– Det viktigaste for kona mi er at alle veit at ho ikkje har gjort noko kriminelt.
Det seier ektemannen Joshua Daguman til NRK.
I førre veke blei Hanne Bredal Engan (24) frå Valnesfjord i Fauske arrestert i San Diego.
Joshua Daguman (49) og Hanne Bredal Engan (24) gifta seg i 2024 på stranda der dei møttest første gongen.
Foto: PrivatBakgrunnen for arrestasjonen skal ifølge amerikanske medium vere at ho oppheldt seg i USA med utgått visum.
NRK har tidlegare omtalt at den norske statsborgaren blei arrestert då ho møtte opp hos amerikanske utlendingsstyremakter for å formalisere opphaldsløyvet sitt.
Otay Mesa Detention Center ligg i San Diego, like ved grensa til Mexico.
Foto: Elliot Spagat / AP / NTBI staden for eit godkjent visum blei ho pågripen av Immigration and Customs Enforcement (ICE) inne på kontoret, hevdar ektemannen hennar.
I dag skal Engan og fleire andre antatt ulovlege immigratar bli stilt for retten. Der skal det avgjerast om ho kan sleppast fri mot kausjon.
Framstillast for retten
Rettsmøtet startar rundt klokka 17 norsk tid og Engan skal gjennom to rettshøyringar.
Advokat Saman Nasseri forsvarer Engen.
Foto: Nasseri Legal– Dessverre har ICE bestemt at dei vil arrestere personar som ikkje har gyldig visum, og at dei vil bli arresterte etter grønt kort-intervju. Dette er utan sidestykke og ikkje noko vi har sett tidlegare, sa advokat Saman Nasseri til NRK tidligare i helga.
Ifølge ektemannen blir kausjonen mellom 5.000 og 10.000 dollar.
Rundt 20 menneske demonstrerer utanfor fengselet på søndag. Det er lokale aktivistar som møter opp kvar helg.
– Ein berg-og-dal-bane av kjensler
Ektemannen Joshua Daguman var også til stades og møtte kona på søndag. Ifølge han skal ho ha gått ned fem kilo.
Joshua Daguman gifta seg med Hanne, og kjempar no for å få ho ut av varetekt. Immigrasjonspolitiet ICE arresterte ho for ei veke sida, truleg på grunn av gått ut visum.
Foto: Anders Tvegård / NRKEngan har diabetes type 1 og ektemannen har vore uroa for helsa hennar.
– Det har vore eit fullstendig mareritt. Det har vore ein berg-og-dal-bane av kjensler. Over tusen menneske har teke kontakt med fleire kongressmedlemmar og den norske ambassaden.
Daguman har gjort ei rekkje intervju med medium både i Noreg og i USA.
– Alle vil vite historia fordi dei som no blir tekne, ikkje har nokon kriminell bakgrunn. Dei har kome hit lovleg.
Engan kom til USA i juli 2022 på studentvisum. Ifølge ektemannen fekk ho seinare arbeidsvisum, som gjekk ut i juli 2024. Paret gifta seg i oktober same år.
Ifølge ABC 10 News San Diego blei ho arrestert fordi ho i intervjuet med amerikanske innvandringsmyndigheiter erkjente at ho hadde blitt verande i landet sjølv om visumet hadde gått ut.
ICE er det føderale amerikanske utlendingspolitiet som handhevar mellom anna immigrasjon. Dei driv også internerings- og deportasjonssenter.
Foto: Yuki Iwamura / AP / NTBNRK har over fleire dagar prøvd å få svar frå amerikanske styresmakter om kvifor Engan er arrestert, og korleis dei vurdera helsetilstanden hennar og kritikken frå ektemannen.
Den amerikanske ambassaden i USA viser til ICE, som fredag stadfesta overfor NRK at dei hadde motteke førespurnaden og lova å kome tilbake med eit svar. NRK har måndag sendt ein ny førespurnad til ICE der vi gjentar at vi ønsker svar.
Publisert 24.11.2025, kl. 10.21 Oppdatert 24.11.2025, kl. 10.58




















English (US)