Det kokte hos bilforhandlarar i heile landet før jul, da mange skulle sikre seg køyretøy før den nye momsen på elbilar tredde i kraft.
Det blei registrert 179.549 nye personbilar i Noreg i fjor, noko som er ny rekord.
Januar blei eit seigt nachspiel for bransjen.
Nedgangen var på 76,7 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Høgare bruktbilsal
– Vi forventar at registreringane vil ta seg opp igjen etter kvart som marknaden blir stabilisert, seier Geir Inge Stokke, direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).
Mens nybilregistreringane hadde ein svak start på året, var det mange som likevel kjøpte bil.
Det blei registrert 40.409 eigarskifte av personbilar i januar, ein auke på nær 5 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Geir Inge Stokke ventar ein ny oppgang.
Foto: Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).Salet av brukte elbilar auka med 22,7 prosent samanlikna med januar i fjor.
– Elektrifiseringa slår nå tydeleg inn også i bruktbilmarknaden. Det gjer elbilen til eit meir tilgjengeleg alternativ for langt fleire kjøparar enn før, seier Stokke.
Tenker med lommeboka
Christina Bu er generalsekretær i Norsk elbilforening er ikkje overraska.
– Dette viser tydeleg korleis brå avgiftsendringar påverkar forbrukarane. Folk tenker med lommeboka når dei kjøper bil, seier Bu.
2025 blei året der Noreg nådde målet om å heilelektrifisere nybilsalet.
– Men det betyr absolutt ikkje at jobben er over. Det er framleis 2 av 3 som køyrer fossilbil. Skal desse få høve til å velje elbil, må vi vere like ambisiøse i 2026, seier Christina Bu.
Christina Bu seier jobben ikkje er gjort.
Foto: Truls Skram Lerø / NRKPustepause
Drammen Havn er det klart største mottakssenteret i landet. Det var hektisk i hamna på slutten av fjoråret, og dei fekk inn over 30.000 bilar berre dei to siste månadene.
Nå er det rolegare ved Drammenselvas utløp.
– Dette er ein normal pustepause for eit hardt prøvd logistikksystem, seier hamnedirektør Arne Fosen.
– Det er kanskje litt behageleg?
– Behageleg skal ein vere varsamt med å få det, men det er bra for alle involverte å få sortert litt og komne i gang igjen. Det er plass til fleire bilar, men nå veit vi også kor stor kapasitet vi kan ha når det krevst.
Arne Fosen fortel om rolegare dagar i hamna.
Foto: Drammen havnMeir lovande februar
Hamnedirektøren venta ein nedgang, men reknar ikkje med at det er ein trend som vil halde fram.
– Vi ser ein januar som låg lågare enn januar 2025, men framleis høgare enn januar 2024. Sånn sett er dette ganske normalt. Og varselet for februar tilseier at når den månaden er over, så er vi framfor fjoråret på det tidspunktet.
– Korleis trur du resten av året blir for dykk?
– Vi trur det blir eit godt bilår. Siste halvår blir sannsynlegvis betre enn første halvår. Når det nærmar seg nyttår og momsreglane skal justerast ein gong til, er det nok mange som nyttar høve til å kjøpe ny bil. Det skal vi vere førebudde på.
– Vi skal klare å ta enda meir enn dei 148.000 vi tok imot i fjor. Det skal ikkje vere nokon bekymringar på det.
Publisert 02.02.2026, kl. 13.05 Oppdatert 02.02.2026, kl. 13.47









English (US)