Senterpartiet kjempa fram politikontor – no står dei tomme eller stengde

1 day ago 10



Til saman 20 nedlagde politikontor er gjenopna i Noreg sidan 2023. Etter vedtak i den dåverande raudgrøne regjeringa mot politiet sin eigen vilje.

Eitt av kontora som politiet har forsøkt å legge ned ligg på Årdalstangen i Sogn. Offisielt har det heile tida vore politi i bygda. Og ved første augekast ser ut som eit heilt vanleg politikontor.

Politiskilt på veggen og nyoppussa avhøyrsrom. Alt er klart. Men det er mørkt. Stille. Og ingen politi å sjå.

Kontoret i Årdal er ikkje avvikla. Men det er heller nesten aldri politi der.

Både Sp og dagens Ap-regjering held fast ved at det var rett å gjenopne politikontor. Les deira svar lenger nede i saka.

et rom med skrivebord og datamaskin

Politiet ville legge ned i Årdal, men måtte etter politisk press opprette eit avdelingskontor då lensmannskontoret vart lagt ned. Avhøyrsrommet står som resten av dei nyoppussa lokala stort sett ubrukt.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

Slit med bemanninga

I kjølvatnet av Erna Solberg-regjeringa si Politireform i 2016 var Årdal en av plassane som mista lensmannskontoret sitt. Mange stadar blei politistasjonar slått saman.

For Årdal blei løysinga eit nytt felleskontor i Lærdal som dekkjer kommunane Aurland, Lærdal og Årdal.

Etter iherdig kamp frå lokal- og rikspolitikarar vart Årdal kompensert med eit avdelingskontor. Eit kontor som sjeldan er ope.

– Me har ingen faste opningstider her inne, fortel Vegard Andersen, konstituert tenestestadleiar i Lærdal.

Kontoret er berre ope etter avtale. Det er aldri annonsert ope for befolkninga.

– Me prøvde det til å byrja med, men me har ikkje bemanninga til å få det til å gå rundt, seier Trond Akre, politioverbetjent og politikontakt i Årdal.

et par politibetjenter

Vegard Andersen og Trond Akre seier politikontoret i Årdal sjeldan er i bruk.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

Det finst inga oversikt over kor ofte det er politifolk innom kontoret.

– Viss eg skal gjetta, vil eg seia 1–2 gonger i veka, seier Trond Akre.

– Det er ikkje mange, understrekar Vegard Andersen.

Kan vere spikaren i kista for Vaksdal

Gjennom Hurdalsplattforma lova Ap- og Sp-regjeringa å reversere nedlegginga av politikontor. Særleg for Senterpartiet vart dette ei fanesak. Før Sp trakk seg frå regjeringssamarbeidet var 20 kontor reetablerte.

Blant desse kontoret i Dale i Vaksdal. Ordførar og politimeister klipte snora.

No, ni månader etterpå, er politikontoret stengt ut året.

– Vest politidistrikt har ein anstrengt økonomi i 2025, der tildelte midlar ikkje strekker til for å oppretthalda dagens drift, fortel Julie Ekeland, fungerande politisjef for driftseining Hordaland.

For å klare å halde oppe døgnkontinuerleg vakt og beredskap i regionen blir mannskapa mellombels flytta vekk frå kontora i Vaksdal og på Osterøy.

Dette gjer at kontora blir stengde i alle fall ut 2025.

politikvinne

Julie Ekeland seier det har vore utfordrande å bemanna opp politikontoret i Vaksdal.

Foto: Politiet

Har vore ope 25 dagar

– Kontoret i Vaksdal har vore opent om lag 25 gonger sidan opninga, fortel Ekeland.

Sidan oppstart har dei hatt driftskostnadar på om lag 250.000 kroner. I tillegg kjem lønnskostnader.

– Me i politiet er politisk styrt og må forhalda oss til dei føringane me får. Men det er utfordrande å balansera arbeidsoppgåver og ressursar.

Alle faglege vurderingar her var jo nei

Mange var kritiske til gjenopninga av politikontora. Forbundsleiar Unn Alma Skatvold i Politiets Fellesforbund seier Vaksdal er eit døme på politikk over fag.

Også Politidirektoratet rådde frå å bruka tid, pengar og ressursar på gjenopninga.

– Dette er kanskje eit av dei beste døma på når politiske detaljstyringar går for langt, og faktisk også køyrer over dei faglege vurderingane. Her var det viktigare for Senterpartiet å få opna dei kontora, enn det var å lytta til kva politimeistrar og ordførarar meinte var riktig. Alle faglege vurderingar her var jo nei, seier Skatvold.

en dame som leder politiet sitt fellesforbund

Unn Alma Skatvold seier Politiets Fellesforbund har vore svært kritiske til gjenopninga. – Me treng fleire folk, som er ute blant folk.

Foto: Politiets Fellesforbund

– Tydelege signal

Hallvard Holm Brenna, fungerande leiar for styringsavdelinga i Politidirektoratet, seier kvart distrikt har sjølv ansvaret for å disponere sine ressursar på beste måte.

Men:

– Det er tydelege signal om at det fleire stadar er utfordrande no, med krevjande prioriteringar - den tryggleikspolitiske situasjonen og det øvrige kriminalitetsbiletet utfordrar politiet sine ressursar og kapasitet.

Brenna legg til at direktoratet er i dialog med politidistrikta om dette.

Sp forsvarar ressursbruk

Senterpartiet hadde justisministeren, og var pådrivar for at nedlagde kontor måtte opnast.

Stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland (Sp) held fast ved at regjeringa si gjenopning av politikontor var rett prioritering, og at det å ha eit politikontor i nærleiken gjev tryggleik.

– Til og med stengde og tomme politikontor?

– Senterpartiet har ikkje sagt at dei skal vera stengde. Me har sagt at dei skal vera opne. Kva politimeisteren her har gjort, kjenner ikkje eg detaljane til.

Mykjåland seier Senterpartiet sørga for at politistadene fekk ekstra midlar, slik at det ikkje skulle gå ut over andre polititenestekontor.

en dame i grønn dress

Gro-Anita Mykjåland frå Senterpartiet meiner gjenopninga av politikontora var rett prioritering.

Foto: Peter Mydske/Stortinget / NRK

Sp-representanten seier ho opplever at folk har vore glade for å få politiet tilbake i bygdene sine.

– Så de meiner det er rett ressursbruk å ha eit tomt politikontor?

– Senterpartiet meiner at det å bruka ressursar på politi, for å sikra folk sin tryggleik, er heilt korrekt prioritering.

Ap-regjeringa angrar heller ikkje

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Gunn Karin Gjul, meiner at dei gjenoppretta kontora styrkjer polititilbodet og har bidrege til at fleire politifolk er i jobb.

Gunn Karin Gjul med langt hår

​​​​​​​ – Budsjettet til politiet har difor fått ei nominell auke på 5,4 milliardar kroner sidan regjeringa tiltredde i 2021. Det er ei auke på 26 prosent sidan 2021, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Gunn Karin Gjul.

Foto: Stortinget

I Sogn skulle politisjef Vegard Andersen heller sett at han fekk to ekstra tilsette med bilar, enn eit tomt kontor.

– Viss eg fekk velja, så hadde eg gjort det slik. Då er ein i alle fall tilgjengelege og synlege for befolkninga, og eg vil tru at publikum føler ein større tryggleik av at det alltid er nokon der, seier Andersen.

Publisert 11.07.2025, kl. 16.15

Read Entire Article