Slik kan du utnytte kuldegradene

15 hours ago 2



Vinteren har for alvor meldt sin framkomst, med temperaturar ned i 35,8 minusgrader enkelte stader.

Og kulda ser ut til å halde fram ei stund framover, ifølgje meteorolog Unni Nilsen.

– No er det stort sett kaldt i heile landet, og det ser ut til at det skal fortsette med kulde og kaldt vêr i kvart fall ei veke fram i tid, seier Nilsen til NTB.

Allereie har vi sett temperaturar ned på minus 30. I Folldal var det minus 35,8 grader natt til tysdag. Også fleire andre stader i Innlandet har vore nede på 30-talet.

– Eg ser for meg at det kan bli like kaldt som det har vore, og nokre stader kan det bli endå kaldare, seier Nilsen.

Kanskje freistar det mest å fyre i peisen og legge seg under eit dyna, men kulda fører også med seg nokre moglegheiter.

Tøm fryseboksen!

Minusgrader, aller helst kaldare enn 10 blå, er ei perfekt anledning til å rydde frysaren.

For no har du ein stor fryseboks rett utanfor døra!

Der kan du sette maten medan du ryddar og avrimar fryseboksen. Hugs å dekke til maten slik at den ikkje blir eten opp eller tatt av dyr.

Fryseboks

No er tida inne for å rydde i fryseboksen.

Foto: Mette Stensholt Schau

Den beste måten å avrime fryseboksen på, er å dra ut kontakta frå frysaren, opne døra og vente på at romtemperaturen skal tine bort rimet.

Dette kan ta tid, om du er utolmodig kan du sette ein kjele med varmt vatn i frysaren og lukke døra. Når vatnet har blitt kaldt, bytt det ut og la kjelen med det nye, varme vatnet så til rimet har tina.

For å unngå vassøl, bør du legge nokre handklede på golvet og tørke opp jamleg.

Lufting av dyner og teppe

Tosifra minusgrader er også ei perfekt anledning til å lufte både teppe, dyner og madrassar.

I denne temperaturen greier nemleg ikkje husstøvmidden å overleve. Jo kaldare det er, jo betre.

Astma- og allergiforbundet meiner det må til rundt 17 minusgrader for å fryse i hel husstøvmidden.

Før du tek inn dyna etter lufting, er det viktig å riste den godt.

Vinterlufting av dyne

No er det ei god anledning til å kvitte seg med den uønskte husstøvmidden. Heng dyna, pledd og teppe ut i minusgradene.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Og når du først er i gang med å lufte både det eine og det andre, heng ut bunaden din også.

Legg den gjerne i rein, tørr snø, så får bunaden ein naturleg reins.

Det same kan du gjere med ullkåpa og ullgenseren.

Kom deg ut

Trass kuldegradene og kom deg ut.

Med låge temperaturar, følgjer ofte fint vêr og fine opplevingar ute i naturen.

Dersom det ikkje er for kaldt, kan til dømes ein skøytetur på isen by på vakre vinteropplevingar.

Men det viktigaste først: sjekk isen!

Redningsselskapet tilrår at ved kuldegrader bør isen vere minst 10 cm tjukk før du bevegar deg ut på han.

Sondre Slettemark

Vil du ut og trene i kulda? Då bør du kle deg godt!

Foto: Alexander Nordby / NRK

Hugs å kle deg godt.

Kle deg i fleire lag, gjerne med ull eller andre materialar som transporterer fukt inst.

Så eit isolasjonslag, til dømes ullgenser eller fleece, før du tek på deg ytterkleda som bør vere vind- og vassavstøytande.

Og kanskje aller viktigast er det å halde hovudet, føtene og hendene varme.

Det er her dei største varmetapa skjer.

Ta på deg ei god lue som dekker øyra, og dekk til halsen. På dei kaldaste dagane bør du bytte ut hanskane med vottar, og på føtene er det ullsokkar som gjeld.

Og hugs ein ting til: Det blir mange lag med klede, men det er viktig at dei sitt laust slik at ein får eit luftlag mellom laga. Det gir nemleg ekstra isolasjon.

Når du har fått på deg kleda, er det berre å ta seg ein tur ut. Tenn gjerne opp eit bål eller ha med varm drikke.

Lag iskunst

På ekstremt kalde dagar kan du prøve å kaste kokande vatn i lufta for å lage ein sky av iskrystallar.

Ver klar over at kokande vatn kan vere skadeleg dersom det ikkje frys og du får det på deg. Test godt unna deg sjølv først.

Stian Wåsjø Simonsen hiver varmt vann opp i lufta i 30 minusgrader i januar 2024.

Det var 30 minusgrader ute i januar i 2024 då NRK-journalist Stian Wåsjø Simonsen testa å kaste kokande vatn i bitande kulde.

Eller du kan nytte kulda til å lage islykter. Fyll ei bøtte, bolle eller annan form med vatn og sett den ut i minusgradene for å lage dekorative islykter.

Du kan også prøve å dekorere dei med naturmateriale som blad, bær eller konglar – berre putt det i vatnet før du set det ut til frysing.

Lag heimelaga iskrem

Iskrem er kanskje ikkje det som freistar mest i kulda.

Likevel så kan dette vere eit artig eksperiment å gjere, og greitt å vite om dersom du får lyst på is medan du er godt i gang med å avrime frysaren.

Et glass med softis og jordbær i snøen

Kan det freiste med litt is i kuldegradene?

Foto: Marte Aasen

For du kan nemleg nytte snøen og kulda til å lage iskrem!

Bland fløyte, heilmjølk og sukker i ein pose. Legg den i ein større pose fylt med snø eller is og salt. Rist posen i cirka ti minutt, så har du heimelaga softis på pose.

Topp gjerne med bær, kakaopulver, nøtter eller det du måtte ønske.

Publisert 09.01.2026, kl. 10.42

Read Entire Article