Slutt for lang TV-tradisjon: Laurdag er siste Lotto-trekking på NRK

6 hours ago 1



Lotto-sendinga frå Hamar har vore eit fast innslag på NRK sidan 1986.

Laurdag 11. april rullar ballane for aller siste gong på riksdekkande TV.

– Lotto har vore eit fast innslag på NRK i nærare 40 år. Opp gjennom åra har ho vore ein naturleg del av laurdagskvelden for mange, seier TV-sjef i NRK, Jan Egil Ådland.

I lang tid gjekk Lotto-sendinga på NRK1. Dei siste månadene har sendinga gått på NRK 2.

Kjem du til å sakne Lotto-sendingane på TV?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Få klager

Sjølv om ein 40 år lang TV-tradisjon forsvinn frå skjermen, har klagene frå publikum vore få, ifølgje Ådland.

– Vi har berre fått fem klager på nedlegginga så langt, og med tanke på dei millionane som nyttar NRK sitt tilbod, får vi seie at det er til å leve med.

Medieredaktør Jan Egil Ådland informerer om avsluttingen av samarbeidet med Norsk tipping.

TV-sjef i NRK, Jan Egil Ådland.

Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

Lotto-sendinga har blitt kjøpt inn av NRK, og vil føre til ei lita innsparing. Kor mykje vil ikkje Ådland seie.

– Kva skal inn når Lotto-trekkinga forsvinn frå skjermen?

– Programma blir ikkje erstatta med anna spesifikt innhald, men det blir gjort mindre justeringar i sendeskjemaet på NRK2.

Nye tidspunkt

Når trekkinga forsvinn frå skjermen, markerer det også starten på ein ny, digital kvardag for Norsk Tipping.

Dei skal vise trekkingane på sine nettsider og i appen.

– I første omgang blir det dei fire same programleiarane som vi har i dag, seier lotteri- og trekkingsansvarleg i Norsk Tipping, Ingrid Roterud Mathisen.

På kort sikt gjer vi berre små justeringar på sjølve sendinga, der den største skilnaden blir kor dei blir publiserte.

en person som sitter i en stol

Ingrid Roterud Mathisen er blant dei som har hatt æra av å ringe heldige Lotto-millionærar på laurdagskvelden.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Når sendingane forsvinn frå TV, vil det også bli nokre endringar i tidspunkta for sendingane.

  • Extra blir sendt klokka 19.00 på tysdagar
  • Vikinglotto/Joker blir sendt kokken 21.00 på onsdagar
  • Lotto/Joker blir sendt klokka 20.00 på laurdagar

Til liks med NRK, har også Norsk Tipping opplevd få reaksjonar etter det blei kjend at sendingane blir fjerna frå TV-skjermen.

– Dei førespurnadene som har komme til nå, har i hovudsak vore bekymringar frå dei av kundane som ikkje er digitale i dag, seier Roterud Mathisen

– I tillegg har vi nokon som liker sendingane godt og som synest det er vemodig at dei ikkje kan sjå trekkingane på TV lenger.

Ho er førebudd på at det kan komme nokre fleire reaksjonar nå.

Ferdig på TV?

Sjølv om Lotto-sendingane forsvinn frå TV-en for denne gongen, stenger dei ikkje døra heilt for lineær-TV.

– Det kan vere aktuelt på sikt. Nå er første prioritet å få vist trekkingane på ein god måte i våre eigne kanalar.

– Vi vil jobbe vidare med å auke spele- og trekkingsopplevinga ytterlegare i eigne kanalar, og dessutan å vurdere andre alternative flater.

Publisert 11.04.2026, kl. 16.15

Read Entire Article