Sidemål bind oss saman som nasjon

2 hours ago 2



KRONIKKFORFATTAR: PEDER LOFNES HAUGE

leiar i Noregs Mållag

Noreg er rock’n’roll, fiskeboll, kjøtkaker og sidemål. At alle norske elevar lærer både nynorsk og bokmål, er ei av tuftene landet vårt er bygd på. Ikkje rør sidemålsordninga, Høgre og Frp!

Nynorsk er vår viktigaste kulturarv og styresmaktene sitt ansvar. Dette ansvaret vil ikkje Høgre og Frp ta. Høgre går til val på å fjerne karakter og eksamen i sidemål, medan Frp går endå lenger.

For fyrste gong krev Frp utdanningsministeren og gjer seg klar til å skrote sidemålsopplæringa for elevane.

Sidemål i skulen byggjer respekt og forståing, og likestilling mellom nynorsk og bokmål. Eit tospråkleg Noreg treng tospråkleg opplæring. Lat meg forklare kvifor:

Vi har to norske skriftspråk. Ei kjerneoppgåve i skulen er å gje alle elevar tilgang til heile det norske språket, uansett om ein veks opp mellom bakkar og berg eller ut med havet.

Dette gjev oss eit felles språkleg utgangspunkt.

Når alle får lære både nynorsk og bokmål, får vi fridom til å velje kva skriftspråk vi vil skrive i framtida — for ikkje å snakke om fridom til å bruke begge, og veksle mellom dei.

Det handlar ikkje om å tvinge alle til å skrive begge, men om å gi kvar og ein ekte valfridom.

 Helge Mikalsen / VGVIL SKROTE SIDEMÅLET: Frp, her på landsmøtet i helgen. Foto: Helge Mikalsen / VG

Eit moderne Noreg må ha plass til dei som vil bruke nynorsk. Å skrote sidemålsordninga vil gjere samfunnet vårt mindre inkluderande.

Språkarven vår er ein stor rikdom, og denne har alle ansvar for å ta vare på. Det gjer vi når vi brukar nynorsk i alle samanhengar, og ser at andre gjer det same.

Obligatorisk opplæring i begge språka gjer nynorsken synleg og tilgjengeleg. Dette er med på å styrkje nynorsk sin posisjon som eit samfunnsberande språk og sikrar at mindretalet ikkje blir pressa ut av det offentlege rommet.

Som eit mindre brukt språk treng nynorsk ei eiga styrking som bokmål ikkje treng. Språklova gjev staten dette ansvaret. Det rimar ikkje med å kutte nynorskopplæring frå skulen.

Vi må heller favorisere nynorsk heilt til det er like lett å vere nynorskbrukar som det er å vere bokmålsbrukar.

Om ikkje alle får møte nynorsk på skulen, vil nynorsken forsvinne frå kvardagen til folk. Det er ikkje berre ein hypotese — det er realiteten i store delar av landet.

Er nynorsken viktig for norsk kultur? aJa, absoluttbNei, ikke så viktig cDet er jeg jammen usikker på

Å lære to språk er ikkje sløsing med tid, det er investering i språkforståing. Elevane får større ordforråd, betre grammatisk oversikt og meir presis språkføring.

Det finst massevis av forsking som viser at det å lære fleire språk samstundes styrkjer den generelle språkkompetansen til elevane.

Å kunne skrive godt er ettertrakta i stadig fleire delar av arbeidslivet. Vi må forstå kvarandre og kunne bruke kvarandre sitt språk.

Den nynorske kulturhistoria er sentral norsk ålmennkunnskap kvar enn du går i li og fjell.

Ein samla norskkarakter høyrest betre ut enn det er. For når sidemål ikkje tel som eigen karakter, blir det nedprioritert — både av lærarar og elevar.

Eigen karakter betyr at faget vert teke på alvor, at læraren må planleggje god undervisning, at elevane får tilbakemelding på det dei faktisk lærer og at skulen ikkje kan kutte det vekk.

Når du får karakter i noko, forstår du at det er viktig.

Vi veit at mange elevar og lærarar strevar med sidemålsopplæringa.

Det er ikkje nødvendigvis fordi nynorsk er vanskeleg, men fordi opplæringa startar for seint, undervisninga er lite motiverande og mange lærarar sjølve er usikre i språket.

Løysinga kan ikkje vere at elevane ikkje lenger skal få lære både nynorsk og bokmål. Tvert om.

Vi treng tidlegare start med sidemål, meir nynorsk i alle fag, og tryggare lærarar som kan drive systematisk, god og engasjerande opplæring i og på nynorsk.

Sidemål = nynorsk … og bokmål, men sidemålsordninga er viktigast for nynorsken.

Det gjev tryggleik for nynorskbrukarane å vite at alle har fått opplæring i nynorsk, slik at dei kan bruke språket fritt i heile landet.

Ei svekking av sidemålsordninga er difor ei svekking av nynorsk.

Vi treng politikarar, lærarar, foreldre og elevar som vågar å stå opp for at to skriftspråk er ein styrke og ikkje eit problem!

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article