Sløkkar veglysa for godt av hensyn til insekta

1 month ago 23



Heime skrur me gjerne av lysa når natta kjem.

Men ute på vegane lyser dei veg, natta gjennom.

Mange stader treng dei strengt tatt ikkje det, har Statens vegvesen funne ut.

I samarbeid med Vestland og Vestfold sløkker dei no lysa for godt på to vegstrekkjer, for å skåne naturen.

Påverkar insekta

– I Noreg er det ganske strenge krav til at det skal vere lys på ganske mange strekningar, seier Erling Fjeldaas, som leiar prosjektet for Statens vegvesen.

Erling Fjeldaas, rådgjevar i klima- og miljø-seksjonen ved Statens Vegvesen.

Erling Fjeldaas er rådgjevar ved Vegvesenets klima- og miljø-seksjon.

Foto: Bård Asle Nordbø/Statens Vegvesen

I samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har dei har utvikla eit verktøy som viser kor det er veglys som det sannsynlegvis ikkje er krav til, og kor stor påverking desse har på naturen.

– Verktøyet har funne ut at det er veldig mange strekningar i Noreg, særleg på kommune- og fylkesvegar, der det er veglys utan at regelverket krev det.

Det er dårleg nytt for insekta.

Dei blir nemleg lokka til lyset, der dei blir fram til dei blir etne eller slit seg i hel.

Det vil Vegvesenet gjere noko med.

I samarbeid med Vestland og Vestfold fylkeskommune sløkkar dei lysa på to vegstrekningar, på Sotra i Vestland og på Hvarnes i Vestfold.

– Me har sett om nokon av desse strekningane ligg i område der dei sannsynlegvis har ekstra negativ effekt på naturen, og det er to slike vegstrekk me har vald ut til dette prosjektet.

– Ikkje godt motteke

For berre to månader sidan starta Vegvesenet eit liknande pilotprosjekt med nattsløkte veglys, i samarbeid med Vestfold fylkeskommune.

Det har gått veldig bra, ifølgje Fjeldaas.

– Eg hadde forventa at det skulle kome inn ein del telefonar frå folk som kravde lyset tilbake, men så vidt eg veit har me ikkje fått nokon klagar endå.

Kartet viser fylkesveg 5218 på Sotra. Mange røde prikkar langs vegen illustrerer veglys. Omlag halvparten av dei er mørkeraude, som viser at dei kan påverke naturen negativt.

Slik ser fylkesveg 5218 ut i verktøyet som Statens vegvesen har utvikla i samarbeid med Nibio. Dei raude prikkane illustrerer veglys, og dei mørkeraude veglys som kan påverke naturen negativt.

Foto: Statens Vegvesen

I det nye prosjektet skal lysa sløkkast permanent, og på fylkesveg 5218 på Stord skal lysa jamvel fjernast heilt.

Der blir det ikkje særleg godt motteke, er inntrykket til Vegard Sælensminde.

– Mange er bekymra for trafikktryggleiken, og det er det gode grunnar til, tenkjer eg.

Ser hjort langs vegen dagleg

Sælensminde bur sjølv like ved fylkesvegen på Stord som mistar to kilometer med veglys til sommaren, eit stykke sør for skogen som skal beskyttast mot veglysa.

Der er det mykje hjort, fortel han.

– I periodar om vinteren har eg sett hjort der nesten dagleg når eg har køyrd forbi. Og den kjem brått på.

Det er heller ikkje fortau, gangfelt eller vegskulder å gå på for vandrande og syklistar på vegen.

Sælensminde seier nyheita kom som ei overrasking.

– Eg syns det har vore lite informasjon om kva som ligg bak, og eg har ikkje høyrd noko om at dette var eit sårbart område før.

Skal undersøke potensial

I denne omgang er det til saman fire kilometer fylkesveg som mistar lysa.

Men det kan bli fleire.

– Vidare skal me analysere kor mange av den typen strekningar som finst, kor me potensielt kan ta vekk veglysa, seier Fjeldaas.

Eit døme frå verktøyet til Vegvesenet viser eit kart over Sør-Noreg, med prikkar i forskjellige nyansar av raudt. Jo raudare prikk, jo større antatt påverking på naturen.

Med verktøyet kan Vegvesenet finne kor det er veglys det sannsynlegvis ikkje er krav til. Jo raudare punkt, jo større antar dei påverkinga på naturen er.

Faksimile: Statens Vegvesen

Fjeldaas seier dei veit at mange fylkeskommunale og kommunale vegar har lys utan at det er grunna i trafikktryggleik.

– Det har ikkje vore kultur i Noreg for å ta ned veglys når dei først er oppe. No har me ei stor utskifting til ledlys, og då burde me først stoppa opp og spørje oss om det er behov for veglys dei enkelte plassane før me brukar mykje pengar på den oppgraderinga.

Publisert 04.06.2024, kl. 16.55

Read Entire Article