- Ola Svenneby (H) kritiserer Ap-statsrådane Nordtun og Jaffery for å så tvil om behovet for innhaldslister i skulen.
- Svenneby meiner innhaldet i dei førebelse listene er for konfliktfylt og identitetspolitisk, og ønskjer ein politisk diskusjon om ein kulturkanon.
- Jaffery avviser behovet for ein kulturkanon, og Nordtun påpeikar at innhaldet er utarbeida av fagfolk og skal vere dynamisk.
- Nordtun understrekar at politikarar ikkje skal styre faginnhaldet i skulen.
– Høgre har jo foreslått å løfte dette på samfunnsnivå, gjennom ein kulturkanon. Men sjølv om tanken med innhaldslistene i skulen er god, meiner eg regjeringa snublar på vegen. Føremålet må vere at ein har nokre sams opplevingar på tvers av ulike grupper som ivaretek den norske kulturarven, ikkje aktivistiske narrativ, understrekar Svenneby.
Dei føreslegne innhaldslistene for grunnskulen vart lanserte med brask og bram i mars. Fredag 17. april går fristen ut for å kommentere dei på Udir sine nettsider.
Ola Svenneby held seg innanfor høyringsfristen:
– Historieforteljinga i innhaldslistene spelar i for stor grad opp til konflikt, framfor å virke samlande. Til dømes i valet av det samiske perspektivet. Der er det eitt syn som har fått gjennomslag, på kostnad av til dømes det sjøsamiske. I samfunnsfag er det veldig mykje om kolonialisme som framstår veldig identitetspolitisk, vurderer Svenneby som sit på Stortinget for Oslo, og er nestleiar i Høgre.
– Det fungerer korkje samlande, eller ivaretek kjernen i det viktigaste elevane bør lære om i kvart fag, meiner Høgre-toppen.
Han har ei anna løysing:
– Då burde ein i staden hatt ein politisk diskusjon, som mer har forslått, om ein kulturkanon. Men det er no den politiske debatten startar. Og eg er veldig spent på kva Kari Nessa Nordtun vil vidare med det.
Les også: Åge og Karpe på timeplanen
– Du saknar ein del?
– Eg saknar ein del, ja. Og heile utgangspunktet for listene her må jo vere at det skal vere samlande. Det skal vere om kulturarven vår. Og andre perspektiv med nasjonale minoritetar inkludert. Men der sviktar ein litt i balansegangen, svarar Svenneby.
Han saknar også stoff om EU, NATO, eigedomsretten og rettsstaten i dei førebelse innhaldslistene.
Og han tykkjer det “er litt skuffande at det verkar som Nordtun skyv frå seg ansvaret” ved å seie at dette ikkje er ein politisk diskusjon.
– Eg meiner i høgste grad at dette er ein politisk diskusjon, insisterer Høgre-nestleiaren.
Les også: Høgre vil kåre den viktigaste kulturen
Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) som har argumentert mot behovet for ein kulturkanon, skreiv i si vurdering til Stortinget at det alltid har vore mogeleg å danne eit fagleg grunngitt pensum i skulen innanfor fellesskulen sine rammer utan ein kulturkanon.
Ho har også vore kritisk til at nokre utvalde personar skal bestemme kva som er dei viktigaste verka ut frå det året dei bestemmer dette.
Skilnaden
Til kritikken frå Ola Svenneby i Høgre, peikar ho på at det er ein skilnad mellom innhaldslister i skulen og ein kulturkanon.
– Innhaldslistene skal vere rettleiande og er frivillige å bruke. Døma i innhaldslistene er knytt til og stør opp om arbeidet med læreplanane og skal vere relevante for lærarane. Det er ikkje berre dei beste eller mest anerkjente kulturelle verka, men også til dømes historiske hendingar og andre gode faglege døme som stør opp om læreplanane, ifølgje kulturminister Jaffery.
Ho meiner ein kulturkanon er noko vesentleg anna:
– I ein kulturkanon må ein bli samde om kva kulturuttrykk som er viktigast, og det kan skape ein statisk, konservativ definisjon av norsk kultur. I tillegg meiner eg at kulturkronene me rår over bør bli brukte på å leggje til rette for skaping og framvising av kunst, ikkje til å opprette kommisjonar som skal rangere kunsten, understrekar Jaffery som til liks med stortingsfleirtalet i mars i år sa nei til eit forslag frå Høgre om å setje ned eit utval som skulle kome med forslag til ein kulturkanon.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner Ola Svenneby tek feil når han tek til orde for meir politisk påverknad av innhaldslistene i skulen.
– Det er ikkje uventa at den einaste kritikken som har kome mot innhaldslistene, kjem frå folk som Espen Teigen, aviser langt ute på høgresida, og no Ola Svenneby.
Stolar på fagfolk
– Innhaldslistene er utarbeidde av fagfolk. Dei skal vere rettleiande og dynamiske, og bidra til at lærarar kan hjelpe elevane med å oppnå naudsynt kompetanse i faga, understrekar Nordtun.
Listene er no ute i ein open innspelsrunde.
Fagstatsråden meiner det er bra at dei skapar ordskifte.
– Alle som ønskjer det, kan sende inn innspel, også politikarar, men det er fagfolka som skal vurdere og tilrå innhald, heilskap og samanheng. Eg er trygg på at fagfolk lyttar til innspel om svakheiter eller tillegg som bør med etter førsteutkastet, seier Nordtun.
Her kan du kome med innspel om førsteutkastet til innhaldslistene.
Ho vil vere klokkeklar om at politikarar bør halde seg vekke frå å styre innhaldet i listene.
– Eg er tydeleg: Det kan ikkje vere politikarar som skal utarbeide faglege råd i norsk skule — uansett kven som er statsminister. Difor er innhaldet i listene knytt til dei ulike kompetansemåla i læreplanane, på dei ulike aldersnivåa. Det er ingen rangering av dei viktigaste hendingane, dei beste tekstane eller songane, presiserer skulestatsråden.
aJa, det må vere bra hjelp for lærarar og elevar på veg til å nå kompetansemåla i faga.bNei, lærarane klarar å finne relevant innhald i faga utan slike lister.cVeit ikkje.
Ho meiner listene, som enno er utkast til innhaldslister i skulen, gjer kompetansemåla klarare.
Lærarane tek seg av undervisning
Nordtun held fram at politikarane si oppgåve er å leggje overordna føringar, sørgje for tilstrekkelege løyvingar og eit godt lovverk. Så skal lærarane ta seg av undervisninga.
– Det Svenneby tek til orde for, kan minna meg om det me har sett i USA og i enkelte andre statar, der politisk ubehagelege delar av historia nærast blir politisk fjerna. Dit håpar eg ikkje me kjem — eller ein gong nærmar oss, avsluttar Kari Nessa Nordtun.

19 hours ago
1




.jpg)
English (US)