Mannen i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for å ha valdtatt den unge jente på toalettet på ferjekaia natt til torsdag.
Dei to skal ha sitte på i samme bil. Før dei skulle ta ferja over sunnmørsfjorden, skal jenta ha gått på do, medan mannen følgde etter:
«Da fornærmede gikk inn på toalettet kom siktede ifølge vitnet bak henne og ble med inn på doen før hun rakk å lukke igjen døren», heiter det i rettsavgjerda frå Møre og Romsdal tingrett.
No er mannen frå Vestland sikta for brot på Straffelova §299 a og c, som omhandlar valdtekt av barn under 14 år.
Politiet seier det er ei alvorleg sak.
– Vi vurderer den som svært alvorleg. Det å ha seksuell omgang med barn under 14 år å rekne for valdtekt, og gir normalt ei straff på fire år, seier politiadvokat Kirsti Hammerø.
Ho legg til at påtalemakta meiner det er fare for at mannen kan gjere liknande ting på nytt.
Det skal ikkje vere noko familiær relasjon mellom dei to, og politiet arbeider no for å kartlegge korleis dei har kome i kontakt med kvarandre.
Politiadvokat Kirsti Hammerø.
Foto: PolitietSkal ha vedgått å vore med inn på do
Mannen har vedgått å ha vore med inn på doen på ferjekaia, men hevdar det ikkje skjedde noko seksuelt der. Han skal også ha sagt at han blei med for å hjelpe henne.
Retten festar ikkje lit til det, og viser mellom anna til at ei venninne skal ha forklart til politiet at mannen var full og pågåande då dei sat ute i bilen.
Då jenta kom ut frå toalettet, skal ho har fortalt venninna si at mannen hadde forgripe seg mot henne.
Politistasjonen i Molde.
Foto: Remi SagenTidlegare sikta for 13 seksuallovbrot
Mannen er frå før sikta for totalt 13 seksuallovbrot i løpet av eit halvt år, fleire av dei mot barn under 14 år. Desse skal han ha kome i kontakt med via Snapchat:
«Sammenholdt med siktedes historikk med seksuallovbrudd, hvorav flere av tilfellene han er siktet for i siktelsen av 9. januar 2025 gjelder seksuallovbrudd som involverer barn under 14 år og barn mellom 14 og 16 år, finner retten at det foreligger skjellig grunn til mistanke mot siktede i henhold til siktelsen av 4. juni 2025».
Statsadvokatane både i Møre og Romsdal og Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter har opplyst til påtalemakta at det truleg vil bli reist sak om overføring til tvunge psykisk helsevern.
Retten konkluderer med at det er stor fare for at bevis går tapt om han blir sett fri no. Avgjerda blei først anka, men blei fredag ettermiddag forkasta av Frostating lagmannsrett, opplyser politiet.
Jenta sin bistandsadvokat ønskjer ikkje å kommentere saka.
Publisert 06.06.2025, kl. 15.08 Oppdatert 06.06.2025, kl. 17.41