Strekk ikkje tida til? Eller endar du berre opp på mobilen? Du er ikkje aleine.
– Eg har to bøker liggande klare på nattbordet mitt. Dei ventar på å bli lesne, men eigentleg er dei berre til pynt.
Arin Soltanpanah (26) har prøvd fleire gonger. Ho har lyst til å ha lyst til å plukke dei opp.
– Kva står i vegen?
– Eg må berre gidde. Og så er det telefonen min, da.
- Mest opptatt av lesetips? Trykk her!
Soltanpanah jobbar i NRK og er programleiar i P3morgen. Tidlegare i haust deltok ho i ei utfordring i regi av NRK-podkasten «Lev vel».
Målet var å kutte skjermtida på mobilen.
Tida ho sparte, håpa Soltanpanah å bruke til å lese ut ei bok for første gong på lenge.
Bøker er trass alt mykje kulare enn mobilen, meiner 26-åringen.
Ho halverte skjermtida si, men bøker blei det lite av.
– Det blir fort kjedeleg. Eg er øydelagd av TikTok og dårleg «attention span», seier Soltanpanah.
Ho treng at ting skjer med ein gong – at ho får poenget med éin gong.
Elles glepp fokuset, forklarer ho:
– Eg kan begynne å lese, men sjekke mobilen etter tre sider. Så er eg kanskje på mobilen i ein halvtime, før eg opnar boka igjen. To sider til – før eg er tilbake på telefonen.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
– Det er trist og kjennest usunt, seier Soltanpanah.
– Kva tar du opp telefonen for å sjekke?
– Eg er avhengig av vennene mine og har «fomo» for gruppechatten, men det er eigentleg ikkje noko å engste seg for. Som oftast går eg ikkje glipp av noko.
Kvifor er det likevel vanskeleg å plukke opp boka?
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
- Lesing er bra for hjernen. Likevel viser tal frå 2023 at 34 prosent av nordmenn ikkje har lese ei bok det siste året.
- Språkrådet har slått alarm om manglande leseglede – medan regjeringa har gått til aksjon for auka leselyst.
Ingen er altså ueinige om at lesing er viktig. Samtidig er ingenting så kjedeleg som at nokon skal fortelje deg kva du bør like.
Men kva om du har lyst til å lese – og likevel ikkje får det til?
Da NRK søkte råd hos nokre kompetente lesehestar, viste det seg at også dei kan bli mobilavhengige.
I denne saka får du tipsa deira til å finne tilbake til lesegleda – eller oppdage henne. Køyr inspirasjon!
Legg mobilen heilt bort
– Ikkje ha mobilen ved sida av deg når du les, eventuelt sett han i flymodus, seier Sofie Steen Isachsen.
Influensaren – betre kjent som Sophie Elise – har sjølv gitt ut fleire bøker.
I sosiale medium deler ho flittig om både boktips og lesing til sine hundretusenvis av følgarar.
Sofie Steen Isachsen
- Betre kjent som Sophie Elise.
- Influensar, forfattar og gründer.
Og for å komme nokon veg med lesinga, gjeld det altså å kvitte seg med distraksjonane, meiner ho.
– Korleis klarer du å prioritere bøker over skjerm?
– Eg kan bli demotivert, sliten, kjenne meg stygg og som ein tapar av å sjå på skjermen, fordi eg samanliknar meg med andre eller kjenner på eit slags stress. Det kjenner eg aldri med bøker.
Den kjensla gjer valet enklare, forklarer Isachsen.
– For å vere streng på det: Om du ser mykje på skjerm, kastar du rett og slett bort det eine, verdifulle livet du har. Du kjem til å angre heilt sjukt på det.
Men det er vanskeleg å kutte ned på skjermtida, erkjenner boknerd og kulturjournalist Siss Vik.
Ho les bøker i fleng og skriv Bokbrevet i NRK. Likevel slår ho ærleg fast:
– Eg er heilt avhengig av mobilspel.
Rett nok høyrer ho ofte på lydbok samtidig.
– Men eg kan forsvinne inn i Instagram-reels – den store svakheita mi – i timevis. Mobilen er dop! Så da ligg eg der, med vondt i auga, og angrar på at eg ikkje las ei bok i staden.
Siss Vik
- Litteraturviter og kulturjournalist.
- Skriv Bokbrevet i NRK.
Derfor må mobilen bort. Helst i den grad at du faktisk må reise deg opp for å hente han, meiner Vik.
– For du kjem til å kjenne prikkinga i fingrane etter kvart. Den som seier: «Åh, eg må berre sjå om det har komme nokre fleire morosame kattevideoar på internett sidan sist».
