått innsyn i sluttberetninga om tvangsoppløysinga av selskapet.
I eitt notat til retten skriv mannen at han er utsett for eit «umenneskeleg press» og at han «blir framstilt som kriminell». Der avviser han underslagspåstandane som er retta mot han.
Men den saksøkte laksearvingen meiner altså at denne konflikten ikkje forsvann med forliket.
Advokaten hans, Mads Langeland, ramsa opp namnet på tre forretningsmenn, som han vidare omtalte som «bakmenn som trekkjer i trådane her».
To av dei var involverte i selskapet som vart råka av det nemnde millionunderslaget.
– Dei tre har klart å overbevise det gamle ekteparet om å køyre igang ei rettssak mot Vortex og indirekte mot sitt eige barnebarn, smalt det frå advokat Langeland.
– Kvifor? Basert på tidlegare prosesskriv, nyare uttalingar i sosiale medium og saksøkaren si framstilling, kan ikkje vi sjå noko anna motiv enn å halde fram ein hemnkampanje mot mannen i 30-åra, la han til.
– Konspirasjonsteori
TV 2 har forelagt påstandane til dei tre mennene, som alle skal vitne i retten tysdag.
– Dette kan eg avkrefte allereie no. Her har advokatane til Haugland kome i skade for å videreformidle konspirasjonsteoriane til barnebarnet. Dei burde snakke med meg før dei set fram slikt tull, svarar mannen som tidlegare har hatt barnebarnet som tilsett.
– Dette er berre tull og tøys. Sakene mellom meg og barnebarnet blir handtert av politiet, seier forretningsmannen som har meldt mannen i 30-åra for underslag.
– Dette har inga rot i verkelegheita, svarar den tredje.

– Sat heime for seg sjølv
Det er advokatane Thomas Skare og Jan Magne Isaksen som fører saka for saksøkarane.
I sitt innleiingsforedrag til retten viste dei fleire gonger til at Vortex AS burde ha ana at ikkje alt var slik mannen i 30-åra sa at det var, med tanke på «råderetten» over tomta.

Og at dei difor i større grad burde forsikra seg om at barnebarnet faktisk hadde rett til å både pantsette, og eitt år seinare, overføre tomta til Vortex AS.
– Her burde varsellampene ha blinka for alvor, sa advokat Thomas Skare ved fleire høve i sin saksgjennomgang.
Vidare utdjupa dei med tekniske funn kvifor dei meiner mannen i 30-åra brukte BankID-en bak ryggen til sin bestefar.
Desse skuldingane får mannen svare på når han skal vitne for retten tysdag.
– Kven fortel sanninga? Og kven er det grunn til å feste mest mogleg lit tid?, oppfordra advokat Jan Magne Isaksen retten til å spørje seg.
– Er det mest sannsynleg at bestefaren fortalde sanninga før han døydde og at barnebarnet, i den vanskelege økonomiske situasjonen han var i, opererte på eiga hand? Eller er det Haugland og mannen sjølv som fortel sanninga? Legg ein det siste til grunn, må også retten legge til grunn at bestefaren brukte den siste tida si på å politimelde barnebarnet sitt, sa han vidare.