Det stormar rundt ambulansestasjonen ved Helgelandssjukehuset i Mosjøen. Etter at akutt- og døgnfunksjonane blei fjerna ved sjukehuset, fekk kommunen fleire ambulansar og tilsette for å styrke beredskapen.
Men det var ikkje plass til dei nye ambulansane eller dei ekstra tilsette i den eksisterande ambulansestasjonen. Då tok sjukehuset i bruk eit bustadhus for å ha plass til dei tilsette som ei mellombels løysing.
Ambulansearbeidarane seier dei blir utslitne av å jobbe så tett. Det er minst ni som jobbar i det blå huset samstundes. Ofte er dei fleire.
Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRKDet har dei ikkje lov til, meiner Vefsn kommune.
Kommunen vurderer bruken som ulovleg, seier einingsleiar for plan og utvikling, Oddrun Bårdgård.
– Eigedommen er regulert til bustadføremål, men er tatt i bruk som ambulansestasjon utan nødvendige søknader og løyve etter plan- og bygningslova.
Helgelandssykehuset HF
La ned akutten
Det heile starta med at det regionale helseføretaket Helse Nord bestemte at det ikkje skulle vere tre sjukehus med akuttfunksjon på Helgeland.
Trass mykje diskusjonar, demonstrasjonar og fakkeltog, blei det bestemt at Mosjøen sjukehus skulle miste akuttfunksjonen, mens sjukehusa i Sandnessjøen og Mo i Rana fekk behalde den.
Morten Eriksen / NRK
90 cm stoppa byggeplaner
For å bøte på situasjonen blei Mosjøen lova ny ambulansestasjon, samt fleire ambulansar og ambulansearbeidarar.
Dei to sistnemnde har dei fått, men ikkje ny stasjon. Grunnen til dette er 90 centimeter på ein parkeringsplass.
Morten Eriksen
Over regulert byggegrense
Planen var å bygge ein ny ambulansegarasje, som skulle koplast på det eksisterande sjukehusbygget i Mosjøen. Den nye delen skulle innehalde fire garasjeplassar, vaskehall, garderobar til dei tilsette, lager og andre biareal.
Men for å få dette til, kjem rundt 1 meter over regulert byggegrense. Helgelandssjukehuset har derfor søkt kommunen om dispensasjon for dette.
Den har Vefsn kommune avslått.
Helgelandssykehuset.
Anka avslaget
Helgelandssjukehuset anka avslaget, og har fått medhald av Statsforvaltaren.
No må kommunen behandle saka på nytt.
Ordføraren i Vefsn kommune, Rune Krutå (Ap), har tidlegare sagt til NRK at han ikkje vil kommentere på om garasjen vil bli godkjent i den nye vurderinga.
Frank Nygård / NRK
Ordførar meiner stasjonen burde ha vore klar
Ordfører Krutå meiner alt burde ha vore klart før akutt- og døgnfunksjonane ved sjukehuset blei fjerna.
– Når ein legg nokre føresetnader, som auka ambulansekapasitet, før du fjernar akuttilbodet, må ein kunne vente at ting tar tid.
Arbeidstilsynet avslo søknad
NRK har tidlegare omtalt det dei tilsette beskriv som elendige arbeidsforhold i bustaden.
28 personar må dele på eitt toalett, og dei tilsette meiner det er dårlege garderobefasilitetar.
Det er ikkje plass til alle ambulansane i garasjen. Difor har dei blitt ståande ute i kulda i fleire minusgrader, og medisinar verd titusenvis av kroner blei øydelagde.
Også Arbeidstilsynet er kritisk – og har avslått ein samtykkesøknad om å bruke bustadhuset som arbeidsplass.
Arbeidstilsynet har avslått søknaden om å bruke huset som midlertidig stasjon mellom anna fordi det berre er eit toalett, og vanskeleg å skilje mellom rein og skitten sone.
Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK– Vi har avslått søknaden om samtykke fordi grunnleggjande informasjon manglar, og fordi det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at krava til arbeidsbygg er oppfylte i planane. Vi har etterspurt opplysningar fleire gonger.
Arbeidstilsynet understrekar at dei ikkje har vore fysisk i bustaden og ført tilsyn der dei meiner det er overvegande sannsynleg at bruken er ulovleg.
Men dei har inga styresmakt til å vurdere om bruken av eit bygg er lovleg. Det er det berre kommunane som har.
Helgelandssjukehuset jobbar med å rydde opp
Drift- og eigedomsdirektør i Helgelandssjukehuset, Bjørn Bech-Hanssen, skriv i ein e-post til NRK at bustadhuset er ein av personalbustadene til sjukehuset.
– Vi har vurdert bruken som innanfor eksisterande løyve. Når kommunen no meiner at bruken krev bruksendring, held vi oss til dette og har sendt inn søknad. Arbeidet med dokumentasjon og avklaringar går føre seg.
Bech-Hanssen seier bustaden er pussa opp for å gje eit akseptabelt miljø i ein mellombels periode.
– Dersom det skulle bli avdekka arbeidsmiljøforhold som ikkje er tilfredsstillande for bruk som opphaldsrom og overnatting, vil dette bli retta opp straks.
Etter at det blei bestemt at akutt- og døgnfunksjonane ved Helgelandssykehuset i Mosjøen sjukehus skulle leggast ned, fekk Vefsn kommune ekstra ambulansar og fleire tilsette som eit plaster på såret.
Det var nemleg berre sjukehusa i Sandnessjøen og Mo i Rana fekk behalde akuttfunksjonen.
I Mosjøen blei det nemleg ikkje plass til alle tilsette på den gamle stasjonen, då talet på biler og folk i ambulansetenesta blei auka.
Etter fem månader i huset er ambulansearbeidarane i Mosjøen fortvila.
Fleire tilsette melder at dei blir utslitne av å jobbe så tett oppå kvarandre.
– For ein kort periode var vi einige om at dette kunne vere ei midlertidig løysing. No har det gått fleire månader og vi står bom fast.
Det seier Nils Petter Sandmo, hovudtillitsvalt i Fagforbundet ved ambulansetenesta i Mosjøen
– Det som held i hop ambulansetenesta i Mosjøen no er det kollegiale. Folk står saman og bretter opp erma, seier Nils Petter Sandmo, hovudtillitsvald i Fagforbundet ved ambulansetenesta i Mosjøen.
Foto: Frank Nygård / NRKHan meiner dei heller ikkje fekk eit val. Dei såg at dei ikkje fekk utsett nedlegginga av sjukehuset i Mosjøen fram til ambulansetenesta var rusta opp.



