Det kjem fram i ein dom frå Trøndelag tingrett.
Ifølge dommen skulle mannen avlive ein kjenning sin hund. Saman tok dei med hunden utanfor huset. Der fyrte mannen av eit skot mot hunden sin nakke med ein pistol.
Dei var einige i at hunden ikkje hadde puls, og deretter drog mannen og kjenningen til kroa for å drikke kaffi.
Da dei kom tilbake etter omtrent to timar, var hunden borte.
Trønder-Avisa omtalte dommen først.
Leita heile kvelden
I dommen kjem det fram at mannen leita etter hunden heile kvelden før han såg bilete av den på Facebook. Da var hunden blitt funnen av ei kvinne som budde i nærleiken.
Same kveld blei hunden forsvarleg avliva med hagle, omtrent ti timar etter det første avlivingsforsøket.
Ifølge dommen skal hunden ha fått ein kul og sår i hovudet. Den fekk også sjokk og blei medtatt.
Tingretten slår fast at mannen er skyldig i brot på dyrevelferdsloven.
Mannen erkjente straffskuld da han møtte i retten tidlegare i februar.
Retten slår også fast at den ikkje er i tvil om at avlivingsforsøket var klart uforsvarleg og peiker mellom anna på bruken av ammunisjon av lågt kaliber.
Dei meiner også mannen ikkje gjorde nok for å forvisse seg om at hunden var død og dømte mannen til vilkårslaus fengsel i 36 dagar.
Mannen sin forsvarar, Endre Gansmo Lysø, fortel at dei tar dommen til etterretning. Utover det ønsker han ikkje å kommentere dommen.
Dommen slår fast at mannen mellom anna brukte ammunisjon av uforsvarleg lågt kaliber.
Grafikk: Politiet– Strenge krav
Politiadvokat Amund Sand aktorerte saka. Han fortel at han meiner dommen er riktig.
– Det blei jo ein dom i samsvar med det eg som aktor meinte var riktig, så eg tenker det er ein riktig dom.
– Det som dommen fortel alle oss andre, er at dette med avliving av dyr er noko ein har høve til å gjere sjølv, men da stillast det strenge krav.
I tillegg til fengselsstraffa slår tingretten også fast at pistolen mannen brukte skal bli inndratt.
Publisert 17.03.2026, kl. 13.31 Oppdatert 17.03.2026, kl. 13.53












English (US)