«Affeksjonsverdi» blei denne veka nominert til ni gongar i åtte kategoriar i den mest prestisjetunge filmprisen i verda. Om han vinn finn vi ut under Oscar-utdelinga som går av stabelen natt til den 16. mars.
I den prestisjetunge kategorien Beste film er den norske filmen nominert saman med ni av dei største filmane frå det siste året.
Dei fleste av desse filmane kan du sjå enten heime eller på kino.
Her er oversikta over kva filmar du kan sjå kvar akkurat no. Rekkjefølgja er tilfeldig.
«Marty Supreme»: Ein irriterande god film
– Samtidig som «Marty Supreme» er ein karakterstudie, er filmen også ein studie av den amerikanske draumen etter den andre verdskrigen – og for så vidt også av samtida: Når det viktigaste er å bli rekna som «stor», når du reknar det som skjebnen din å lykkast, er det lett å oversjå øydeleggingane du lèt etter seg i kjølvatnet, skriv filmkritikar Ingvill Dybfest Dahl i meldinga si.
Filmen kan du sjå på norske kinoar.
«Bugonia»: Saftig satire med burlesk brutalitet
– Historia som går føre seg, har samtidig nokre openberre – og urovekkjande – referansar til vår eiga samtid, skriv filmmeldar Birger Vestmo i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på blant anna Prime Video, SF Anytime og Viaplay.
«Sinners»: Svingar av stilig vampyraction
– Filmskapar Ryan Coogler serverer eit festleg og fengande drygt stykke horroraction i «Sinners». Her er det assosiasjonar til kule 90-talsfilmar. Det blir leika sjølvsikkert med sjangergrepa. Filmmusikken tar nokre fantastiske risikoar, og det er eit glimt i auget som løftar referansar og stereotypiar til ein underhaldningsfilm det svingar av, skriv filmkritikar Sigurd Vik i meldinga si.
Filmen har sett rekord som den mest nominerte i Oscar-historia med heile 16 nominasjonar. Han er tilgjengeleg via strøyming på blant anna HBO Max, Apple TV, Viaplay og TV 2 Play.
«F1»: Fartsfylt publikumsfrieri
– Denne filmen trykker på dei rette Hollywood-knappane og blandar eit høgoktan idrettsdrama med spektakulær bilaction og ein hovudrolle med mykje heilamerikansk western-helt i seg, skriv filmkritikar Sigurd Vik i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på blant anna Apple TV, Viaplay, TV 2 Play og SF Anytime.
«Affeksjonsverdi»: Treffer hardast i dei stille stundene
– Den norske kandidaten er eit varmt, vakkert og vittig portrett av to vaksne døtrer og den fråverande faren deira. Den har dei same utforskande ambisjonane som Triers tidlegare filmar, om enn av ein litt meir forsiktig art, når han skildrar kommunikasjonsproblema til figurane og den utfordrande familiehistoria som kanskje har forårsaka dei, skriv filmkritikar Birger Vestmo i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på blant anna TV 2 Play, Viaplay, Vega Hjemmekino, SF Anytime og Prime Video.
«One Battle After Another»: Ekstremt god og provokativ underhaldning
– Paul Thomas Anderson sin nyaste film er reint gull for den som grev etter utsøkte filmopplevingar som utnyttar dei visuelle og forteljartekniske fortrinna til mediet til fulle, skriv filmkritikar Birger Vestmo i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på blant anna HBO Max, Apple TV, TV 2 Play, SF Anytime og Viaplay.
«Frankenstein»: Gotisk godtebutikk
– Å sjå «Frankenstein» er ei oppdagingsreise i både skapar-referansar og menneskenaturen. Filmen kan også lett lesast som ei åtvaring om kva som kan skje om menneske besett av eiga makt turar på utan tanke på konsekvensane, skriv filmkritikar Ingvill Dybfest Dahl i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på Netflix.
«Train Dreams»: Ein av årets vakraste filmar
– Denne Netflix-filmen skildrar livshistoria til tømmerhoggaren Robert Grainier, med hovudvekt på det vaksne tilværet hans som familiefar i skogen i Idaho tidleg på 1900-talet, skreiv Birger Vestmo i oppsummeringa si av filmåret 2025.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming på Netflix.
Kjem på kino snart
Dei to siste nominerte filmane i kategorien Beste film er ikkje tilgjengeleg for norsk publikum enno.
«Hamnet» av Chloé Zhao dramatiserer familielivet til den kjente diktaren William Shakespeare og «The Secret Agent» av Kleber dei Mendonça Vasconcellos Filho fortel historia om dei politiske omveltingane i Brasil på slutten av 70-talet.
Begge har begge norsk kinopremiere den 27. februar.
«Den stygge stesøsteren»: Nominert til pris for beste sminke og hårstyling
– «Den stygge stesøsteren» er inspirert av «Askepott», men har ekstreme verkemiddel som du ikkje ville ha funne hos Disney, skriv filmkritikar Birger Vestmo i meldinga si.
Filmen er tilgjengeleg via strøyming hos Filmoteket, Vega Hjemmekino, TV 2 Play, SF Anytime, Viaplay og Apple TV.
Sjølve Oscar-utdelinga finn stad natt til 16. mars norsk tid.
I mellomtida, god film!
Publisert 23.01.2026, kl. 13.09







English (US)