Onsdag har fleire personar fått opp ukjente personar i det dei loggar inn på Skatteetaten sine nettsider.
Skatteetaten stadfestar at dei undersøker problema og jobbar med å rette feilen.
– Kan bli utnytta av feil folk
Linn Løvlie Slette var blant dei som fekk seg ei overrasking i det ho logga seg inn på Skatteetaten.
– Eg skulle sjekke min eigen skatt, men når eg loggar inn så får eg opp at eg kan representere 14 personar, seier ho.
Slette er ikkje verje for nokon, og har heller ikkje fått fullmakt til å representere nokon.
– Då tenkte eg at dette er jo litt skummelt.
Onsdag fekk fleire seg ei overrasking i det dei logga seg inn på Skatteetaten sine nettsider.
Foto: Javad Parsa / NTBSlette torde ikkje å trykke seg inn på namna ho fekk opp.
– Dersom eg kan sjå nokon informasjon er det kjempegraverande. Det kan bli utnytta av feil folk.
Etter å ha oppdaga feilen kontakta ho Skatteetaten direkte.
– Eg håpar at dei undersøker det, og at det ikkje skjer igjen, seier ho.
Seinast 30. mars skal alle ha fått skattemeldinga si. Onsdag har Skatteetaten problem på sine nettsider.
Foto: Javad Parsa / NTBJobbar med å rette feilen
– Vi har hatt det som framstår som ein visningsfeil på våre nettsider. Dette medfører at enkelte som har logga inn har fått opp ei liste over namn.
Det skriv pressesjef i Skatteetaten Christer Gilje i ei tekstmelding til NRK.
– Etter det vi kjenner til, har ingen andre fått sett andre sine personopplysingar, eller skatteforhold, legg Gilje til.
Det er ikkje kjent kor mange som er råka av feilen.
Publisert 11.03.2026, kl. 16.03 Oppdatert 11.03.2026, kl. 16.57














English (US)