Slo verdseinarane i curling: – Det er karaoke i landsbyen

3 weeks ago 15



– Det er ei bragd det her å slå Storbritannia i eit OL. Dei er rangert nummer ein i verda. No treng gutane antakeleg ein seier på dei tre neste for å kome seg til ein semifinale, seier NRK sin curlingekspert Christoffer Svae.

Dei norske curlingherrane var sjølvsagt svært nøgde med sigeren som var svært viktig for at draumen om semifinale skulle leve vidare.

– Vi er vel på sporet. Akkurat denne sigeren her var ein bonus, så burde vi vel hatt med oss ein siger til frå dei andre kampane. Men når du slår Mouat – dei beste i verda – så kan du slå kven som helst. Så det her er utruleg digg før dei nesten kampane, seier Gaute Nepstad til NRK.

– Det gir kjempesjølvtillit. Spesielt etter gårsdagens kamp, seier Bendik Ramsfjell.

I går tapte Norge mot USA på slutten av kampen.

– Revansjen gjekk litt ut over Storbritannia i dag, legg han til.

GLEDE: Dei norske herrane skal feire med karaoke etter at dei slo Storbritannia i curling.

Foto: Jennifer Lorenzini / Reuters / NTB

Norges skip Magnus Ramsfjell sette den siste og avgjerande steinen for Norge. Han er beskjeden når han får spørsmål om dette er den viktigaste steinane han har sett i karrieren.

– Nei, det trur eg ikkje. Men eg trur så lenge man ikkje tenker at det kan vere det, så går det bra.

Han seier dette er noko han har terpa på i oppkøyringa til OL.

– Eg har jobba litt med det på trening, har trent på å halde nervane under kontroll. Eg veit kva eg skal gjere og korleis ein skal gjennomføre og vi fekk til det veldig bra.

Skip Magnus Ramsfjell meiner Norge gjere det vanskeleg for Storbritannia.

– Eg er veldig glad for korleis gutane løyser det. Gaute har ein kjempekamp, med veldig bra setups som gjer at Storbritannia må spele veldig vanskelege steinar. Og vi fortset berre å trøkke på. Så får dei ein miss av Mouat i åttande omgang, som snur kampen. Eg er veldig stolt av det vi fekk til.

Måtte på do

Det oppstod derimot ein viss dramatikk i den åttande runden. Britane og Bruce Mouat hadde siste stein og alt låg til rette for at Storbritannia skulle ta poeng.

– Eg måtte litt på do eg, så eg berre sprang ut, fortel Ramsfjell til NRK

Her må Noreg sin skip Magnus Ramsfjell ut på do undervegs i kampen mot Storbritannia. Laget må vente på at han returnerer før dei spelar neste stein.

Men den britiske skipen tabba seg ut og dermed stal Norge to poeng.

– Den gjekk i garden, men dei får sikkert eit eller annan ut av det likevel. Det var stor spenning når eg stod der og tissa litt, fortel han lattermildt til NRK.

På TV bilete kan vi sjå Ramsfjell komme hastande inn i det den niande omgangen skal starte.

Reserve Wilhelm Næss stod på sidelinja og observerte det heile.

– Eg sa eg kan springe ut eg, no når alt gå så bra. Han forventa jo ein einar til Storbritannia. Så han var litt halvlang i maska når han kom ut og såg han måtte ut med kosten tidlegare enn venta.

Skal på karaoke

I kveld blir dei feiring for dei norske herrane.

– Det er karaoke i landsbyen i Cortina i kveld. Så dit skal eg og forhåpentlegvis alle gutane og synge nokre sigerssongar, seier Gaute Nepstad.

Norge opna godt mot det britiske laget og tok det første poenget i den tredje omgangen etter at britane hadde nulla dei to første rundane.

Ved pause var det uavgjort 2–2 på isen i Cortina.

– Vi har spelt kjempebra. Dei har ikkje fått noko gratis. Berre å halde fram med det vi har gjort no, sa reserve Wilhelm Næss til NRK i pausen.

Norge heldt fram det gode spelet mot verdseinarane etter pausen. I sjuande runde utlikna nordmennene til 4–4 før dei etter ein tabbe av skip Bruce Mouat gjekk opp i føringa 6–4.

Britane kom tilbake og før siste runde låg alt til rette for ein thrilleravslutning. Norge hadde siste stein og den sikra norsk siger.

– Det er ganske rått. Eigentleg dritbra spel av begge lag. Det å komme ut sigrande med ein sånn siste stein. Det er nydeleg, fortel Bendik Ramsfjell.

GLEDE: Dei norske herrane skal feire med karaoke etter at dei slo Storbritannia i curling.

Foto: Jennifer Lorenzini / Reuters / NTB

Tre svært tøffe oppgjer står igjen for dei norske curlingherrane.

Tysdag møter Noreg regjerande OL-meister Sverige. Etter det ventar stornasjonar som både Sveits (onsdag) og Canada (torsdag).

Med fire sigrar og to tap i gruppespelet er Norge no på ein 3. – plass i gruppa. Dei fire første går vidare til semifinale. Sveits har vunne alle sine kampar og leiar gruppa føre Canada.

Publisert 16.02.2026, kl. 17.05 Oppdatert 16.02.2026, kl. 18.55

Read Entire Article