Slik vil dei gi kleda våre lengre levetid

4 hours ago 2



I Sykkylven går allereie symaskiner for fullt. Der reparerer dei kleda frå 20 sportsbutikkar som har blitt med i prosjektet til no.

– Kundemønsteret endrar seg. Kundane har lyst til å reparere favorittjakka si, seier Eva Langstein i Tomra Konfeksjon.

Jorunn Dahle er i gang med å reparere klede for Tøye-prosjektet

FOTO: Øyvind Sandnes

Dei står bak pilotprosjektet «Tøye» der ønsket er å forlenge levetida for sportsklede, og forhindre at ting som kan reparerast hamnar i søpla.

Satsar

Tomra Konfeksjon har lang historie som klesprodusent. No trur dei fleire ønsker å reparere i staden for å kjøpe nytt, og satsar difor på eit nasjonalt reparasjonssenter.

Bedrifta Tøye skal starte reparasjon av sportsklær

Eva Langstein i Tomra Konfeksjon meiner fleire har lyst til å reparere favorittjakka si i staden for å kjøpe ny.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

– Det er så mykje som kunne vore redda i staden for å ende som avfall, seier Eva Langstein.

Statens institutt for forbruksforsking har dokumentert at kvar person i gjennomsnitt har 359 plagg i klesskapet.

Dette er ei stor belastning for klima og miljø. Kleda er også så billege at mange kastar i staden for å reparere.

Mini-konfeksjonsfabrikk

Tomra Konfeksjon har jobba eitt år med Tøye-prosjektet, og dei har begynt å ta imot klede.

Dei startar først i Sykkylven der dei har ekspertise på industrisymaskiner og kan tilpasse dei til reparasjonsmarknaden.

– Her har vi kompetanse og eit høve til å få etablert og gjenskape ein mini-konfeksjonsfabrikk, eit reparasjonssenter for klede, seier Langstein.

Før dei tar imot yndlingsplagget kundane vil ha reparert, har dei allereie vurdert om det er mogleg å fikse det, og kva prisen vil bli.

Eva Langstein er daglig leder i bedrifta Tøye som skal starte reparasjon av sportsklær

Kundane leverer kleda i sportsbutikken. Der får dei ein qr-kode for å få opp skjemaet dei skal fylle ut. Ved å sjå bilde av skaden kan reparatøren vurdere om det er mogeleg å fikse før dei sender plagget i posten.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Håpet er at reparasjonssenteret blir så effektivt og rimeleg at folk brukar kleda sine lenger.

– Vi må ta tak i dette. Vi kan ikkje halde fram med å bruke og kaste, seier reparatør Jorunn Dahle.

Ho har lang erfaring innan saum, og er leigd inn i Tøye-prosjektet for å fikse klede og lære opp andre.

Bedrifta Tøye skal starte reparasjon av sportsklær

Jorunn Dahle er reparatør for Tøye-prosjektet.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Vanskeleg konkurranse

Ingun Grimstad Klepp er professor i klede og berekraft ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Ho håper Tomra Konfeksjon får det til, men trur det kan bli tøft.

– For det første ønsker eg dei veldig lykke til.

Ho meiner det er ein stor fordel at bedrifta har saumkompetanse, og at dei jobbar med å gjere reparasjons-senteret mest mogleg effektivt.

– Så er det ein god ting at dei spesialiserer seg på sportsklede, for dei er dyrare enn andre klede. Dermed kan folk kanskje bruke litt pengar på å få dei fiksa, seier ho.

Ingunn Grimstad Klepp

Ingun Grimstad Klepp er professor ved Oslo Met.

Foto: Hanna Huglen Revheim / NRK

Ho trur også det kan vere ein fordel for bedrifta at allversjakker og liknande no kan bli dårlegare på grunn av nye miljøkrav.

– Det betyr jo at det er ein god grunn til å ta vare på gammal skallbekledning.

Likevel meiner ho at Tøye-prosjektet til Tomra Konfeksjon går inn i ein tøff marknad der det er vanskeleg å klare seg. Mange kjøper så mykje kle at vi ikkje rekk å slite dei ut før vi kjøper nye. I tillegg kostar det å reparere.

– Hovudproblemet er ein hemningslaus import av altfor billige og alt for mykje kle. Då blir konkurransesituasjonen veldig vanskeleg, seier ho.

Bedrifta Tøye skal starte reparasjon av sportsklær

Jorunn Dahle og Zhanna Lukianenko er i gang med å gå igjennom kleda som er sendt inn for reparasjon.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Drøymer om mange tilsette

Gjengen bak Tøye jobbar no med å finne ut kva ein reparasjon vil koste.

Prosjektet blir gjennomført med støtte frå Skaparkraft-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og i prosjektperioden fram til januar, er reparasjonsarbeidet gratis.

Bedrifta Tøye skal starte reparasjon av sportsklær

Zhanna Lukianenko er i gang med å reparere klede som folk har sendt inn til Tøye-prosjektet.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Kunden betalar berre for frakt.

– Innan året er omme håpar vi at vi har komme så langt at vi kan skalere dette, at det har blitt arbeidsplassar for mange, og at prisane blir levelege for forbrukarane og for leverandørar, seier Langstein.

Målet er også å få med mange fleire sportsbutikkar på laget.

Eva Langstein har store draumar for prosjektet.

At det endar med mange tilsette og stor reduksjon av avfall, slik at vi kan få reparert meir enn vi kastar på sikt.

Publisert 07.11.2025, kl. 17.52

Read Entire Article