Sentralt norsk vitne fekk svensk tolk i britisk rett

1 week ago 17



19-åring tiltalt for drapsplanar:

LONDON (TV 2): Det blei surr og frustrasjon for den unge kvinna då ho vitna i formelle og prestisjetunge «Old Bailey».

 Jon Bolstad / TV 2
FORMELL: Central Criminal Court, eller «Old Bailey», i London. Denne retten husar dei aller mest alvorlege sakene. Og det er her ein 19-åring frå Stavanger står tiltalt for drapsforbund i England. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Publisert 08.06.2026 17:30

Saken oppsummert

  • Et sentralt norsk vitne fikk svensk tolk i en britisk rettssak om drapsforbund.
  • Det skapte forvirring og tydelig frustrasjon under forklaringen i retten.
  • Politiet varslet påtalemyndigheten om at tolken ikke var norsk.
  • Påtalemyndigheten mener likevel at vitnemålet ikke ble svekket.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI

Den 18 år gamle kvinna frå Stavanger gjekk inn i den store rettssalen og sette seg ned framfor dommaren og juryen i Central Criminal Court (også kalla «Old Bailey») i London.

Til venstre for henne, i den andre enden av salen, sat ekskjærasten hennar. 

Han er den mykje omtalte 19-åringen som står tiltalt for «conspiracy to murder» i England.

Dei to hadde mykje kontakt før og under reisa hans til England, der han til slutt vart arrestert med to våpen på eit hotellrom i Huddersfield.

– Han fortalde meg at han hadde eit oppdrag, at han skulle få betalt og at han skulle skyte nokon, sa kvinna til retten.

 I Lund i Sverige skjøt og drepte en tenåring en mann (30) for «Foxtrot»-nettverket. En norsk 19-åring er tiltalt for å være bare timer unna å gjøre det samme.

Mener den norske tenåringen bare var timer unna å drepe

Svensk

Ho er difor eit sentralt vitne i den svært alvorlege saka. Sjølv om ho forstår og kan uttrykke seg på engelsk, hadde ho bedt om støtte frå tolk.

Dette for å forsikre seg om at ho forstod og blei forstått i den formelle og strikte britiske domstolen.

Men det var ikkje ein norsk tolk ho fekk hjelp av. I staden for dukka det opp ein svensk tolk.

Surr og frustrasjon

Han skulle altså hjelpe henne med å forstå spørsmåla frå aktor og forsvarar, og ikkje minst med å omsette sine svar på korrekt engelsk tilbake.

Men fleire gongar la TV 2 merke til at kvinna og tolken måtte omsette og avklare mellom svensk og norsk til kvarandre.

I utgangspunktet små utfordringar såg ut til å bli ekstra stressande for vitnet. Som til dømes at tolken omsette «drugs» til «drogar». 

Forsvararen til ekskjærasten gjekk til angrep på forklaringa hennar om at 19-åringen hadde sagt at «det ville vera kult å drepa nokon og at dei skulle feire når han kom tilbake».

I den til tider oppheita vitneutspørjinga vart den unge kvinna tydeleg frustrert.

 Frå dette hotellet i Huddersfield sende den norske 19-åringen videoar av våpena han hadde plukka opp etter instruks frå Foxtrot.

Eksen i retten: – Han sa det ville vera kult å drepe

Politiet varsla

18-åringen var i England saman med eit anna vitne frå Norge. Begge reiste saman med representantar frå Sør-Vest politidistrikt.

Også dei var tydeleg misnøgde med situasjonen vitnet blei sett i. Halvvegs inn i vitnemålet gav dei påtalemakta beskjed om at tolken slett ikkje var norsk.

I ei utveksling mellom dommaren og advokatane, sa tolken at han hadde budd ti år i England.

– Etter ein pause, forsikra dommaren seg om at vitnet forstod tolken. Vitnet bekrefta at ho gjorde det, svarar påtalemakta sitt pressekontor på spørsmål frå TV 2. 

– Særleg viktige opplysningar

Den britiske påtalemakta meiner vitnemålet ikkje vart negativt påverka av at tolken viste seg å vera svensk.

– Deler av forklaringa hennar vart gitt gjennom tolken. Men då ho skulle formidle det ho sjølv oppfatta som særleg viktige opplysningar, valde ho i stor grad å forklare seg direkte på engelsk, skriv dei til TV 2.

Dei legg til at dei nyttar akkreditert tolketeneste som er godkjent av domstolen. 

I denne saka bad dei om ein Stolk, uavhengig av nasjonalitet.

Rettssaka mot 19-åringen i Central Criminal Court går no inn i si andre veke. 

Mot slutten av veka kan den tiltalte få moglegheita til å forklare seg i retten, når forsvararen tek over bevisføringa for juryen.

Read Entire Article