Småfly sakna utanfor Os

2 weeks ago 21



Naudetatane er på veg til Os i Bjørnafjorden kommune etter melding om eit småfly med problem.

Politiet melder at småflyet som melde frå om naudlanding no er meldt sakna.

Teorien er at flyet skal ha prøvd å naudlande på eit vant nær Os i Bjørnafjorden.

Før dette skal flyet ha meldt til eit flytårn at det ville forsøke å naudlande.

– Søk pågår i området grunna observasjonar som er gjort frå vitne, melder politiet i ein uttalelse til pressen.

Det er ukjend kor mange personar som var om bord.

– Dei har send melding om at dei kjem til å lande på vatn, så me har send ut dykkarar og lettbåt mellom anna, seier Svein Erik Reistad ved 110 Vest.

HRS bidrar med å gjennomfører søk i området.

– Vi fekk melding om eit småfly som tok av frå Flesland og er sakna, seier Andreas Nesheim i Hovudredningssentralen (HRS).

Ein luftambulanse frå Bergen og redningshelikopter frå offshore som var i området bidrar i søket. Det er også sendt redningshelikopter frå Florø.

Flyet som er sakna utanfor os

Redningshelikopter er på veg til småflyet.

Foto: privat

Publisert 01.04.2025, kl. 16.06 Oppdatert 01.04.2025, kl. 16.29

Read Entire Article