Den siste tida har mykje grums kome til overflata i amerikansk skiskyting. Det starta med ein artikkel i AP, der fleire utøvarar stod fram med historiene sine.
Der blei trenarar og leiarskikkelsar i det amerikanske forbundet skulda for seksuell trakassering og overgrep. Dette skal ha gått føre seg i ei årrekke, frå starten av 90-talet.
Sportsleg suksess skal ha blitt prioritert høgare enn sikkerheita til utøvarane, i det som blir omtala som eit kvinnefiendtleg miljø.
AP
Joanne Reid
Hevdar at ein skismørjar seksuelt trakasserte henne i ei årrekke. Ved eit tilfelle skal han ha løfta henne opp etter skrittet.
AP
Grace Boutot
Har skulda to trenarar for overgrep, og fortalt at trauma fekk henne til å gjere seg skuldig i eit sjølvmordsforsøk.
AP
Joan Wilder
Har skulda ein trenar for forsøk på seksuelt overgrep.
Utøvarane kritiserer leiinga for å oversjå det som gjekk føre seg.
Toppleiar i søkelyset
Max Cobb hadde jobba ein årrekke i det amerikanske skiskyttarforbundet, før han vart øvste leder i 2006. Han er i dag generalsekretær i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU).
Wilder hevdar at ho rapporterte saka si til Cobb, men at han avviste skuldingane. Reid fekk til svar frå leiinga at trakasseringa frå skismørjaren var ein del av «europeisk mannekultur».
Overfor AP har Cobb nekta for å ha oversett skuldingane frå dei kvinnelege skiskyttarane.
Under eit møte i det amerikanske skiskytingsforbundet uttalte Cobb at han er «veldig lei seg» for at nokon har opplevd mishandling under hans tid som leiar.
I ein kommentar til NRK reagerer han likevel kraftig på framstillinga av saka i AP, som han omtalar som «bevisleg unøyaktig og svært misvisande».
– Alle former for seksuell mishandling og trakassering er fullstendig uakseptabelt. Eg støttar utøvarane som er modige nok til å fortelje sanninga og ta opp problem, anten det har skjedd nyleg eller tilbake i tid.
– Eg er likevel sjokkert over dei ugrunna skuldingane mot meg i den siste artikkelen i AP, som eg sterkt nektar for, seier Cobb til NRK.
Rykt ut med forsvar
Cobb meiner å ha tatt tak i alle skuldingar om upassande åtferd under hans tid i amerikansk skiskyting på passande vis. I etterkant av artikkelen, skal fleire ha tatt kontakt med Cobb for å uttrykke støtte.
Blant dei som har rykt ut og forsvart han, er den tidlegare skiskytaren Nancy Bell-Johnstone. Utsegnene kom under det nemnde møtet i USAs skiskytingsforbund.
– Å stemple han som kvinnehatar ville vore latterleg om det ikkje var ei så alvorleg sak. Han er eit av dei mest hardtarbeidande, ærlege, snille, rettferdige og dedikerte menneska eg nokon gong har hatt gleda av å kjenne.
– Max har alltid vore ein entusiastisk støttespelar for kvinnelaget, sjølv då vi var på vårt dårlegaste. Han er ein av dei som skal ha mest ære for framgangen til skiskyting på kvinnesida i verda, sa Bell-Johnstone, som tidlegare konkurrerte for USA.
Til stades på møtet var likevel også Boutot, som gjentok skuldingane om at seksuell mishandling hadde blitt oversett under Cobbs leiing.
Safesport, ein organisasjon som jobbar for å forhindre seksuelle overgrep i idretten, etterforskar akkurat no direktør Jack Gierhardt og toppidrettssjef Lowell Bailey i det amerikanske skiskytingsforbundet.
IBU skriv til NRK at dei er djupt bekymra over alle skuldingar om åtferd som set sikkerheita til utøvarane i fare. Dei har sendt saka vidare til Skiskytingas integritetseining for ei uavhengig etterforsking av leiarane i det amerikanske forbundet, Cobb inkludert.
– Aldri kjent meg tryggare
NRK har snakka med Deedra Irwin, som saman med Reid rapporterte om uønskt åtferd frå ein skismørjar for fire år sidan. Ifølge ein av løparane skal åtferda til smørjaren ha blitt forsvart med at det berre er slik europeiske menn oppfører seg.
– Det er ikkje sant. Kanskje dei feiltolka, seier løparen om påstanden til AP.
Historiene til utøvarane rører Irwin.
– Det er hjarteskjerande å høyre om tinga som har skjedd tidlegare. Eg føler med dei. Eg er glad for at dei får ut historiene sine, og forhåpentleg gir det dei styrke, seier ho til NRK i dag.
Ifølge henne er det derimot andre tilstandar i forbundet i dag, mykje takka vere at folk har tort å stå fram med historiene sine. Det har tvinga fram endring.
– Eg har aldri kjent meg tryggare på dette laget. Eg har aldri kjent meg meir støtta. Og så trur eg at alt som har skjedd i amerikansk skiskyting under tidlegare leiarskap, har bidratt til å skape eit veldig godt miljø no, fortel Irwin.
Endte rett i reklameskiltet: – Flaueste jeg noen gang har gjort 00:55
Publisert 23.12.2024, kl. 09.54