Skip drev mot land på Vestlandet: – Har kontroll

2 days ago 10



OPPDATERING: Klokka 14.30 melder Bergens Tidende at situasjonen er under kontroll.

– Vi hadde eit havari, men vi fekk motoren i gang att. No har dei segla til eit farvatn der dei har ankra opp for å undersøke kva som kan vere årsaka til feilen, seier Einar Torsnes, som er finansdirektør hos eigar av skipet, Wilson Shipping.

HRS melder at eit kystvaktskip vil vere hos havarist cirka halv fire, og kunne sette slep.

Fredag formiddag vart naudetatane varsla då eit 90 meter langt skip byrja å drive mot land ved Austevoll utanfor Bergen.

«Wilson Rotterdam», som skipet heiter, seglar under Barbados-flagg.

Fartøyet har mista motorkrafta, og det er fare for at det kan drifte på land, sa Steinar Vatne i HRS til NRK i 14-tida.

Han karakteriserte situasjonen som «uavklart» og avstanden til land som «nokre nautiske mil».

Det er kort avstand i forhold til den vinden som er i området.

Vurderer de å evakuere mannskapet om bord?

Det er for tidleg å spekulere i nå.

Publisert 28.03.2025, kl. 14.27 Oppdatert 28.03.2025, kl. 15.00

Read Entire Article