– Kvifor tuklar de med kyrne og stappar i dei gift?
Det fekk Silje Skarstein høyre på butikken av ein mann som kom bort til ho.
– Han var skikkeleg sur og kunne ikkje forstå kvifor han vart tvinga til å kjøpe dette, fortel bonden.
Mannen visste at ho driv mjølkegard og leverer til Tine.
Kyr sender ut metan i atmosfæren når ho raper eller fis. Dette metanet står for store delar av klimagassutsleppet frå norsk mjølk- og kjøtproduksjon.
Foto: Maren Braut / NRK– Eg synest det var trist å skulle stå der og forsvare selskapet mitt, som gjer noko eg sjølv var ueinig i, forklarer Olden-bonden.
Mannen på butikken klaga over at han ikkje visste om Tine si mjølk i butikken var frå kyr som hadde fått det metanhemmande stoffet Bovaer.
Sjuke dyr i Danmark
12. november meldte Norsk melkeråvare at dei stoppar utprøvinga av Bovaer inntil vidare.
Selskapet er ein del av Tine og har ansvar for henting og levering av mjølka.
Dei vil vente på forsking om kva som forårsaka negative verknader ved danske mjølkebruk.
Sidan 1. oktober i år har danske mjølkebønder vore pålagt å bruke fôrtilskotet.
– I Danmark er nokre dyr blitt sjuke. Så langt kan ein ikkje knytte dette direkte til bruken av Bovaer. Likevel kan me ikkje utelukke at det er ein samanheng, fortel Johnny Ødegård, direktør i Norsk melkeråvare.
Ødegård seier Norsk melkeråvare vil vere føre var og set prosjektet på vent.
Foto: TINEDermed skal dei 70 mjølkebruka i Noreg som testar Bovaer stoppe bruken. Tine har sett prosjektet på vent ut året.
– Tine sitt rykte på spel
Mjølkebonden skjønte at Tine sitt rykte var på spel då ho fekk kommentar på butikken.
– Det er kjempebra at Tine tek ansvar og vurderer konsekvensane av det som har skjedd i Danmark, seier Skarstein.
Saka om metanhemmarar har skapa mykje debatt i media, sosiale medium og landbruksmiljø.
På Jæren og i Telemark sende skeptiske Tine-bønder fellesbrev til dei lokale styra der dei sa nei til Bovaer.
På Facebook har gruppa «Vi vil ha ren melk og rent kjøtt – Nei til metanhemmere i dyrefor» over 50.000 medlemar.
Vedum starta dagen med eit glas mjølk.
Foto: Trygve Slagsvold Vedum på FacebookOgså Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk kjenne på motstand då han delte bilete av mjølkeglas på Facebook.
Ein av kommentarane han fekk sa «Ta opp Bovaersaken og kjemp mot den gifta i norsk melk».
Tine forsikrar at det ikkje er farleg for folk å drikke norsk mjølk.
– Det er ikkje dokumentert nokon samanheng mellom fôring av mjølkekyr med Bovaer og kvaliteten på mjølka. Eg vil vere heilt trygg på å drikke norsk mjølk, seier Ødegård i Norsk melkeråvare.
Tine seier mjølka deira er trygg å drikke.
Foto: Balsharan Pal Kaur / NRKSkarstein håper dei tek seg denne tida til å forske meir på om metanhemmarar er trygt.
– Så kan me i landbruket prøve å kutte utsleppa våre på andre måtar, seier bonden.
Publisert 14.11.2025, kl. 13.00




















English (US)