Det skal seiast at dette skjørtet er raudt på innsida, men det er ikkje det som er poenget.
Madison Chock (33) og Evan Bates (36) manglar berre OL-gull i isdans. I lagkonkurransen i Milano la dei lista høgt framføre dei individuelle løpa. Dei noterte den beste poengsummen for vinteren og bidrog sterkt til at USA tok laggull søndag kveld.
Det amerikanske paret er kjend for å tøye grensene for kva som er mogleg på isen med spektakulære løft, iaugefallande kostyme og dristige og uforglemmelige program.
Matador
Til denne vinteren og OL kjem dei med eit friprogram som er inspirert av matadorar og der dei leiker med kjønnsrollene. Det er kvinna som er matadoren, medan mannen har rolla som okse – til The Rolling Stones’ «Paint it Black» frå Westworld.
MATADOR: Madison Chock bruker skjørtet som ein matador bruker sin kappe.
Foto: Francisco Seco / AP / NTBSå var det skjørtet då. Chock har eit langt, flagrande skjørt som fungerer som matadoren si kappe. Det er svart og raudt. Vinteren si store utfordring for paret har vore å halde kontroll med skjørtet i dei forrykande hastigheitene og dei akrobatiske bevegelsane.
Madison Chock har berre seg sjølv å takke. Det er ho sjølv som designar paret sine gevantar. Ho starta ifølge Time Magazine med eit tyngre stoff og laga eit skjørt som skulle glimte medan dei gjekk. Men skjørtet kom stadig i vegen og utgjorde ein fare ved fleire av dei vanskelege løfta. Partner Bates fekk sikta øydelagd av skjørtet. Dei bytta til eit lettare stoff og eit kortare skjørt.
USA-HÅP: Madison Chock og Evan Bates har tre VM-gull på rad, men manglar OL-medalje i isdans.
Foto: Stephanie Scarbrough / AP / NTB– Det er vanskeleg å ha full kontroll over skjørtet, seier trener Patrice Lauzon til Time.
Hekta i skjørtet
– Madison Chock og Evan Bates har slite med den nye drakta til Madison gjennom denne sesongen, seier NRK sin kunstløpkommentator Fredrik Island Gustavsen.
– Skjørtet har kome i vegen under fleire treningar, og dei er livredde for at Evan skal hekte skøyta i skjørtet hennar, slik det skjedde i ein tidlegare konkurranse. Dei har gått tilnærma feilfritt gjennom heile denne sesongen, og det gjorde dei også i lagkonkurransen søndag.
– Korleis har dei laust dette?
– Skjørtet har blitt forkorta, slik at det ikkje skal vere nokon fare for å kome i vegen. For Chock og Bates er det berre gullet som gjeld når vi no går inn i den individuelle konkurransen i isdans.
Vurderte å droppe
– Nokon gonger har det sin egen vilje. Visst dei går litt saktare, eller har litt meir eller mindre rotasjon, påverka det korleis det reagerer, seier trener Lauzon til Time.
Det gjekk så langt at dei vurderte å droppe skjørtet, men Madison Chock sa nei – ho ville ha på seg det sjølvkomponerte skjørtet.
Paret henta inn ein av verdas fremste flamencodansarar, Antonio Najarro, som rådgivar då dei skulle skape programmet. Han har jobba med andre kunstløpprofiler tidlegare, så det var ikkje noko nytt for han. Derimot var det nytt at kvinna skulle ha matador-rolla, noko han syntest var ein morosam utfordring.
– Eg forklarte dei korleis dei skulle bevege hovudet, korleis de skulle fiksere blikket, korleis de skulle føle fotarbeidet mot golvet – og korleis dei skulle få dette til å fungere på isen, har han sagt til NBC.
– Til sjuande og sist er dette ein energi som er veldig annleis enn det ein skøyteløpar normalt følar på isen.
Forseinka OL-gull
Paret har vunne dei tre siste VM, men i OL- samanheng har dei anten blitt overskygga av andre par eller blitt ramma av uvanlege feil som har gjort at dei ikkje har kome på pallen.
Dei to har dansa saman heilt sida 2011. Seks år seinare, i 2017, utvikla det seg til eit romantisk forhold. I 2022 blei dei forlova og i juni 2024 gifta dei seg på Hawaii. Dette er altså deira første OL som ektepar.
Dei er altså allereie OL-meistrar i lag, sjølv om vegen dit blei kronglete. For i Beijing i 2022 var russarane best, følgd av USA på sølvplass og Japan på bronse.
Men på grunn av den mykje omtalte dopingsaka med den då 16 år gamle russaren Kamila Valjeva valde IOC å utsette medaljeseremonien til saka var granska ferdig. Bates tok ansvaret for å tale amerikanarane si sak overfor IOC. Til slutt enda det med idretten si valdgiftsdomstol CAS på at Valijevas poeng skulle strykast frå russarane sin poengsum. Dermed fekk USA gull og Japan sølv, mens russarane enda på bronse.
Det enda med at medaljane blei delt ut under sommar-OL i Paris 2024.
NRK-KOMMENTATOR: Fredrik Island Gustavsen.
Foto: NRKMadison Chock og Evan Bates har eit ekstremt tett program i Milano. Dei dansa for USA-laget den 6. og 7. februar, deretter fortset det med kortprogrammet i isdans den 9. februar og endeleg fridansen den 11. februar.
Lagkonkurransen gav gull, men den individuelle konkurransen er sjølvsagt viktigare for paret. Der blir det stor spenning onsdag kveld.
– Det blei utruleg jamt i rytmedansen, og Chock og Bates overraska ved å gå inn hårfint bak det franske paret Fournier Beaudry og Cizeron, seier NRKs kommentator Fredrik Island Gustavsen.
– Dette gjer at fridansen kjem til å bli ekstremt spennande. No er det ingen som har råd til å gjere feil i programma sine, og heile pallen og rekkefølga på plasseringane er meir opne enn vi hadde antatt før rytmedansen. No er det også seks andre par som ligg svært jamt og kjem til å kjempe om bronsemedaljen.
Publisert 11.02.2026, kl. 17.22 Oppdatert 11.02.2026, kl. 17.47











English (US)