Om morgonen er dei 20 personar på dette lisje pauserommet.
Frank NygårdHygiene og smittevern er ifølge den hovudtillitsvalde særleg ei utfordring.
– Vi ikkje klarer å oppretthalde rein og urein sone. Konsekvensane av dette er auka smittetrykk på tilsette og større fare for å dra smitte frå ambulanse til andre pasientar.
Hovudtillitsvalt fortel at dei slit med å rekruttere tilsette og at mange ønsker seg vekk.
Difor har Sandmo og dei andre tilsette sendt inn ei bekymringsmelding til Helgelandssjukehuset og styret i Helse Nord.
Den eksisterande ambulansestasjonen i sjukehuset er framleis base for beredskap, utrykking og anna aktivitet knytt til tenesta, ifølge administrerande direktør for Helgelandssjukehuset.
Foto: Morten EriksenKlinikksjefen for prehospital klinikk ved Helgelandssjukehuset, Jørgen Nilsen, har tidlegare innrømma for NRK at dagens fasilitetar ikkje er eigna.



Ambulansegarasjen er for liten, noko som gjer at ein av bilane må stå ute.
Frank NygårdAmbulansearbeidarane har òg fått merke fleire konsekvensar av ny sjukehus- og ambulansestruktur.
– Lengda på kvart oppdrag har gått opp. Det legg større krav til korleis vi handterer pasientane i ambulansen, seier Sandmo.
Helgelandssjukehuset: Lover ny stasjon i 2027
Lena Nielsen, administrerande direktør for Helgelandssjukehuset, snakkar med NRK etter å ha fått kritikk for berre å svare på forhalda i ein kronikk sjukehuset sende til mediehusa.
Ho fortel NRK at dei no har installert temperaturmålar i ambulansane for at ikkje fleire medisinar skal fryse.
Administrerande direktør, Lena Nielsen saman med medisinsk direktør ved Helgelandssjukehuset. – Vi skulle ønske at vi var i gang med garasjeanlegget som skulle stå på utsida allereie no, seier Nielsen.
Foto: Helgelandssykehuset– Det skjer feil i helsetenesta. Det kan skje inhospitalt og prehospitalt.
– Kva er tidsplanen for å sørge for at ambulansearbeidarane har arbeidsforhold som følger krava til Arbeidstilsynet?
– Vi tenker å vere klare med ny ambulansestasjon sommaren 2027, seier Nilsen og legg til at deira opphavlege plan var å bygge i april 2027.
– Det er ei misforståing at bustaden er i bruk som fullverdig ambulansestasjon, seier ho til NRK.
Ordføraren i Vefsn meiner befolkninga er ført bak lyset med å gjennomføre kutt utan å levere tiltaka som var lova før akuttberedskapen skulle bli fjerna.
Men det meiner Nielsen dei ikkje har grunnlag for og viser til at gjennomføringsplanen blei vedtatt på sjukehuset allereie i april i fjor.
– Der står det heilt klart at vi gikk for midlertidige lokale for ambulansestasjon. Eg kjenner meg ikkje igjen i at ny ambulansestasjon skulle vere klar før vi sat i gang.
Publisert 16.02.2026, kl. 21.08 Oppdatert 16.02.2026, kl. 21.11













English (US)