Snøen lavar ned i Vestland onsdag morgon. Det skapar store utfordringar på vegane, og fleire stader har bilar kollidert eller køyrd ut.
Rett over klokka 06.00 var ein bil involvert i eit trafikkuhell på Fv. 7 ved Fyksesund bru i Kvam herad.
På Stord kolliderte to bilar i eit kryss på E39 nord for Leirvik rett før klokka 07.00.
På Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune ligg det eit kvitt lag. Meteorologane melder at snøvêret skal gje seg utover dagen.
Foto: Statens vegvesen, webkameraPerson undersøkt av ambulanse
110-sentralen Vest melder også om ei trafikkulukke i Strandvikvegen i Kvam herad rett over klokka 07.00.
– Front mot front, ingen skal vera fastklemt. Det skal vera svært glatt på staden, melder dei.
Operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt skriv i loggen at to personar er køyrt til lokal legevakt for undersøking.
Klokka 07.18 melder brannvesenet om endå ei ulukke. Denne gongen på Holsavegen i Sunnfjord. Der skal èin bil vera involvert.
Får meldingar frå heile fylket
Ein lastebil står også fast og sperrar eitt felt i Halsbrendslia på E39 opp frå Førde i Sunnfjord.
– Det vil nok skape kø og utfordringar dei neste timane, bekreftar trafikkoperatør Jan Audun Marøy.
Vegtrafikksentralen seier at dei har mannskap ute overalt.
– Me har meldingar frå Bremanger i nord til Stord i sør om at det er mykje snø på vegen, opplyser trafikkoperatør Thor André Snekkevik ved Vegtrafikksentralen Vest.
Det er utfordrande å komma seg fram på E39 Halbrendslia i Førde i Sunnfjord onsdag morgon.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKVegtrafikksentralen: – Køyr etter forholda
Han fortel at dei har alt ute av brøytemannskap for å ta hand om snøen.
– Men når det er pågåande snøvêr så får me ikkje brøyta overalt samstundes. Utover dagen så skal det verta lettare vêr, så vonleg får me brøyta og den svarte asfalten kjem fram igjen, seier han.
Statsmeteorolog Johanne Ordahl ved Meteorologisk institutt fortel at snøvêret er på sitt mest intense onsdag morgon.
Her frå Lote ferjekai i Nordfjord, der det også har snødd godt.
Foto: Statens vegvesen, webkamera– Det er venta at det vil minka utover onsdagen, og at skydekket vil sprekka opp. Men det er mildt ute som gjer at snøen er sleip, seier ho.
Ho oppmodar bilistar om å berekna ekstra tid, og ta omsyn til dei utfordrande køyreforholda.
Skyss melder at snøen skapar utfordringar for fleire bussruter. Det er også lange køar inn mot Bergen onsdag morgon.
Det er glatt på E39 over Ostereidet i Nordhordland. Alt av brøytemannskap er ute.
Foto: Statens vegvesen, webkameraPublisert 18.02.2026, kl. 07.48 Oppdatert 18.02.2026, kl. 08.58











English (US)