Men skam hjelper ingen. Tilgi deg sjølv, råder Vik:
– Det er som med all avhengnad – kaffi, energidrikk, potetgull – og det er greitt. Litt viljestyrke må til, så kjem du over kneika. Eg lovar!
Senk krava
Neste hinder: Dørstokkmil og tidsklemme. For når skal du eigentleg ha tid til å lese?
Oftare enn du kanskje trur.
– Ikkje føl at du må sette av mykje tid, sette deg i sofaen under eit pledd og lage ein kopp te før du opnar boka, seier Janne Stigen Drangsholt.
Janne Stigen Drangsholt
- Forfattar og litteraturviter.
- Professor ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Senk heller terskelen, råder ho:
– Du må ikkje lese eit heilt kapittel eller halde på lenge.
Å skru ned ambisjonane eit hakk, er eit råd som blir trekt fram av alle leseentusiastar i denne saka.
Gi heller deg sjølv ei meistringskjensle.
– Sett ein regel på kor mange sider du skal lese per dag. Fem sider held, seier Isachsen.
Les akkurat det du vil
Korleis finn ein så den rette boka? Kos deg med prosessen, råder Vik:
– Finn ei bok som gir deg ein gnist av lyst. Dersom det inneber at du må kjøpe eller låne deg ei ny bok, og drite i bunken som allereie ligg på nattbordet, så gjer det!
Bruk folka rundt deg på vegen, oppfordrar ho.
– Kjenner du ein som les mykje? Spør om vedkommande har ei bok hen trur du kan like. Eller bruk litt tid på å snakke med nokon på biblioteket eller i bokhandelen, seier Vik.
Sjølv liker Arin Soltanpanah lettlesne bøker, gjerne dei ho kan rase gjennom.
– Det er herleg å få meistringskjensle!
Ho ser etter bøker der ho kjenner seg igjen i karakterane.
– Eg treng noko som treffer meg. Det høyrest cheesy ut, men det er viktig for at eg skal ha lyst til å lese, seier ho.
Leser du i hverdagen? 📚
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
P3-programleiaren får støtte av litteraturprofessoren.
– Når vi les vil vi kjenne oss igjen. Det er ikkje sjølvsagt at du finn det same i ei bok som nokre andre gjer, eller at du liker det same som dei, seier Drangsholt.
Ho meiner all lesing – same kva – er like bra.
– Det er ikkje betre eller dårlegare å lese krim eller «romantasy». Ingen skal fortelje deg kva som er bra litteratur, for det kan du bestemme heilt sjølv. Les noko du faktisk har lyst til å lese!
For Isachsen har spesielt éi bok vore viktig på vegen mot å bli ein lesehest:
«Muleum» av Erlend Loe.
– Den er veldig enkel, og eg liker han så godt! Det var den første boka eg las som gjorde at eg fann leselyst, seier ho.
Sveip for fleire tips:
– Det var den første boka eg leste som gjorde at eg fann leselyst, seier Sophie Elise om Erlend Loes «Muleum» frå 2007.
Foto: Cappelen forlagSiss Vik trekker fram «Blå» (2017) skreve av Maja Lunde. – Ein roman om vatnets betydning, skrive så spennande at du berre må lese vidare.
Foto: Aschehoug– Boka er nesten alltid betre enn filmen, seier Vik. Ho liker å lese bøker som blir film eller TV. Til dømes Mikael Niemis «Koke bjørn» frå 2020.
Foto: Exil Design / Oktober forlagFor dei som verkeleg likar verkelegheit framfor fiksjon, anbefaler Vik «Spilleren», om Volodymyr Zelenskyj. – Ho begynner den natta Ukraina blir invadert, og du er hekta frå start.
Foto: Debora Mittelstaedt / Cappelen Damm– Denne kjærleiksforteljinga er like god som TV-serie og bok, men eg får ikkje nok av Connell og Marianne. Ho er verd å lese sjølv om du har sett serien!
Foto: Faber & Faber
... men du må ikkje lese ferdig
Fungerer ikkje boka, fungerer ikkje lesinga. Isachsen har sett seg ei grense for når ho har lov til å legge boka vekk:
– Om eg ikkje liker han etter 20 sider, så byter eg bok.
Sjølv litteraturprofessorar gjer det.
– Før kunne eg tvinge meg sjølv til å lese ut bøker eg eigentleg synest var heilt gørrande kjedelege. Det drep leselysta, seier Drangsholt.
Nå gir ho seg sjølv maks 30 sider. Det er nemleg heilt lov å ikkje like ei bok du hadde tenkt til å like.
God leselyst!
Publisert 09.11.2025, kl. 11.35














English (US)