Slår alarm om trend blant unge utøvarar: – Urovekkande utvikling

1 month ago 26



– Idretten er farga av det maskuline. Utøvarane skal vere tøffe, tole skadar. Dei trenar og konkurrer sjølv om dei er skadde.

Forskar Jan Åge Kristensen, ved Noregs idrettshøgskole, peikar på eit press frå miljøet på dei unge spelarane, og at dei må levere sportsleg trass skadar.

Jan Åge Kristensen, NIH

SOSIALT PRESS: Idrettspsykolog Jan Åge Kristensen seier at det er eit press i ishockey til ignorere smerter, og trene og konkurrere trass i skadar.

Foto: Universitetet i Oslo

Kristensen har levert ei doktoravhandling der han tek føre seg ulike psykologiske faktorar som rammar unge idrettsutøvarar. Ein del av avhandlinga er ein forskingsartikkel om juniorishockeyspelarar.

Der peikar han på at mange ishockeyspelarar kjenner på eit press til å spele skadde, og derfor har eit urovekkande høgt inntak av smertestillande.

– Utøvarar må prestere i dag, i morgon. Dette bidrar til å gjere dei meir sårbare, meiner Kristensen.

Kristensen jobbar også som psykologisk rådgivar og hevdar at mange unge idrettsutøvarar kan utvikle usunne haldningar når det gjeld bruk av smertestillande, og at vegen til sterkare stoff derfor kan vere kort.

Spelte med brekt arm: – Vondt, men eg var kul

I arbeidet med ei masteroppgåve på Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo gjennomførte Sofie Christensen intervju med til saman 25 spelarar frå den norske eliteserien i ishockey i slutten av 2022.

Der fortalde to av spelarane blant anna:

– Spelte med brekt arm. Jævlig vondt, men eg var kul.

– Før så kunne ein gå inn i medisinrommet og det var opne dører. Ein cocktail. Plukke godteri. Hockeygodis.

Masteroppgåva baserer seg på det ho omtalar som misbruk av smertestillande blant hockeyspelarar og ein ukultur for bruk av tunge smertestillande og sovemedisin for å bli klar til kamp.

– Normaliseringa dei gjer av legemiddelbruk og at det er nødvendig er ikkje bra. Dei forklarer det med at dei driv eliteidrett. Det er forståeleg at dei vil tøye strikken, men alvorleg, seier Christensen til NRK.

Større sjanse for å bruke doping

Ishockey er ein idrett der sjansen for skadar er stor, i stor og lita grad. Derfor meiner Kristensen at miljøet bør ta eit større ansvar for å verne unge utøvarar og fremje gode haldningar.

– Prestasjonsaspektet i idretten går ut over helse og respekt, fordi det til dels bryt med grunnverdiane i idretten. Blant dei glede, fellesskap, ærlegdom og god helse, meiner Kristensen.

Med respekt så meiner han idrettslege verdiar som blant anna Fair Play og konkurranse på likt grunnlag. Han meiner at mange unge går ut over desse verdiane for å oppnå draumen om å bli best.

– Dei som opplever prestasjonspress frå miljøet, har større sjanse for å bruke doping, hevdar Kristensen.

– Dei går vidare og eksperimenterer med andre preparat. Det blir ei urovekkande utvikling og urovekkande trend. Dei er under store påverknadar i kvardagen, derfor tek dei i bruk desse metodane og substansane, held han fram.

– Mykje? Det er vanskeleg å seie

Frisk Asker-spelar Alexander Bonsaksen seier det er dumt viss unge ishockeyspelarar kjenner på eit press til å spele med skade, men meiner dette ikkje er unikt for ishockey.

– Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg viss mange føler at dei må spele skadde, no trur ikkje eg det er noko eige med ishockey, men noko generelt med idretten, seier han til NRK.

Bonsaksen har hatt ein lang karriere både i utlandet, i Noreg og for det norske landslaget. Sjølv har han ikkje kjent på noko press til å spele skadd som ung, men seier han har spelt kampar med skade.

vK6Xw-Zn8JI

TRIST: Frisk Askers-spelar Alexander Bonsaksen synest eit er dumt å høyre at mange unge ishockeyspelarar kjenner dei må spele med skade.

Foto: NTB

– Eg er 37 år gammal og har spelt hockey heile livet. Sjølvsagt har eg spelt skadd, men då har det vore kalkulert risiko i samråd med klubblegar og fysioterapeutar der eg veit kva som kan gå gale av å spele, og om ein veit at det ikkje blir noko verre av å spele, seier han.

For ifølgje den tidlegare landslagsspelaren er det ikkje berre å gå og hente smertestillande i garderoben. At bruken er høg er han delvis ueinig i. Han meiner bruken samsvarer med behovet.

– Mykje? Det er vanskeleg å seie. Det ligg ikkje laust rundt i garderoben, så ein må alltid innom ein fysio eller lege for å få det skrive ut på resept, seier han.

At unge kan utvikle usunne haldningar som gjer at dei kan gå vidare med å eksperimentere med andre preparat og ulovlege middel trur ikkje Bonsaksen på.

Det synest eg høyrest veldig «far fetched» ut. Å dra parallellar frå Paracet eller voltaren til å ta doping. Då er han søkande i forskinga si vil eg seie, for det tvilar eg på har nokon samanheng, seier han.

Kristensen er presentert for sitatet til Bonsaksen, men seier til NRK at han ikkje ønsker å svare.

– Sjølvsagt uheldig

Petter Salsten, sportssjef og konstituert generalsekretær i Noregs ishockeyforbund, seier til NRK at han og forbundet er kjend med problematikken.

– Det er sjølvsagt uheldig om utøvarar opplever press frå miljøet om å delta i kamp dersom dei er skadde. Det ønsker vi ikkje. Om dette også medfører hyppigare bruk av smertestillande medisinar, så må vi kanskje løfte dette enda sterkare fram, både i utdanninga vår og i dialogen vår med utøvarar og klubbar, seier han.

lgWLXLsi3xU

UHELDIG: Petter Salsten, sportssjef og konstituert generalsekretær i Noregs ishockeyforbund, seier dette er noko som blir jobba med i forbundet.

Foto: NTB

– Her er det jo dels kultur, men kanskje også konkurransesituasjonen til kvar enkelt som speler inn på val, så større bevisstheit for dette kan synast på sin plass, seier Salsten.

Han meiner det er positiv endring blant utøvarane.

– Vi opplever at spelarar i stadig større grad har ei bevisst haldning og tar ansvar for eiga helse i samband med skadar, seier han.

Får støtte etter enorm tabbe 00:45

Publisert 03.04.2024, kl. 09.22

Read Entire Article