Det har vore knytt stor spenning til om arbeidet som følger av skolenedleggingane måtte stoppe i vente av lovlegkontrollen. Men i eit brev til Innlandet fylkeskommune skriv dei at det skal vere høg terskel for å utsette vedtaket. Og dei tilføyer at ei utsetting bør skje dersom mykje tyder på at vedtaket er ulovleg.
Det var partia SV, Sp, Raudt, PP, INP og Kr.f som fronta kravet om lovlegkontroll. Dei meinte mellom anna at barnas beste ikkje var greidd godt nok ut.
Publisert 19.12.2024, kl. 11.14 Oppdatert 19.12.2024, kl. 11.26