Skeptikarane i kommentarfelta tek feil. Tre figurar viser korfor.

2 hours ago 1



 Vindmøller i Andrews, Texas. Foto: Julio Cortez, AP/NTB

Skeptikarane i kommentarfelta tek feil. Tre figurar viser at framtida blir fornybar.

Publisert: 13.11.2025 21:06

Nokre endringar skjer brått og valdsamt. Vi får dei alle med oss og må stable om tankesettet. Andre skjer sakte, nesten umerkeleg. Energiomlegginga, ofte kalla det grøne skiftet, skjer så gradvis at det kan vere lett å gå glipp av.

Dei siste åra er den blitt hemma av høgare rentar, kostnadar og geopolitisk uro. Men endringa går ikkje sakte, tvert om. I skuggen av Trump, Ukraina og Gaza kjem ho med stor kraft, i aukande tempo. For meg er det fascinerande å lese oppdateringar på sosiale medium og kommentarar fra folk som trur det grøne skiftet er avlyst.

For det motsette skjer. Eit besøk til Brussel, Kina eller Texas vil vise deg ei verd med massiv vekst i fornybart. Ein kikk på fakta verkar enda sterkare på meg.

La oss sjå på fakta

Fornybar kraftproduksjon veks stadig raskare globalt.

Sjå på den første figuren. Den viser ikkje kor mykje fornybar energi som vert produsert kvart år. Den viser den årlege tilveksten i vind- og solkraft – altså kor mykje som kjem til kvart år – etter den anerkjente substitusjonsmetoden, som tar høgde for at fornybar energi har langt større virkningsgrad enn fossil.

Veksten sidan år 2000 er meir eksponentiell enn lineær. Eksponentiell vekst inneber at den absolutte auken i kraftproduksjon blir høgare år for år, at auken skyt fart. I sju av dei siste ti åra er det blitt sett nye rekord – ikkje berre i kraftproduksjon frå vind- og solkraft, men òg i auken i kraftproduksjon frå desse kjelda.

Gjennomsnittet for veksten i sol- og vindkraft er dei siste ti åra vore nesten 17 prosent i året. Det er få eller ingen bransjar som veks like raskt.

Det var ny kraftproduksjon, la oss sjå på investeringstala i den andre figuren.

I 2024 vart det sett verdsrekord for investeringar i fornybar kraftproduksjon. Investeringsvolumet har dobla seg sidan 2015. Samla globale investeringar i fornybart i fjor var om lag dobbelt så høgt som samla investeringar i fossilt.

Investeringstala er viktige fordi det ofte tek eitt til fire år frå investeringane vert gjort til krafta faktisk vert produsert. Desse tala tyder difor på at fornybar kraftproduksjon vil halde fram med høg vekstrate i åra som kjem.

I tillegg fell kostnadane for fornybar energi stadig, særleg solkraft. Det skapar fleire kilowattimer pr. krone investert, noko som ikkje vert fanga opp i investeringsstatistikkane.

Eit nærare blikk på viktige regionar stadfestar biletet. I verda rundt oss fell bruken av fossil energi. Dette skjer særleg i Europa, men òg i Nord-Amerika, Japan og Australia.

Til og med i Brasil er bruken av fossile brensel gått ned dei siste ti åra. Globalt fekk vi eit vendepunkt første halvår i 2025, illustrert i figur 3: Veksten i sol- og vindkraft var for første gong større enn veksten i globalt kraftforbruk. Det er nett det som skal til for at utsleppa går ned.

I Europa gjer ønsket om å bli uavhengig av russisk gass at tryggingspolitikk driv utbygginga av fornybar energi opp.

EU har ikkje olje og gass å snakke om, vegen til energitryggleik er fornybar. Difor set kontinentet seg tøffe mål for meir kraft, meir nett og raskare utbygging.

Heller ikkje den amerikanske presidenten Donald Trump kan stoppe det grøne skiftet. 90 prosent av all ny energiproduksjon i USA i første halvår 2025 er solkraft og vindkraft.

Og viktigast, Kina kan vere i ferd med å bikke utsleppstoppen. Landet har lenge vore ein hovudgrunn til auka bruk av fossil energi i verda. No går utsleppa i verdas største forureinar ned.

Kina sine CO₂-utslepp vart redusert med 1 prosent i fyrste halvår 2025, dei har no gått ned sidan mars 2024. Dei har gått ned tidlegare òg, men då skuldast det ein reduksjon i straumforbruket. Denne gongen er årsaka at produksjonen av fornybar energi veks meir enn det samla forbruket.

Kva gjer Noreg?

I sommar har det vore debatt i Noreg om vi faktisk står overfor ein såkalla «energitransisjon». Altså ei overgang til noko anna. Eller om vi berre ser meir av alt – utan omstilling. Ein «addisjon».

Eg meiner tala gjev eit klart svar. Vi står midt i ei aksellererande global omstilling – ein av dei raskaste i moderne økonomisk historie. Det skjer fordi fornybart stort sett er billegare enn fossilt, dei fleste stader i verda. Veksten er no sterkare enn veksten i forbruket, det er det som må til for at utsleppa skal gå ned.

Vi står midt i ei aksellererande global omstilling – ein av dei raskaste i moderne økonomisk historie

Mange undervurderer veksten fordi den heile tida slår sine eigen rekordar. Men og fordi maskinar drivne på fornybar energi har større verkningsgrad – dei er meir effektive enn dei som er drive på fossil energi.

Elektrifisering er også effektivisering. Til dømes har ein elbilmotor ei verkningsgrad på opp mot 90 prosent, medan ein fossil motor ligg rundt 35 prosent. Du treng med andre ord langt mindre fornybar energi for å gjere det same som du gjorde med fossil.

Men det er samstundes rett at i Noreg går denne energiomstillinga saktare. Enno er halvparten av den norske energibruken fossil. Dei ferske tala frå NVE i sommar viste at utbygginga av ny fornybar energi i Noreg har stoppa opp, medan det akselererer globalt.

Eit av spørsmåla det nye Stortinget difor må ta stilling til, er dette: Korleis bør Noreg møte ei energiomstilling som akselererer og har fullt trykk i verda rundt oss?

Read Entire Article