Ein mann i 20-åra blei søndag skoten og drepen av agentar frå Secret Service.
Det skjedde etter at han skal ha forsøkt å ta seg ulovleg inn i eit sikra område ved Donald Trumps eigedom Mar-a-Lago i Florida, ifølge Reuters.
Mannen å ta seg inn på området då han blei stansa av tryggingspersonell, opplyser Secret Service.
– Slepp bensinkanna og skytevåpenet
I ei fråsegn skriv Secret Service at personen blei observert ved nordporten til eigedomen.
Han bar på det som såg ut til å vere ei hagle og ei bensinkanne.
I ein pressekonferanse sundag morgon lokal tid opplyser sheriffen i Palm Beach at mannen var kvit.
USAs president Donald Trump.
Foto: Aaron Schwartz / Reuters / NTB– Han sette ned bensinkanna og heldt geværet i skyteposisjon, før han deretter blei skoten av ein betjent, seier sheriffen.
– Det einaste vi sa til han var: «Slepp bensinkanna og skytevåpenet.»
Ingen andre blei skadde
Secret Service opplyser at ingen andre blei skadde i hendinga, og at presidenten ikkje var på eigedomen då det skjedde.
Donald Trump oppheld seg i Washington D.C., ifølge Reuters.
FBI assisterer i etterforskinga, saman med Secret Service og lokalt politi.
– Vi vil jobbe på åstaden så lenge det er nødvendig. Vi ber personar som kan ha tips om å ta kontakt med oss, seier spesialagent i FBI, Charge Brett Skiles.
Uttale frå Secret Service om hendinga.
Foto: x/ Secret servicePolitiet i Palm Beach seier at det framleis er mykje etterforsking som står att.
I tråd med etaten sine retningslinjer blir dei involverte Secret Service-agentane sette i rutinemessig administrativ permisjon i påvente av resultatet av etterforskinga, opplyser etaten på X.
Secret Service er den amerikanske tryggingstenesta som har ansvar for å verne presidenten og andre toppleiarar.
Stor eigedom
Donald Trump kjøpte eigedomen i Florida i 1985.
På 1990-talet gjorde han delar av området om til ein privat medlemsklubb med hotellrom, spa og selskapslokale, ifølge eigne nettsider.
Samstundes har familien eigne private bustaddelar på området.
Bilete av Mar-a-lago frå 2023.
Foto: Steve Helber / AP / NTBInteressert i meir utanriks? Lytt til denne podkasten:
Publisert 22.02.2026, kl. 15.01 Oppdatert 22.02.2026, kl. 15.51
















English (US)