– Då er ho heilt overlegen allereie før oppløpet. Viser at ho er best i Noreg per nå. Ingen har sett henne på eit halvt år med mindre du har medlemskap på Konnerud og omegn, men her er ho. Ho er best igjen, kommenterte Jann Post da Skistad kryssa målstreken.
For det var akkurat det ho var: suveren.
Kristine Stavås Skistad knuste alle konkurrentane på oppløpet og vann sprinten på Beitostølen.
– Skistad er suveren i dette finaleheatet. Set fart over den siste bakketoppen. Ho er i rute, kommenterte NRK sin ekspert Fredrik Aukland.
Gult kort til Skistad
I kvartfinalen med Kristine Stavås Skistad kunne det fort vorte dramatisk. Skistad tok seg greitt vidare, men ho fekk med seg ei åtvaring frå juryen.
For i bakken inn mot stadion kryssa ho framfor ein konkurrent og gjekk over skia hennar på ein ulovleg måte.
– Det er i grenseland, faktisk. Ho kryssar over skia. Det er ikkje etter reglementet, kommenterte NRK sin ekspert Fredrik Aukland.
I etterkant av kvartfinalen gjekk juryen inn og gav Skistad gult kort for obstruksjon. Det kortet tek ho med seg vidare inn i verdscupsesongen.
Det same skjedde med Tiril Udnes Weng i semifinalen. Ho fekk også eit gult kort for obstruksjon.
Evensen: – Eg er sint i dag
I semifinalen nummer to for karane imponerte Ansgar Evensen da han tok seg vidare med ein ødelagt stav.
– Eg er sint i dag, så eg klikka i kvartfinalen, klikka i semifinalen. Det skjedde allereie ned til siste bakken.
Det som skjedde var at den eine staven til Evensen brakk heilt nedst, og han mista trinsa. Likevel spurta han seg opp frå fjerdeposisjon på oppløpet og tok seg vidare til finalen.
– Korleis er det å gå med ein stav utan trinse?
– Nei, det er forskjell då, men er du sint nok, så går det, seier Evensen til NRK.
NRK sin nytilsette ekspert Pål Golberg sperra verkeleg opp auga da Evensen spurta seg inn til finaleplass med knekt stav.
– Det er heilt vanvettig imponerande. Det er så stor forskjell å stake med ein stav som ikkje har trinse. Det var røft og slett rått gjort. Det er mykje adrenalin, seier Golberg om Evensen som gjekk med knekt stav og utan trinse.
Northug tidleg ut
Tidlegare på dagen dominerte dei to landslagsstjernene Johannes Høsflot Klæbo og Erik Valnes i sine heat.
Det var likevel spennande undervegs, da Klæbo låg heilt bakarst halvvegs i kvartfinalen.
– Det er ingen som viser nokon respekt, og slik skal det vere. Tøft gjort av både Amund Korset og Filip Skari, som utfordrar to av verdas beste, seier Pål Golberg.
Men Klæbo kom seg fram og saman med Valnes tok dei seg vidare til semifinalen.
Even Northug vart nummer tre i si kvartfinale, og måtte da håpe at tida hans var god nok ...
– Eg let meg sjeldan overraske, men der vart eg overraska gitt. Even plar å vere trygg i slike situasjonar, seier NRK sin ekspert Pål Golberg.
RAUK: Even Northug kom seg ikkje vidare frå kvartfinalen på Beitostølen fredag.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Eg vart teken på senga i siste bakken der, seier Even Northug til NRK.
Og da kvartfinale nummer fire kom i mål var det klart: Northug kom seg ikkje vidare til semifinale.
Laurdag står 10 kilometer klassisk for både kvinner og menn på Beitostølen på programmet. Det ser du på NRK frå klokka 10.00.
Publisert 21.11.2025, kl. 14.57 Oppdatert 21.11.2025, kl. 14.58















English (US)