Natt til laurdag brann det i ei større lagerbygning, i den gamle koffertfabrikken, i Øystese sentrum i Kvam herad.
Laurdag morgon vart brannen sløkt.
Folk i området fekk beskjed om halde vindauge igjen, og stenge eventuell ventilasjon. Brannvesenet melde på eit tidspunkt at det var opne flammar og mykje røyk frå bygget. Dette tiltrakk seg ein del folk som politiet bad fjerne seg.
Lagerbygget er ikkje i bruk i dag, det var ingen som oppheldt seg i bygget.













English (US)