Skildrar forslaget med eitt ord: – «Bullshit»

1 hour ago 1



Medan politikarane forhandlar om fred, har Oleksandra mista trua på at ho skal få flytte heim til Ukraina med det første.

 Pål S. Schaathun / TV 2
FLYKTA: Ukrainske Oleksandra Kmet-Miletska, dottera Eva (8) og hunden Teddy (4) flykta frå Ukraina til Bergen då Russland invaderte heimlandet deira. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Publisert 25.11.2025 16:38

To gongar har ukrainske Oleksandra Kmet-Miletska tatt med sine to barn tilbake til Kyiv. Begge gongane måtte dei flykte på ny.

Sidan ho tok med seg barna til Noreg i 2022, har heimlengselen aldri gitt slepp. 

– Kva saknar du mest? 

– Alt.

 Pål S. Schaathun / TV 2
GODT SELSKAP: Oleksandra Kmet-Miletska finn mykje trøyst i hunden Teddy (4), som ho tok med seg frå Ukraina for snart fire år sidan. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Oleksandra viser fram eit fotoalbum fullt av gode og vonde minner. 

Eitt av bilda viser hennar to barn som søv på golvet i ein kjellar i Kyiv.

– Dette var under eit stort russisk angrep. Dei var veldig redde. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
RETURNERTE: Åtte månader etter at krigen braut ut, reiste familien håpefullt tilbake til Kyiv. Dei såg seg fort nøydde til å returnere. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Bilda er frå ein av gongane dei prøvde å flytte heim igjen, trass at krigen rasa. Etter nokre dagar i eit bomberom, måtte dei snu og reise tilbake til Bergen der det var trygt. 

No mistar ho meir og meir trua på at heimlandet vil bli trygt nok til å flytte heim i nærmaste framtid. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
HALVE LIVET HER: Eva er åtte år og har snart levd halve livet sitt i Noreg. Men ho saknar faren og besteforeldra som er igjen heime i Ukraina. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Krass kritikk

Førre veke la USA fram ein fredsplan for Ukraina med 28 punkt.

Forslaget fekk massiv kritikk av både forskarar og europeiske leiarar, og førte til store diskusjonar og fleire diplomatiske møter.

Særleg omstridd var forslaga om at Ukraina må seie frå seg delar av territoriet sitt til Russland, grunnlovsfeste at landet ikkje blir medlem av NATO og redusere militæret til 600.000 personar. 

 Piroschka Van De Wouw / Reuters
PLANLEGG MØTE: Ukraina sin president, Volodymyr Zelenskyj, skal etter planen til USA for å møte USAs president Donald Trump i nær framtid. Her fra et av deres tidligere møter, sammen med Frankrikes president Emmanuel Macron. Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters

I helga la europeiske leiarar fram eit motforslag for å sikre Ukraina sin suverenitet og interesser. Kreml har avvist forslaget.

Ukraina og USA er blitt einige om 19 punkt, men samtalane om ein fredsplan er langt frå over. 

Ikkje akseptabelt

Frå Bergen får Oleksandra med seg overskriftene frå møta i storpolitikken, men ho klarar ikkje lenger ta forhandlingane seriøst. 

– Det er «bullshit». Dette er ikkje Ukraina sin fredsplan, det er Russland sin fredsplan. Ukraina vil ikkje gå med på dette, seier ho. 

– Sjølv viss president Zelenskyj går frå vettet og skulle godta noko sånt, så vil det bli revolusjon. Ukraina kjem aldri til å gi frå seg land til Russland. Aldri. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
OPPGITT: Olekandra seier ho mista trua på at fredsforhandlingane kan nå fram, når forslaga som kjem er uakseptable. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

– Har du trua på at det vil bli varig fred i nær framtid? 

– I nær framtid? Nei. Eg prøver å vere optimistisk, men no ser det ikkje ut som vi kan få ein fredsavtale som vi kan akseptere.  

Gjer det ho kan 

Oleksandra prøver difor å hjelpe så godt ho kan frå Bergen.

Heime i Ukraina jobba ho som kunstnar på fulltid. No skal ho ha si første utstilling i Noreg. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
KUNST: Bilda og figurane ho lagar er svært populære i heimlandet. No vil ho viser dei fram i Noreg. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Utstillinga er arrangert i samarbeid med den ukrainske foreininga i Bergen, som ho er aktivt medlem av. Inntektene frå det ho eventuelt skulle få selt, blir donert til Ukraina. 

– Vi prøver å hjelpe herifrå på alle måtar vi kan. Vi organiserer demonstrasjonar eller har innsamlingar til Ukraina. Vi prøver å halde fokuset på Ukraina oppe i Noreg. Det er alt vi kan gjere, seier Oleksandra. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
VIL HEIM: Familien trivst i Bergen, men saknar heimlandet. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2
Read Entire Article