Skreiv at ho støtta sexslaveri: «Brødrene kan ligge med slavane sine om dei vil»

1 month ago 34



Tredje veka av rettssaka mot dei to terrortiltalte Bærum-søstrene er i gang.

I retten har 30-åringen ved fleire høve forklart at ho reiste til Syria for å drive hjelpearbeid tilbake i 2013 og at ho såg på IS som ein av fleire grupper i området.

At ho hamna hos dei, var heilt tilfeldig ifølgje ho sjølv. Trass i at ho snakka med ein IS-krigar i tida før ho reiste, som ho seinare gifta seg med.

Rettssak mot de terrortiltalte søstrene fra Bærum

Geir Lippestad forsvarar den eldste søstera. Hilde Firman Fjellså forsvarar den yngste.

Foto: Javad Parsa / NTB

Aktor heldt fram med å spørje ut den eldste søstera tysdag.

Omfattande materiale frå sosiale medium er ein stor del av bevisførselen i saka mot dei. Både bilde dei har publisert, og lasta ned, men og samtalar dei har hatt med venner.

Søstrene har forklart at dei har vore redde for at aktiviteten har blitt overvaka av ektemennene, og at dei måtte oppføre seg for å ta vare på seg sjølve.

– Er du skoten i hovudet?

Det var i oktober 2013 at søstrene reiste frå Bærum til Syria. Den eldste søstera forklarte at det var i desember same året, at ho innsåg at opphaldet ikkje kom til å bli slik ho hadde sett for seg.

Aktor i saka, Marit Formo, viste fram chattar den eldste søstera hadde med ei venninne heime i Noreg litt seinare under opphaldet i Syria.

Jesidiane, ein religiøs minoritet i Midtausten, blei utsett for eit folkemord då IS erobra Sinjar-området i Nord-Irak i 2014. Fleire tusen kvinner blei fanga og selt som sex-slavar.

Ein månad etter at dette skjedde så spør den eldste søstera venninna i Noreg om kva ho syns om at dei har slavar der. «Ikkje gløym at profeten hadde slavar», legg ho til medan ho utfordrar venninna på spørsmålet.

Ho svarar at ho syns Bærum-søstera er latterleg.

Rettssak to søstre

Dei er tiltalte for å ha medverka til terrororganisasjonen IS. Dei risikerer 6 år i fengsel.

Foto: Ane Hem / NTB

Jesidi-kvinnene blei selt som sexslavar og valdtatt, ofte av fleire menn. FN meiner at dette er krigsbrotsverk.

Venninna spør om Bærum-søstera er for valdtekt.

«Eg syns at brødrene kan ligge med slavane sine, om dei vil», svarar ho og grunngir det med at «profeten gjorde det».

«Kva er faen er du skoten i hovudet», spør venninna som er tydeleg ueinig og seier at dette ikkje er lov i islam. Dei to venninnene er frustrerte begge to.

Venninna seier at å reise til Syria er gale, og seier at Bærum-søstera er blitt hjernevaska.

«Ingen har hjernevaska meg. Eg fekk dette frå biografien til profeten», svarar ho.

I retten fortel søstera at desse haldingane var forventa av henne og at ho ikkje kunne seie noko anna. Ho var redd for at ektemannen alltid skulle sjå kva ho skreiv, seier ho til retten.

– Eg kan ikkje ta ansvar for desse samtalane. Eg skulle ønske eg ikkje hadde hatt dei:

Rettssak mot de terrortiltalte søstrene fra Bærum

Marit Formo er fører saka mot søstrene for påtalemakta.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Men som ein ser lenger nede i samtalen så unnskylder eg meg.

– Om det var så kontrollert, og du var nøydd til å skrive dette. Hadde du då moglegheit til å unnskylde deg, utfordrar Formo.

– Eg tok sjansen. Eg sa unnskyld, svarer søstera.

«Vil veldig gjerne ha deg her»

Til retten gjentek 30-åringen at ho har vore under streng sosial kontroll, og at ho ikkje har kunne ytre seg fritt utan å risikere oppsyn frå ektemannen.

For å kunne ha kontakt med venninner heime i Noreg, måtte samtalane vere «nyttige».

Påtalemakta meiner at i slike samtalar har 30-åringen forsøkt å få andre norske kvinner til å knytte seg til IS.

– Eg har hatt samtalar med folk og gitt romantiserte bilde, sa 30-åringen i retten:

– Men det har aldri vore min intensjon å få folk til å reise.

Rettssak to søstre

Dette bilde hadde eldste søstera lasta ned frå internett i tida før avreise. Det viser IS-flagget.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Som bevis på dette tiltalepunktet trakk aktoratet fram ein Facebook-chat mellom den tiltalte og norske Aisha Kausar.

Kausar er i dag tiltalt for å ha medverka til terroråtaket 25. juni 2022.

På denne tida då samtalen gjekk føre seg var den tiltalte Bærum-søstera i Syria. Kausar var heime i Noreg med sin nyfødde son.

«Eg vil veldig gjerne ha deg her altsåååå», skreiv 30-åringen til Kausar. I samtalen verker det som om den eldste søstera leita etter ein ektemann til Kausar.

Dei snakkar om kva slags etnisitetar som er «snillast» og kor høg Kausar er.

«Synes ikkje du skal gifte deg med ein framand liksom. Vil du skal komme hit slik at vi kan ta vare på deg og sonen din».

I juli 2014 reiste Kausar til det nyetablerte IS-kalifatet med barnet sitt. 30-åringen sa i retten ho blei overraska då venninna dukka opp i Syria.

Etter nokre månadar døydde barnet til Kausar. Mannen ho til slutt gifta seg med har blitt etterforska for å ha mishandla guten til døde. Saka blei til slutt lagt vekk, fordi mannen blei drepen i Syria.

I retten sa den eldste søstera at ho angra på mange samtalar, men at ho var under «sosial kontroll» av ektemannen, og kunne ikkje skrive noko anna.

Vil du seie at du i Syria forsøkte å få andre til å reise?, spurte Formo tiltalte.

– Det kan verke slik i samtalane, men eg føler eg ikkje har gjort det. Eg vil ikkje seie at eg er grunnen til at Aisha reiste.

Kan du ha bidrege?

Det kan absolutt ha bidrege, men det var aldri intensjonen å få nokon til Syria.

Publisert 29.10.2024, kl. 21.09

Read Entire Article