Sjokk-exit: Frå topp til botn på ei veke

10 hours ago 4



Fredrikke Reithaug Blekastad (21) frå Oslo har imponert dommarane med spennande smakar og lekre kaker.

Såpass at ho fekk det høgthengande meisterforkleet allereie i veke to:

Det gule symbolet på at ho var best.

Fredrikke Reithaug Blekastad får det gule meisterforkleet av dommar Marthe Kilen.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Då blei eg glad og stolt, eg hadde fått bevist at eg er skikkeleg god på ein god dag, seier Fredrikke.

Så korleis kunne ho ryke ut av Bakemesterskapet rett etter?

Skjebneveka

Kvar veke må éin deltakar forlate TV-serien, mens ein annan får meisterforkleet.

Men veka med meisterforkleet starta tungt for Fredrikke.

For blåbærpaien var beisk og fall ikkje i smak hos dommarane.

Dommarane rynkar litt på nasen av det mystiske krydderet Fredrikke har i sin «paisommer».

Trass ros for teknikken, så fekk den unge bakaren ris for fyllet.

Målet mitt var å vise dommarane at eg er god på teknikk, for det pirka dei mykje på. Men då fekk eg dårleg tid, så resten blei berre kasta saman.

Fredrikke Reithaug Blekastad i gult meisterforkle, saman med andre bakarar.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Ho beheldt likevel trua, for den andre utfordringa var sprøyteteknikk og kakepynting.

Ein av Fredrikke sine styrkar.

Eg trudde eg skulle meistre endå ei teknisk oppgåve, men kremen blei rett og slett ikkje stiv nok.

Fredrikke Reithaug Blekastad pyntar kake med sprøyteteknikk.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Fredrikke hadde problem med å sette ord på kor ille ho synest resultatet blei. Og dommarane var visst einige.

Spikaren i kista

I kveldens episode skulle det heile avgjerast. Med gjær.

Eg stod opp med ei dårleg magekjensle. Gjærbakst er ikkje min styrke, men eg håpa kreativiteten min kunne redde meg, seier Fredrikke.

Focaccia etter bilde av Gustav Klimts "Kysset"

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Ein vakker focaccia og ei søt flette skulle bakast på få timar.

Men Fredrikke – som dei fleste andre – brukte for lite salt i focacciaen.

Dommarane vurderer gjærbaksten til Fredrikke Reithaug Blekastad.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Det låg ei forbanning over teltet ... Som pappa seier: Manglar du salt, så manglar du alt, seier Fredrikke.

Det gjekk ikkje betre med den søte fletta hennar, som dommarane meinte var svidd.

Tung avskjed

Namnet hennar blei ropt opp. Fredrikke kom på sisteplass og måtte reise heim.

Iført meisterforkleet.

Fredrikke Reithaug Blekastad får klem av deltakarar i Bakemesterskapet.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Eg blei dritlei meg. Det var ikkje skam, eg er ikkje flau, alle kan ha ein dårleg dag. Men eg blei skuffa over at eg ikkje fekk vist alle dei kule bakverka eg hadde planlagt.

Tårene trilla både hos henne og konkurrentane. Nokre var også forferda.

Rett poengsystem?

– Du kan gjere det bra ei veke, og så kan det gå heilt ræva neste veke, og så er det på ræva og hovudet ut, seier medkonkurrent Martin Søraa.

Profilbilde av Martin Søraa i Bakemesterskapet

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Han synest det hadde vore mykje gøyare om alle var med til siste episode, og fekk vist kva dei kan.

Fredrikke sjølv er inne på same tanken.

Likevel: Dette er ikkje NM i baking, så det er jo rettferdig at alle startar med blanke ark kvar dag, seier Fredrikke.

Fredrikke Reithaug Blekastad saman med dei andre deltakarane i baketeltet.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Prosjektleiaren for Bakemesterskapet, Lise-May Spissøy i NRK, seier dei lagar TV som skal vere spennande frå første til siste oppgåve.

– Dommarane har eit grundig poengsystem som kan gje uventa, men rettferdige utslag som dyktige Fredrikkes exit, seier Spissøy.

Minne for livet

Trass ei brå avslutning og ein tøff start på Bakemesterskapet, er Fredrikke Reithaug Blekastad er glad for at ho melde seg på.

– Det såg ut som eg hadde vore i slåstkamp.

Eg er så takknemleg for alle folka eg møtte, dei gøye kakene og alt vi opplevde. Dette er absolutt noko av det morosamaste eg har vore med på i heile mitt liv.

Følg dei andre deltakarane i Bakemesterskapet på NRK TV.

  • Neste veke er det langpanne 2.0 som står for tur:

Hva er Ulrikkes favorittbakverk? 00:34

Publisert 21.03.2025, kl. 22.08

Read Entire Article